God jul, for pokker

Julestemninga presser seg på, men debattane som har dominert denne adventstida prøver å etablere ein falsk likskap mellom det kristne og det norske

Publisert Publisert

GOD JUL: Jula står sterkt i Noreg, men den betyr forskjellige ting for forskjellige folk, skriv gjesteskribent Morten Myksvoll. Foto: Storfjell, Ingar / Hafstad Anne

  • Morten Myksvoll
    Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker
  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det er lite som piskar opp stemninga i adventstida enn saker om at folk ikkje feirar jul på same måte som norsk kultur tilseier, kva no enn det skal vere. Saka om at tre SV-arar ikkje ville syngje «Deilig er jorden» i eit kommunestyremøte vart toppsak hjå VG. Den misforståtte saka om nynning av julesongar i Rogaland vart slått stort opp, og førte til mykje sinne på nett.

Tidlegare denne hausten har me hatt ein lang debatt om skulegudstenester, som tydelegvis er så viktige at ein må ta borna ut av skulen for å oppleve forkynninga. Gud forby (!) at foreldra tar ungane med seg. Eg har gode kjelder på at kyrkja er open om søndagane, og det er visstnok rikeleg med sitjeplassar.

Eg tar neppe feil viss eg antar at val av julemat – som pinnekjøt eller svineribbe – er eit større og vondare diskusjonsemne når ein stiftar sine eigne familiar, enn om kva – om nokon – juleevangelium ein skal lese høgt. Sjølv heime hjå dei som no har ropt høgast på grunn av nynning. Det er nok òg fleire som har eit bevisst forhold til «Tre nøtter til Askepott» enn dei tre vise menn. Popelku slår både Kaspar, Melchior og Baltasar ned i støvlane, hjå dei fleste. Dette betyr ikkje at den norske jula er trua.

Les også

Elise Kruse svarer: God jul, for Guds skyld

Jula står sterkt i Noreg, men den betyr forskjellige ting for forskjellige folk.

Felles for desse etter kvart sedvanlege adventssakene er ein idé om at kristendomen er under sterkt press i Noreg, og at kristne tradisjonar er trua. For det første vil det vere rimeleg spesielt viss ein to tusen år gammal religion, med tusen år gamle røter i Noreg, skulle vere under press på grunn av at ungar ikkje vert tvungen til å gå i kyrkja i skuletida.

For det andre er det lite som er flauare enn dette, at ei framleis ganske stor gruppe skal stakkarsleggjere seg sjølv for å score politiske poeng, fordi ikkje alle er som dei. Det som er verre, er at dette passar inn i ei gryande nasjonalistisk bølgje, i Noreg. Det norske og det kristne vert sett på som det same.

Det blir berre feil, sidan jula er svært internasjonal. Julekalenderen, juletreet, og adventskransen stammar frå Tyskland, gløgg og gåvetradisjonen er romersk, me brukar ein gresk julenissefigur i Sankt Nikolas, og sjølve julenamnet er opphavleg heidensk. Symbola utviklar seg, høgtider tar til seg ny meining, og difor er jula framleis relevant i dag. Jula tilhøyrer ikkje berre dei kristne. Det norskaste med julefeiringa er maten, men kva som er julemat har tradisjonelt sterke geografiske skiljelinjer, internt i Noreg.

Det er ikkje få menneske som har ytra seg i retning av at «landet vårt er i ferd med å gå tapt», fordi tre politikarar ikkje song med på «Deilig er jorden», eller fordi media lurte dei til å tru at nokre skuleelevar måtte nynne songen. Om noko, så er det ein sunn, norsk verdi at folk får feire jul og forholde seg til religion på sin eigen måte. Dette kjem kanskje som ei overrasking, men mange feirar jul av heilt andre grunnar enn Jesu fødsel – som ikkje vart fødd på vinteren – og det er heilt greitt.

Les også

Erstatter skolegudstjeneste med lære om kristen jul

Denne juledebatten er òg importert frå utlandet, og heller ikkje den særleg utprega norsk. I USA har det i mange år vore snakk om ein såkalla «War on christmas», der konservative kristne opplever at deira tradisjonar er under press, fordi andre vel å feire jul på ei annan måte enn dei sjølve.

Ropet om norske verdiar, som jallar gjennom sosiale medium og dei fleste offentlege debattflatar, har det med å setje til side norske verdiar. Som religionsfridom. Den handlar like mykje om fridom frå religion som fridom til religion. Staten har gått gjennom ein sekulariseringsprosess dei siste åra, men den kulturelle statsreligionen bit seg fast. No ser me ein gryande kulturkamp, som kan bli direkte usunn.

Det har vore mykje snakk om falske nyheiter dette året, med god grunn. Det er ikkje alltid at dei startar slik. Nynninga i Rogaland vart diskutert på skulen, og det vart utarbeidd eit forslag til korleis dei skulle kome seg unna det kristne. Det var sanning i botnen av saka, og det viser ein sær berøringsangst for alt som kan vere kristent, noko som berre fungerer oppildnande det òg. Men så vert saka spreidd til andre aviser, og vridd og delt og vridd og delt.

Store og små avisredaksjonar må spørje seg sjølv om dei i jakta på flest mogeleg klikk burde tatt ein ekstra telefon, sjekka at fakta stemmer, og generelt sett tatt vare på journalistisk integritet på ein betre måte.

Dessverre er det ei rådande haldning om at viss ei sak vert godt spreidd, eller blir mykje debattert, så har det automatisk vore ei god sak. Viss så er tilfellet, er Breitbart og andre falske nyheitssider idealet, og slik kan me ikkje ha det. Journalistar veit at sjølv ubetydelege saker som set grupper opp mot kvarandre triggar enorme reaksjonar, og dei utnyttar det.

Om eg skulle ønskje meg noko til jul, så må det vere dette: Mindre sinnejournalistikk, og at folk roar seg kraftig ned, og heller nyt sin eigen måte å feire jul på.

Publisert