Trump kan bli den første presidenten som får sparken

Kongressen kan felle presidenten for å mane til vald mot nettopp Kongressen.

  • Morten Myksvoll
    Morten Myksvoll
    Kommentator i BT

Reality-stjerna Donald Trump kan bli stemt ut av Det kvite hus av sine eigne, dersom han blir dømt for å angripe det amerikanske demokratiet. Foto: HANNAH MCKAY / REUTERS / NTB (Arkiv)

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Den fremste republikanaren i Senatet, Mitch McConnell, vil ikkje kjempe mot domfelling av Donald Trump, skriv New York Times. Det betyr at senatorane ikkje vil bli sett under betydeleg press frå partileiinga for å redde presidenten.

Det aukar sjansen for at fleire republikanarar vil gi Donald Trump ein klar beskjed: «Du har sparken».

Etter at minst halvparten av medlemmene i Representantanes hus stiller seg bak tiltalen, blir det rettssak i Senatet – som fungerer som dommarar. Der må 67 av 100 senatorar stemme for å fjerne Donald Trump som president.

Det krev støtta til 17 republikanarar, dersom alle demokratane stemmer for.

  • Se direkte og få siste nytt: Onsdag kveld stemmer de over riksrett mot Donald Trump

Republikanarane bør ønskje riksrett velkomen. Det er ein sjanse for dei til å oppstå på ny som noko anna enn ein Trump-kult.

På fire år har partiet tapt attval til Det kvite hus, tapt fleirtalet i Representantanes hus og tapt fleirtalet i Senatet. På landsmøtet i 2020 vedtok dei ikkje eingong eit eige partiprogram – men underkasta seg sin store leiars visjon.

Den største sigeren har vore tre nye dommarar i Høgsterett – oppnemnt på livstid. Det betyr at partiet ikkje risikerer det viktigaste gjennomslaget, dersom dei bestemmer seg for å rydde opp i partiet etter Trump.

Donald Trump kan bli felt av riksretten, for å ha oppmoda til vald mot Kongressen. Foto: STEPHANIE KEITH / REUTERS / NTB (Arkiv)

Blir Trump dømt, er det første gong ein amerikansk president taper ein riksrettssak.

Richard Nixon ville blitt dømt etter Watergate-skandalen, der republikanarar braut seg inn på demokratanes hovudkvarter. Men han gjekk av før dommen kom.

Før Trumps riksrett i 2020, var det Bill Clinton som sist vart utsett for dommarane i Senatet. Han var skulda for å lyge om forholdet til praktikanten Monica Lewinsky. Dette gjorde han både i ein sivil straffesak og til ein storjury.

Les også

New York Times: McConnell skal være fornøyd med riksrettsprosessen mot Trump

Monica Lewinsky og Bill Clinton i 1995, tre år før riksrettssaka i 1998. Foto: AP PHOTO/OIC / NTB (Arkiv)

Fleire republikanarar i Huset har no stilt seg bak kravet om riksrett mot Donald Trump, inkludert Liz Cheney. Ho er republikanaranes tredje høgast rangerte medlem i Huset, og representerer eit av USAs mest konservative valdistrikt.

Cheney er dottera til Dick Cheney, som var visepresident under George W. Bush. Han tok initiativ til brevet der ti tidlegare forsvarsministrar åtvara mot Trumps bruk av militæret til å halde på makta.

Liz Cheneys støtte aukar sjansen for at Trump blir den første amerikanske presidenten som vert avsett av Kongressen.

Liz Cheney vil stemme for å kaste Donald Trump. Ho kan bli republikanaranes nye leiar i Huset, dersom den noverande leiaren Kevin McCarthy går med i dragsuget etter Trump. Foto: AARON P. BERNSTEIN / REUTERS / NTB (Arkiv)

Justiskomitéen i Representantanes hus har publisert ein rapport om storminga av Kongressen. Der argumenterer dei for å fjerne Trump frå presidentembetet – og listar opp tre grunnar til at det hastar:

  • Presidenten gjorde ingenting for å beskytte Kongressen, visepresidenten og representantane. Han berre følgde angrepet på fjernsyn.
  • Presidenten har ikkje vist at han angrar på hendingane.
  • Angrepet på Kongressen passar inn i mønsteret til Trump, med å undergrave demokratiet.
Les også

USAs forsvarssjef fordømmer «oppvigleri og opprør» i Washington

Men kva er poenget med å fjerne Trump frå Det kvite hus, berre dagar før han likevel blir erstatta av Joe Biden? Det formelle maktskiftet skjer 20. januar, og det er langt frå sikkert at Senatet rekk å dømme han før perioden er slutt.

