Sverigedemokraterna kjem

Høgrepopulistanes vekst kan forandre svensk politikk til det betre.

RADIKAL: – Sverigedemokraterna profilerer seg nesten utelukkande på sin motstand mot innvandring. Jimmie Åkessons parti har ei ekstrem fortid, og ei rekkje av dei som var med på å skipe partiet var medlemmer av nazistiske rørsler, skriv Morten Myksvoll. Foto: TT Nyhetsbyrån

Publisert:

Søndag kan det høgrepopulistiske Sverigedemokraterna (SD) bli nest størst i Riksdagen.

Ingen ønskjer å samarbeide med Jimmie Åkessons parti. Men viss dei to koalisjonane skal unngå det, må dei bryte opp i den sterke blokkpolitikken først.

Svensk politikk er delt i tre. Venstresida har støtte av om lag 40 prosent av veljarane på målingane. Den borgarlege Alliansen er om lag like stor.

SD står heilt på utsida av koalisjonane, men ligg på rundt 20 prosent på målingane. På snittet over augustmålingane er SD større enn Moderaterna (M), og ligg difor an til å bli landets nest største parti etter Socialdemokraterna (S).

Les også

Mot marerittvalg for Stefan Löfven

Sverigedemokraternas oppslutning er ikkje i seg sjølv godt nytt. Tvert imot, for partiet har svært problematiske sider. Men mindre rigide koalisjonar vil vere bra for Sverige. I dag har dei ikkje reelle sentrumsparti, i motsetnad til Noreg.

Sentrum skil seg ut frå blokkpartia ved at dei kan samarbeide i begge retningar. Det gjer at meir radikale parti vert moderert, og dei sikrar at systemet ikkje i praksis vert til eit topartisystem.

Då er det reell fare for at ganske få stemmer vert representert av politikarane.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Ikke se til Sverige

Sverigedemokraterna profilerer seg nesten utelukkande på sin motstand mot innvandring. Det er ikkje utan grunn at dei andre partia skyr dei. SD har ei ekstrem fortid, og ei rekkje av dei som var med på å skipe partiet var medlemmer av nazistiske rørsler. I løpet av valkampen har ei rekkje kandidatar blitt avslørt som tidlegare nazimedlemmer.

I dag står partiet fram som eit nasjonalistisk parti, med ein radikal innvandringspolitikk. Partiet kan samanliknast med til dømes Nasjonal Samling i Frankrike, UKIP i Storbritannia og Dansk Folkeparti. Dei seinare åra har Framstegspartiet byrja å likne meir og meir på SD.

Les også

Morten Myksvoll: (Inter) nasjonalistisk samling

Slår målingane til, vil SD gå fram med over sju prosentpoeng sidan førre val. Det er dei to store partia som taper. Socialdemokraterna og Moderaterna går ifølgje målingane tilbake med tolv prosentpoeng sidan 2014.

Dei svekte koalisjonane betyr at det vert endå vanskelegare å skipe ei regjering. Og førre runde var ikkje akkurat lett.

Kort tid etter riksdagsvalet i 2014 heldt den raudgrøne mindretalsregjeringa på å rakne. SD sa at dei ville stemme for Moderaternas budsjett. Statsminister Stefan Löfven (S) kunne difor ikkje få vedtatt budsjettet sitt, og lyste ut nyval.

Frykta for at SD skulle gjere eit brakval var sterk. Dei kunne skape ein endå vanskelegare parlamentarisk situasjon enn det 2014-valet allereie hadde gjort. Difor samla dei fleste andre partia seg til ein regnbogekoalisjon for å avlyse nyvalet (Desemberavtalen).

Alliansen ville heller la Löfven og dei raudgrøne styre vidare, enn å få vedtatt sitt eige budsjett med støtte frå SD.

TO BLOKKAR: – Slår målingane til, vil SD gå fram med over sju prosentpoeng sidan førre val. Det er dei to store partia som taper. Socialdemokraternas Stefan Löfven (til v.) og Moderaternas Ulf Kristersson går ifølgje målingane tilbake med tolv prosentpoeng sidan 2014, skriv Morten Myksvoll. Foto: Erik Simander, TT NYHETSBYRÅN

Svensk politikk handlar i stor grad om å halde SD unna makta. Desemberavtalen opphøgde SD og Vänsterpartiet til å bli dei einaste reelle opposisjonspartia i Sverige. Det er kanskje ikkje så rart at det er dei som veks.

Desemberavtalen gjeld ikkje lenger. Kven som hamnar i regjering er eit heilt ope spørsmål, og det er ikkje gitt at valresultatet i seg sjølv vil vere nok til å avgjere det.

Les også

Svenske Twitter-brukere blir utsatt for desinformasjon før valget

Dess mindre SD blir, dess lettare blir jobben med å skipe eit styringsdyktig fleirtal på tvers av blokkene.

Difor går det føre seg ein hard kamp om kva som skal vere valkampsakene den siste veka. Blir det innvandring og bilbrannar, vil nok SD gjere eit veldig godt val.

Det er det einaste saksfeltet der SD gjer det betre enn den generelle oppslutninga si. På «lov og orden» vert SD sett på som det beste partiet av 17 prosent av veljarane.

Viss klima vert dominerande i den siste valkampveka, kan det dempe oppslutninga deira litt.

Les også

– Sverigevenner, vi har tenkt å vinne!

Klimadebatten er interessant i Sverige. Ei fersk måling plasserer no klima blant dei fem viktigaste sakene. Det er nytt i Sverige. Andelen som kryssa av for klima har rett nok falle sidan 2014, men klima kjem likevel høgt på dagsordenen fordi svenske veljarar i større grad er opptekne av færre saker.

Berre éin tredjedel av respondentane har svart at klima er blant Sveriges viktigaste saker. Ein skal altså ikkje overdrive denne effekten. Men når klima ser ut til å ta meir plass i den offentlege debatten, kan det skyve innvandringsdebatten til side.

Det gir mindre rom for Sverigedemokraterna til å profilere seg på si eine, store sak.

Les også

«Svenske tilstander» vil prege valgkampen

Innvandring og integrering er høgare på dagsordenen til langt fleire veljarar. Det betyr ikkje i seg sjølv at parti som er restriktive på innvandring får desse stemmene.

27 prosent av veljarane meiner det er Löfven og hans koalisjonspartnarar som er best på innvandring og integrering. 31 prosent meiner det er Sverigedemokraterna.

Ikkje overraskande står den borgarlege Alliansen svakt på innvandringsfeltet. Berre 20 prosent av veljarane meiner at eitt av dei fire partia er best på innvandring.

Det er høgresidas manglande truverd på innvandringsfeltet som har lagt grunnlaget for SDs vekst. Difor er vegen inn til regjeringslokala lengre for Alliansen enn for dei raudgrøne. Men Alliansen bør òg ta innover seg at koalisjonane vert svekte.

Dei må, som dei raudgrøne, søkje samarbeid på tvers av fleire partigrenser for å få gjennomslag for politikk, og ikkje berre samlast for å halde Sverigedemokraterna unna.