Alt er lettare utan Listhaug

Eit problem mindre på Venstres landsmøte.

FRAMSNAKK: Trine Skei Grande skryt av det Venstre får til i regjering. Det er litt tidleg, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Gorm Kallestad, Scanpix

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Venstre-leiar Trine Skei Grande fekk ikkje akkurat den beste oppkøyringa til landsmøtet på Gardermoen. Ei Facebook-melding frå Senterpartiets Ola Borten Moe sørgja for at ein fest i Trøndelag for ti år sidan har dominert medieoppslaga.

Men eitt problem har Grande blitt kvitt: Sylvi Listhaug. Listhaug fekk ei noko subtil helsing i landsmøtetalen frå Grande. Helsinga kom då Grande skrytte av Venstres statssekretærar, og la til: «eg må få lov til å seie at alle tre no har fått seg veldig gode sjefar».

For den som skulle lure: referansen er til Justisdepartementet, der Tor Mikkel Wara (Frp) har tatt over etter Listhaug. Statssekretær Sveinung Rotevatn (V) har heilt sikkert fått eit betre liv.

Som for å illustrere poenget, kom Grande justisministeren i forkjøpet med nyheita om at regjeringa frå 14. mai vil byrje å gje arbeidsløyve til asylsøkjarar på integreringsmottak. «Det har ganske enkelt Venstre fiksa», sa Grande, til stor jubel og applaus frå salen.

Kontrasten til landsmøtet i Ålesund for eit år sidan er stor. Grande innleia møtet med eit intervju i VG, der ho sa ho var villig til å felle Høgre-Frp-regjeringa for å tvinge fram ei Høgre-Venstre-KrF-regjering. Så lite glad var ho, og dei fleste andre i partiet, i Frp.

Ultimatumet var ein tabbe, men avsmaken for Frp var høgst reell (og gjensidig). Det vart ikkje betre då Sylvi Listhaug kom tilbake frå fødselspermisjon i juli, og byrja å servere ei lang rekke innvandringspolitiske provokasjonar.

Det er liten tvil om at Listhaug hadde mykje å seie for at KrF sa nei til å gå inn i regjeringa, og at Venstre vegra seg i det lengste. Grande omtala det å gå i regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp som sitt vanskelegaste val.

Les også

Hans K. Mjelva før landsmøtet i 2017: Venstre melder seg ut

Men no. No er dette, sa Grande, «ei regjering vi kan vere stolte av alle saman». Her er det eit element av å forsvare valet om å gå inn i regjering. Men det er òg ei langt meir positiv stemning på landsmøtet til å sitje i regjering, enn det var for eitt år sidan.

Til dei som framleis er kjølige, serverte Grande politiske gjennomslag, både i regjeringsplattforma og seinare. Om klima, integrering, sosialpolitikk, og skule.

Men utanom regjeringserklæringa var skrytelista stort sett resultat av vedtak gjort før Venstre kom med i regjeringa. Ein god del frå dei fire åra der Venstre var støtteparti for Høgre-Frp-regjeringa.

Det er symptomatisk. Venstre kan eigentleg ikkje klage på gjennomslaget dei hadde dei fire åra dei var støtteparti. Lofoten vart verna, elbilane privilegerte og jarnbane og grøne gründarar fekk milliardar, for å nemne noko.

Det er slett ikkje sikkert at Venstre vil få så mykje meir ut av å vere i regjering, eller at dei vil få større gjennomslag enn KrF no får i Stortinget. I alle fall utanom dei departementa dei har sine eigne statsrådar, altså på miljø, høgare utdanning og kultur.

Vona til Grande og partiet er at dei i regjering òg vil få æra for gjennomslaga. For det var eit av hovudproblema med å stå utanfor: Når det var Høgre og Frps statsrådar som fronta sakene offentleg, som klypte snorer og tok mot blitsregnet frå pressa, var det ingen som fekk med seg det Venstre hadde kjempa fram.

Venstre har berre sete i regjering i knappe fire månader. Tida vil vise kva dei får ut av regjeringssamarbeidet. Det kan fort bli nye trefningar mellom Venstre og Frp. Men sjansen for full krig er mindre no når Listhaug er ute.