Fattig i verdas mest sjenerøse velferdsstat

Ingen skulle stå med hatten i handa. Det var ein gong velferdsstatens mål. No veks behovet for ideelle organisasjonars velgjerningar, skriv kommentator Asbjørn Kristoffersen.

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

KØ: Når fattigdommen veks, aukar køen framføre Frelsesarmeens dører. Biletet er tatt i Bergen før jul. Foto: Paul S. Amundsen

Norske velferdsordningar skal vera gode nok til å kunna leva eit nokolunde anstendig liv. Ein familie med mor, far og to barn har rett på offentlege tilskot som til saman kan tilsvara lønsinntekter på over 700.000 kroner. Det utgjer to heilårsinntekter i fleire låglønsyrke.

Slike tal viser den norske velferdspolitikkens dilemma, når køane veks framfor Frelsesarmeens dører. Dersom norsk fattigdom skulle avviklast, måtte både dei offentlege tilskota og dei lågaste inntektene aukast, sjølv om norske tariffar for slike yrke er svært bra samanlikna med andre land.

Så lenge det finst låglønsyrke, så lenge ikkje både mødrer og fedrar i slike yrke jobbar fulltid, vil det finnast relativ fattigdom, det vil seia familieinntekt på mindre enn seksti prosent av gjennomsnittleg lønsinntekt. Men relativ fattigdom kan også vera tung å bera. Sjølv verdas mest sjenerøse velferdsstat greier seg ikkje utan Frelsesarmeen.

Velferdsdilemmaet vart presentert av ei rekkje sosialsjefar i 2012. I oppstillinga tok dei med all sosialhjelp, bustøtte, arbeidsavklaringspengar, trygder og andre former for økonomisk bistand. Dei offentlege overføringane er ikkje blitt mindre dei seks seinare åra.

Sjølv dagens ordningar kan gjera det lite økonomisk forlokkande å bli sjølvforsørgjande lønsmottakarar. Dersom dei offentlege tilskota blir vesentleg høgare, er det fare for at det blir endå mindre økonomisk tilskunding for å koma seg i løna arbeid.

Arbeidslina, prinsippet om at arbeid alltid skal løna seg, har vore den politiske resepten for å avverja vekst i den økonomiske underklassen, med risiko for å bli sitjande fast i denne fattigdomsfella. Men arbeidslina har ikkje kunna avverja at nesten kvar femte innbyggjar i arbeidsfør alder no står utanfor yrkeslivet, og at kvart tiande norske barn, eitt hundre tusen, blir rekna som fattige.

Veksande barnefattigdom gjev seg ekstra store utslag i jula, forbrukets og materialismens fremste fest. Like før jul vart det meldt at kjøleskåpa stod tomme hos hundre tusen danske hushaldningar. I Tyskland har det vore strid om køordningane mellom innvandrarar og innfødde på matutdelingstiltak. I Storbritannia, med mindre finmaska, offentlege velferdsordningar, er fire millionar innbyggjarar avhengige av suppekjøken, ifølgje leiaren for Labour, søsterpartiet til det norske Arbeidarpartiet.

Å vera fattig i Noreg handlar sjeldan om ikkje å ha råd til mat, men at fattige barn ikkje kan delta i samfunnet på same måte som andre barn. Og at fattigdomen i mange tilfelle går i arv. I teorien har Norge enno råd til å kvitta seg med barnefattigdomen. Sterk auke i barnetrygda ville løfta alle barnefamilieinntekter, utan å rokka ved fordelinga av inntekter i låglønsyrke. Utslaget ville blitt aller størst for dei som frå før har minst å rutta med.

Denne oppskrifta har ikkje fått politisk gjennomslag. Bortsett frå haustens krav frå Kristeleg Folkepartis krav om ein tusenlapp meir, har barnetrygda vore under medviten nedtrapping sidan nittitalet. At det er uhorveleg dyrt å auka trygda for ein million barn, er ikkje einaste grunnen. Landets politiske fleirtal vil heller ikkje gje ei slik økonomisk oppmuntring til at foreldre som ikkje kan fø seg sjølve får mange barn.

I Bergen vart det sett ei grense for kommunal sosialhjelp ved fire barn. I Oslo har grensa i fleire år vore tre barn. Får sosialhjelpsmottakarane fleire barn, fell tilsvarande større andel av det økonomiske ansvaret på foreldra. Behovet for fleire barn her i landet viser ikkje att i denne fattigdomspolitikken.

Meir enn halvparten av barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt har innvandrarbakgrunn. Slike barn står for 85 prosent av auken i barnefattigdom sidan 2006. Ettersom mange innvandrarar har svake faglege kvalifikasjonar og oftast ingen eigenkapital, aukar gjerne barnefattigdomen i takt med innvandringa. I innvandrartette byar som Oslo og Drammen er nesten kvart femte barn rekna som fattige. Tilsvarande andel i Bergen er litt under landsgjennomsnittet på vel ti prosent.

Yrkesdeltaking er svært låg for mange innvandrargrupper, især for innvandrarkvinner. Når fire av ti barn med pakistansk innvandrarbakgrunn blir rekna som fattige, er kvinners manglande fulltidssysselsetjing ei nærliggjande forklaring. Slike fattigdomsfeller har skiftande norske regjeringar prøvd å bremsa, også ved å halda løyvingane til barnetrygd nede.

Men også blant barn utan innvandrarbakgrunn er det blitt fleire fattige. Mange av dei har einslege forsørgjarar som lever på offentlege støtteordningar, eller har låge lønsinntekter. Når slike foreldre må ty til Frelsesarmeen eller andre ikkje-offentlege velgjerningsinstitusjonar, skuldast det gjerne at dei er komne i økonomiske uføre. Når pengane er knappe, skal det ikkje så mykje til før barna kjenner seg fattige.

I mange tilfelle er det forbrukarlån med svært høge renter og tøff innkrevjing som tek knekken på økonomien til dei som er fattige frå før. I inkassobransjen er det åger som gjeld.

Behovet for velgjerande hjelp vart ekstra tydeleg etter finanskrisa i 2008, då arbeidssøkjande EU-borgarar utan rett til offentleg økonomisk støtte kom til landet. Tiggande romfolk hadde ikkje gjort like sterkt inntrykk. Men EØS-tiggarar og papirlause innvandrarar som er blitt i landet utan arbeids- og opphaldsløyve er ofte blitt avhengige av hjelp frå friviljuge i Røde Kors og Robin Hood-huset og Kirkens Bymisjon og Frelsesarmeen.

Offentleg forvalting må retta seg etter politisk styring og ha like reglar for like tilfelle. Dei som tildeler midlane kan ikkje krevja at mottakarane set tæring etter næring eller visa til at idealistar som vil ha minst mogeleg forbruk og minst mogelege miljøavtrykk greier seg godt med lite pengar.

Om livet raknar, om rusen styrer, om familie og vener har gjeve opp, om ingen reglar gjeld, er det kanskje berre privat pliktkjensle eller vilje til private velgjerningar som står att.

Dei fattige har de alltid hjå dykk, står det i Bibelen.

Publisert: