Alle har svikta desse barna. No må nokon stillast til ansvar.

Til sjuande og sist sit byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) med ansvaret når Bergen kommune sviktar.

Men når alle har feila, er frykta at alle også slepp unna.

Publisert: Publisert:

Han har aldri vore på skulen.

Aldri vore til tannlege.

No er guten tenåring. Han hadde ikkje vore hos lege sidan han var baby, då han blei lagt inn på Haukeland i januar i år.

Då var han underernært, og blei liggande i ti dagar.

Barnevernet skulle sjølvsagt blitt varsla mykje før. Men dei blei faktisk varsla i 2020. Og sjølv då fekk altså ikkje guten hjelpa han trong, før han eitt år og tre månader seinare blei frakta til sjukehus.

Det heile er til å gråte av, og det har skjedd her i Bergen.

Slikt skal ikkje vere mogeleg.

Les hele saken med abonnement