Språk for heile livet

For mange lærarar manglar kompetanse til å gi undervisning til elevar som har andre morsmål enn norsk.

Publisert Publisert

DEN SPRÅKLEGE UTFODRINGA: «Lærarane må vita at det tek mykje lenger tid å utvikla ein norsk som ein også kan læra fag på, ikkje berre snakka på», skriv forskar Ann-Kristin Helland Gujord. Foto: Rune Sævig

  • Ann-kristin Helland Gujord
    Ph.d.-kandidat i norsk som andrespråk/språktesting, UiB, Dr.art i språktesting fra UiB, Førsteamanuensis i norsk som andrespråk, UiB

**For mange lærarar** manglar framleis kunnskapen dei treng for å kunna gi ei god undervisning også til dei som kjem til skulen med andre språkleg føresetnader enn einspråklege, norske barn.

Eit vel gjennomført grunnskuleløp legg grunnlaget for eit vel gjennomført vidaregåande løp. Og fullført vidaregåande opplæring er avgjerande for å få jobb.

Barn med foreldre i jobb fullfører dette løpet oftare enn andre barn. Sjansane vert endå betre dersom foreldra også har høg utdanning.

Det er færre foreldre med innvandrarbakgrunn som får jobb. I nokre innvandrargrupper er det også langt færre foreldre med høgare utdanning. Ser du samanhengen?

Det store og viktige prosjektet som me kallar integrering, er avhengig av at me får minoritetsspråklege elevar i alle aldrar betre gjennom skuleløpet enn det me klarar i dag.

Eller som integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) ville ha sagt det: Skal innvandrarane våre verta skattebetalarar og ikkje sosialklientar, må dei få ei god grunnopplæring slik at dei utdannar seg vidare og får jobb.

  • Frøy Gudbrandsen: Det slitsomme ordet «omstilling».
    Sjå føre deg ho på snart fire år som eg sjølv har møtt i ein barnehage på Vestlandet. Den smilande jenta som vekslar mellom to språk i kvardagen i tillegg til norsk, men som likevel berre vert snakka til og vurdert etter i dei eine språket, norsk.

Blir du imponert over fireåringen din som kan telja til ti på engelsk? Hald for all del fram med det. Men jenta eg kjenner har ein samla språkkompetanse som ikkje kan samanliknast med den einspråklege norske barn på same alder har.

Fireåringen din har likevel mykje betre utsikter i skulesystemet slik det ser ut no. Problemet for denne jenta er at det er kompetansen i norsk (og engelsk) som tel. Statistikkens tale er klar: Denne jenta kjem mest sannsynleg til å bli hengande noko etter sine jamgamle einspråklege norske elevar.

Kva med alle dei som kjem til landet i ungdomsåra? Han som eg har høyrt om, som kom dettande inn i vidaregåande. Han som var så flink i matematikk og naturfag, men som knappast fekk kara til seg eit vitnemål fordi han vart målt og vurdert etter same språklege målestokk som dei andre elevane.

Blant elevar som har innvandra til Noreg i skulealder, er det færre som fullfører vidaregåande samanlikna med elevgruppa elles. Elevane er ikkje mindre motiverte. Dei har andre behov.

Politikarane har bestemt at opplæringa for minoritetsspråklege elevar helst skal skje innanfor den ordinære undervisninga. Då er det ikkje lenger nok at kunnskapen om behova til desse elevane sit hos eit mindretal av norsklærarane.

Alle som skal ut i barnehage eller skule, må vita noko om språkutviklinga til desse elevane, og korleis ein best kan styrkja språket deira. Då vil dei forstå at ho eg kjenner på snart fire også må få støtte til å utvikla morsmålet, fordi då vert norsken hennar betre.

  • Omstilling: Oljekrisens vestlandske ringvirkninger.
    Lærarane må vita at det tek mykje lenger tid å utvikla ein norsk som ein også kan læra fag på, ikkje berre snakka på. Då vil dei kunna ha ein beredskap for at denne jenta kan få trøbbel med å følgja undervisning i samfunnsfag på norsk i 5. klasse, sjølv om ho fungerer godt på norsk i leik i dag.

Dei vil forstå at elevar som kjem midt i skuleløpet, brukar årevis på å ta att sine einspråklege norske medelevar. Og at dei difor ikkje berre treng ei anna norskundervisning, men også tilpassingar i andre fag.

Får me dette til, kan den vesle jenta eg møtte i barnehagen bli møtt av ein skule som ser på fleirspråklegheita hennar som ein ressurs. Ikkje først og fremst som noko ein ikkje veit korleis ein skal handtera, eller kanskje til og med som eit problem.

Og kanskje vil eleven som kom seint i opplæringsløpet bli møtt av matematikk— og samfunnsfagslærarar som forstår at dei må gi undervisning i norsk fagspråk, fordi språket er ein barriere i seg sjølv.

Og kanskje vil dei møta endå fleire norsklærarar som tenkjer at Ibsen og Holberg er vel og bra det, men som skjønar at språk og kultur heng saman. At det difor ikkje nyttar å undervisa om tekstar som er sentrale i vår kultur, som om alle elevane har felles språkleg og kulturell bakgrunn.

  • Alt skal omstilles: Eliten bør begynne med sin egen språkbruk.
    Dette må vera basiskunnskap blant lærarar. Studentane på barnehagelærarutdanningane og grunnskulelærarutdanningane som er utdanna etter dei siste rammeplanane, har i større grad fått denne kunnskapen.

Det gjeld ikkje kulla før. Det er usikkert i kva grad det i det heile tatt gjeld nye og gamle lektorkandidatar frå universiteta. I rammeplanen for lektorutdanning er det fleirspråklege framleis fråverande.

Universitetet i Bergen er i så måte på rett veg når ein no er i ferd med å styrkja det fleirspråklege i si lektorutdanning.

Behovet for denne kompetansen er utømmeleg. Etterslepet er stort. For å bøta på dette, pøsar regjeringa no inn pengar til etterutdanning i norsk som andrespråk og andrespråkspedagogikk.

Men rundt om på universiteta og høgskulane er det ikkje nok av oss som skal gi all denne kursinga. Pengane er der, men ikkje folka.

Det manglar vilje til å styrkja staben som skal sikra at den vesle jenta i barnehagen, og han som datt inn i vidaregåande, møter kvalifiserte lærarar. Lærarar som ser og forstår fleirspråklegheita deira som ein kompetanse og ressurs.

Publisert