Nokre år som allmennlege i ein liten norsk bygdeby gir ikkje fullmakt til å trekka dei store linjer om livet og samfunnet. Men nokre ting utkrystalliserer seg, sjølv etter kort tid.

For eksempel at mange har det kjipt. Overraskande mange som tilsynelatande burde ha det heilt greitt, kollapsar av utbrentheit, muskelsmerter og ei oppleving av å ikkje strekka til.

Småbarnsforeldre i trettiåra fortvilar fordi dei «manglar overskot». Kontorarbeidarar i starten av femtiåra har «gått seg tom». Vidaregåande-elevar kjenner seg «stressa heile tida».

Desse kjenslene set seg i muskulaturen, og ikkje sjeldan har slike pasientar mykje smerter i ulike deler av kroppen, hovudverk og diverse anna som legane legg i boksen «uspesifikke symptom».

GJESTEKOMMENTATOR: Lege Ingebjørn Bleidvin.
Siv Dolmen

Ei heilt anna gruppe er dei som verkeleg slit med traume: alkoholiserte foreldre, seksuelle overgrep, langvarig mobbing på skulen. Mange av desse fortrengjer trauma, i større eller mindre grad. Dei brukar så mykje krefter på å skjula vonde minner for andre og tidvis for seg sjølv, at kroppen til slutt protesterer.

Dei endar alt for ofte opp som uføre, med diagnosar som ryggsmerter, muskelsmertesyndrom eller liknande, fordi ingen har nådd inn til det som faktisk er årsaka til smertene deira.

Den fyrste gruppa går og føler for mykje på ting og forventar for mykje av livet. Den andre gruppa føler for lite på ting, og burde forventa mykje meir av livet.

Bak det heile ligg sosiale media og ruvar. Det er forbausande kor mange som tek internett-lukka seriøst.

Jamleg møter eg tilsynelatande oppegåande folk som lar seg plaga av den evige straumen av lekre middagar, fine fjellturar og lukkelege barn som okkuperer Instagram og Facebook, dei to største sosiale media. Forstår dei ikkje at det ikkje er slik folk faktisk lever? At det er omtrent like reelt som reality-tv?

Mange forstår nok det, men lar seg påverka likevel. Ei rekke psykologiske studiar viser korleis sosiale medium påverkar humøret og den mentale helsa vår, uansett kor bevisst me brukar dei og uansett kor motstandsdyktige me trur at me er. Dermed blir lista for kva det betyr å «ha det greitt» sakte, men sikkert, heva, utan at me eigentleg merkar at det skjer.

Dette gjer sitt til å bidra til at listene over dei sjukmelde og uføre blir fylt opp av muskel/skjelett-sjukdommar og psykisk sjukdom. Både for kortare sjukmeldingar og for varig uføre utgjer dei rundt 60 prosent av tilfella.

Det er to sider av denne utviklinga. Begge er viktige, men problemet er at det er vanskeleg å få tatt omsyn til begge samtidig.

INSTAGRAM: Bak det heile ligg sosiale media og ruvar. Det er forbausande kor mange som tek internett-lukka seriøst, skriv Ingebjørn Bleidvin.
Karly Domb Sadof / TT / NTB Scanpix

På den eine sida har me spela oss sjølve sjakk matt når me har opna opp for at det å vera «sliten» er ein grunn til å vera vekke frå jobb. Tanken ville stått fram som heilt absurd i dei fleste samfunn rundt om på kloden: Det at min mangel på overskot først og fremst er jobben si feil, og at det er skattebetalarane sitt økonomiske ansvar å gi meg ein betre kvardag.

Veldig mange burde rett og slett innsjå at livet ganske ofte ikkje er behageleg, og innfinna seg med det.

Er du så utsliten etter jobben at du berre må liggja ein time på sofaen før du orkar noko særleg anna, er det faktisk ganske normalt. Du har høgst truleg verken jernmangel, stoffskifteproblem eller for den saks skuld utbrentheit. Du er sliten etter jobb. Du er ikkje 20 år lenger. Slik er det berre.

Har du tre småbarn, er det nokre år av livet der du ikkje skal orka så mykje anna etter jobb enn å få i dei mat, få dei til og frå korps og fotballtrening, og så leggja både deg og dei relativt raskt etter barne-tv.

På den andre sida har me framleis langt å gå når det gjeld aksept for at livet kan vera reelt vanskeleg innimellom, sjølv for dei som ikkje er utsett for omsorgssvikt eller overgrep. Dette er folk som har levd ganske normalt inntil noko unormalt skjer, eller dei kjem inn i ein vond sirkel. Dersom folk tør å ta hol på byllen tidleg, med å seia til ein ven, til ektefellen eller til ein kollega, at ein har det vanskeleg, er mykje gjort.

Ofte vil noko så enkelt vera nok til å unngå psykiatriske diagnosar og sjukmelding. Men sjølv i landet med verdas mest berømte sjukmelding, då statsminister Kjell Magne Bondevik var vekke tre og ei halv veke frå jobb grunna depresjon, er dette framleis vanskeleg.

Dermed sit me med ein vanskeleg balanse. Me treng å ufarleggjera psykisk sjukdom, og gjera mental helse til eit heilt vanleg samtaleemne. Samtidig må me unngå at folk går og kjenner så mykje på sjela si og sjekkar saldoen på lukkekontoen så kontinuerleg at sjølv den minste brest i det store sjølvrealiseringsprosjektet blir sjukmeldingsgrunn.

Kanskje er det ei yrkesskade å anta at alle liv inneheld noko vondt og vanskeleg. Men det er truleg ein betre leveregel å gå rundt og tenkja at alle fortener litt slakk og velvilje, for me veit ikkje kva dei slit med, enn det er å gå rundt og tenkja at alle sannsynlegvis er lukkelegare enn nettopp deg.

Synest du at fleire bør lese denne teksten? Del han på Facebook!