Lenge leve spynorsken

Gratulerer med dagen, Ivar Aasen. Her får du heile avisa vår i gåve.

AASEN LEVER: - Vi bør ikkje sjå på ei ekstra målform som ei bør, men glede oss over å kunne bruke det store registeret i norsk språk, skriv sjefredaktør Gard Steiro i BT. På dagen 200 år etter at Ivar Aasen, nynorskens far, vart fødd, kjem BT ut som nynorskavis. Marie Havnen

— Ja ja, då er det berre å sette av heile føremiddagen til å svare på sinte telefonar!

Nyhenderedaktøren var entusiastisk, men også noko uroleg. Klart Bergens Tidende skal markere jubileet. Men heile avisa på nynorsk? Eit slikt stunt blir det mest bråk av. Bokmålselskarar frå Fana til Flaktveit vil setje morgonkaffien i vrangstrupen. Så snart dei får rista av seg det første sjokket, vil dei kaste seg på tråden til redaksjonen. Har de mista siste rest av forstanden der inne i Krinkelkroken no?

Og nyhenderedaktøren har sjølvsagt rett. Særleg tre emne kan skape såkalla lesarstorm her i avisa. Det fyrste er bompengar. Det andre er innvandring. Og det tredje er nynorsk. Skriv ein journalist Nygårdshøgda på bysidene, kan ho vere sikker på å få ein harmdirrande e-post eller to. A-endingar skapar sterke kjensler i Bergen.

I dag feirer heile Noreg (i alle fall nokre av oss) at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Vi skuldar han stor takk. Utan Aasen ville vi ha skrive halvdansk heile gjengen. Vi ville ikkje fått gleda av litterære godsaker som Frode Gryttens "Bikubesong" eller "Sveve over vatna" av Ragnar Hovland. Sjå for deg Jon Fosse på sobert riksmål. Det går ikkje.

Og viktigare, Aasen gjorde det mogleg før mange å uttrykkje seg skriftleg på sitt eige mål. Nynorsken har gitt folk ein språkleg fridom dei ikkje vill hatt berre med bokmål. «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld», skreiv Tarjei Vesaas.

Det er først og fremst vi på Vestlandet som skal vere takksame. Gardbrukarsonen samla inn døme frå heile landet, men det var her han verkeleg tok for seg. Her fann han dei beste dialektane. I Hardanger, Sogn og på Voss var språket minst påverka av dansk.

Ivar Aasen jakta på det ekte og ubesudla. Riksmålet var etter hans meining ikkje vårt eige, men importvare, berre fjernt i slekt med det norske. I "Om vårt Skriftsprog" skreiv Aasen mellom anna:

"Skal vi da, tænkte jeg, give Slip paa denne kostelige Skat frå Fortiden, som vore Forfædre gjennem alle sine Trængsler have troligen bevaret og overladt til oss om en hellig Arv?"

Om den godaste Aasen hadde stått opp frå grava i dag, ville han neppe vore særleg nøgd. Noreg har ikkje akkurat skjøtta arven godt. Nynorsken har, som Ivar Aasen, sett betre dagar.

Ei undersøking frå fjoråret tyder på at målforma er på full fart ut av skulen. Berre 13 prosent av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål. Om ein ser bort frå dei fire vestlandsfylka, er talet skremmande nær null. Og, berre for å gni det inn for målfolket, når nynorskelevane går ut av grunnskulen, vender dei prompte Ivar Aasen ryggen. Heile 94 prosent av elevane i den vidaregåande skulen vel bokmål. Her i Hordaland byter halvparten av nynorskelevane hovudmål når dei går vidare i utdanningsløpet.

Lite tyder på at nynorsken vil styrkje seg dei neste åra. Han kan i alle fall ikkje vente seg ei handsrekking frå politikarane. Her i byen har vi ein skulebyråd som brende ordboka i eit forsøk på å kapre unge veljarar. «Spynorsk ordliste», kalla han ordlista og tende fyr. Nynorsken var ifølgje politikaren eit problem for mange som ville lære seg godt norsk. Ja ja.

Høgre vil no fjerne både karakter og eksamen i sidemål på ungdomsskulen og vidaregåande. Og dei moglege regjeringspartnarane i Framstegspartiet vil ikkje løfte ein finger for språkleg mangfald her i landet. Då det i vår blei snakk om å døype Flesland om til Bergen lufthamn, kalla stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter – sjølv nynorskbrukar – planane for toskeskap. Om nynorsken ikkje kan overleve på eiga hand, vil Frp la han døy i fred.

Er det så nøye, då? Klarar vi oss ikkje godt utan nynorsken? Blir ikkje skulegongen enklare for borna om dei slepp å pugge kløyvd infinitiv i tillegg til fysiske formlar? Held det ikkje med bokmål?

Ja, det er nøye. Nei, vi greier oss ikkje med eitt skriftspråk. Styresmaktene har eit klart ansvar for å ta vare på nynorsken og språkarven. Det gjer dei best ved å sørgje for at han blir brukt i kvardagen, til dømes i skulen, på lufthamner, sjukehus og i kringkastinga.

Vi bør ikkje sjå på ei ekstra målform som ei bør, men glede oss over å kunne bruke det store registeret i norsk språk. Vi bør vere stolte og takksame for den uvanleg store, språklege rikdomen som er samla her til lands, klar til bruk for alle som ønskjer å bruke han. Nynorsk kan sikkert vere eit slit for skuletrøytte sekstenåringar, men vi veit at bokmålsbrukarar som meistrar nynorsk får eit betre bokmål. Nynorsken er vårt bolverk mot engelsk invasjon, mot einsretting av tanken og tunga.

Bergens Tidende er sjølve vestlandsavisa. Ein kvart million bergensarar, strilar, hardingar og sogningar les oss kvar einaste dag. Til skilnad frå osloavisene, som språkleg sett er like gørrkjedelege som ein Ikea-katalog, er BT open for nynorskbrukarar. Vi er språkliberale. Journalistane vel sjølv målform. I BT finn du både referat frå bystyret på klingande nynorsk og bygdereportasjar på bokmål. Slik har det vore, og slik blir det også i framtida.

Dei siste åra har det også i BT blitt mindre nynorsk. Det er ikkje ei planlagt utvikling, men eit resultat av at journalistar som alle andre er i ferd med å konvertere til bokmål.

Dagens utgåve er ikkje eit signal om at lesarane vil finne meir nynorsk i spaltene framover, men ei påminning om at Bergens Tidende og andre institusjonar har eit ansvar for å ta vare på det språklege mangfaldet i åra som kjem.

Slikt kjem ikkje gratis. Berre spør Ivar Aasen.