Rundballehjelpa

Eldrebølgja

Asbjørn Kristoffersen

Når rundballenauda er størst, er Island nærast. Elleve grader og regn og tretti tusen rundballar med gras til overs for norske frukostbord. Det er islendingane å takka om det blir rømmegraut og pinnekjøt til jul i år.

Alle som har gått på handelshøgskulen i Bergen, veit at det ikkje skulle budd folk på Island. Ikkje i Noreg heller, for så vidt. Jaffal ikkje bønder.

Dei som er for enkle i hovudet til å koma inn på NHH, burde i det minste ha fått med seg at det er for dumt å putla med rundballar på Island, kvite som rosa. Og i Noreg. For kaldt, for vått, for dyrt. For uprofitabelt. Rundballar er fullstappa av subsidiar og minstepensjonistane sine skattepengar.

Er det ikkje for kaldt og vått, er det for heitt og for tørt. I Sør-Noreg, ikkje på Island. På Island har dei i årevis hatt fleire rundballar enn dei rår med. For uprofitabelt og for subsidierundballa er det uansett. Og urettferdig. Det veit alle som har vore på harryhandel i EU, om dei aldri har sett snurten av ein handelshøgskulestudent med pengepappa frå Bærum.

Erna og Siv skulle brukt tørken og heten til å omstrukturera alle norske bønder og omskulert dei til konsulentar eller noko anna framoverlent. Men politikarane feigar ut i frykt for ei ny, norsk smørkrise. Som om ikkje EU flyt i smør.

Rundballehjelp frå Island burde vera for pinleg for ein av verdas rikaste finansministrar. Den eine subsidien utanpå den andre, liksom. Og kor lenge skal det vara? Ingen kan garantera at det ikkje kjem fleire heteår og tørkeår.

Utan ein einaste rundball, korkje heimelaga eller innvandra, kunne all harryhandel skjedd i vårt eige land. På Lagunen. I Oasen. I City Syd. Overalt. Nok til alle. Meir enn nok.

Det einaste som er bra med norske bønder, er at dei fôrar norske stå-opp-komikarar med rundballevitsar og får fart i blodomlaupet til folk som er økonomisk rett navla. Dei som fryktar smørmangel, kan eta rundballar.