Den første og viktigaste grunnen er at etterspelet – uansett utfall – set ein presedens.

Maktskiftet mellom Donald Trump og Joe Biden er det første i amerikansk historie, som ikkje er fredeleg. Etter hendingane på Kongressen 6. januar, er det umogeleg å seie at Trump gir frå seg makta frivillig.

Han har spreidd tallause løgner om valresultatet og forsøkt å overprøve valet både inne i Kongressen og i gatas parlament. Trump har òg forsøkt å presse fram eit anna valresultat i Georgia.

Blir Donald Trump dømt av Senatet, vil dei slå fast at ein sitjande president ikkje kan mane til eit angrep mot nasjonalforsamlinga og berre sjå på at det skjer utan å gripe inn.

Blir Donald Trump ikkje dømt, seier Senatet at presidenten kan stå bak slike fysiske angrep på demokratiet. Det vil vere ein livsfarleg konklusjon, både for folk og for det amerikanske demokratiet.

Ein av Trumps støttespelarar har med seg flaget til utbrytarstatane frå borgarkrigen inn i den amerikanske Kongressen under storminga 6. januar. Foto: Mike Theiler / REUTERS / NTB (Arkiv)

Den andre – og litt mindre viktige – grunnen er at riksretten kan hindre Donald Trump å stille til val på nytt.

To tredjedelar av Senatet må stemme for å fjerne Donald Trump, men det er ikkje i seg sjølv nok for å diskvalifisere han. Då må minst halvparten av Senatet stemme for å diskvalifisere Trump i ei separat votering.

Men den makta har Senatet berre brukt på dommarar før, og ikkje folkevalde politikarar. Me kan difor forvente at Trump vil utfordre ein eventuell diskvalifikasjon i Høgsterett.

Der har han truleg dårlege kort.

Les også

Morten Myksvoll: «USAs unge demokrati er under angrep»

For ifølgje tiltalen til Representantanes hus, er Trump skuldig i å mane til opprør mot det amerikanske demokratiet. Det er straffbart – ifølgje grunnlova – med å miste retten til å stille til val igjen.

Det vil bli vanskeleg, sjølv for ein konservativ domstol, å overprøve Kongressen her.

Klarer ikkje demokratane å samle nok stemmer til å felle Trump, er det ingenting i vegen for at dei likevel kan diskvalifisere han. Men då står nok Trump sterkare i domstolen, sidan han ikkje er dømt for oppvigling.

Fleire republikanarar har argumentert for at det USA treng no, er å samle seg og gå vidare. Dei meiner at ein riksrett mot Trump berre er eigna til å splitte landet meir.

Det argumentet bryt med «lov og orden»-standpunktet som republikanarane vanlegvis forfektar. Dette er republikanaranes sjanse til å vise at rettsstaten gjeld uansett kva parti som styrer.

Publisert
  1. Donald Trump
  2. Amerikansk politikk
  3. Riksrett
  4. Demokrati
  5. USA

Les mer om dette temaet

  1. Riksrettskaoset: Slik kan demokratene felle Trump

  2. Pence avviser resolusjonen om å fjerne Trump med grunnlovstillegg

  3. Schwarzenegger sammenligner Trumps løgner med nazistenes propaganda

  4. Youtube sperrer Trumps konto i én uke

BT anbefaler

For ni måneder siden gjorde trebarnsfaren lett 50 armhevinger. Så begynte kroppen hans å dø.

ALS er et beist av en sykdom. Den er sjelden, men ikke sjeldnere enn at den hvert år sniker seg inn i kroppen til 150…

LES SAKEN