Venstresidas liberale stråmenn

Eg er liberal, trur eg. Så kvifor føler eg meg ikkje kritisert av boka som seier ho er ein «Kritikk av liberalismen»?

Mathias Fischer
Kommentator i BT.

NY BOK: Alt er liberalisme, skal ein tru dei ti debattantane frå norsk venstreside som har gått saman for å skrive boka «Ingen mennesker er født frie», med undertittelen «Kritikk av liberalismen». Dei er ikkje særleg overtydande, skriv Mathias Fischer. Marvin Halleraker

Alt er liberalisme, skal ein tru dei ti debattantane frå norsk venstreside som har gått saman for å skrive boka «Ingen mennesker er født frie», med undertittelen «Kritikk av liberalismen».

Dei er ikkje særleg overtydande.

Kanskje fordi premissen til boka berre er delvis rett. «Ulike former for liberalisme har i snart fire tiår vore den dominerande tankeretninga i vår del av verden», står det på bokas bakside. Utsegna er korkje unik eller særleg kontroversiell. Men ho treng nyansering.

Les også

Kronikk: Sinnet mot Vesten

Openbert har mykje liberal politikk vunne fram, og ikkje berre dei siste fire tiåra; det er ikkje tvil om at landa i den vestlege verda i all hovudsak er liberale rettsstatar med marknadsøkonomi. Men liberalismen har ikkje sigra på alle frontar.

Samstundes har også sosialdemokratiet vunne, ikkje minst i Noreg. Velferd til alle er eit minst like sterkt ideal i politikken som fridom til alle.

Den karikerte forma for liberalisme, der staten knapt skal gjere anna enn å stogge folk i å plage kvarandre, har absolutt ikkje vunne noko hegemoni.

Boka er dedikert «Til liberalister i alle partier», og har eit sjølvuttalt mål om å gjere eit oppgjer med liberalismens hegemoni i Noreg.

Les også

– Liberalismen er under angrep

Da er det pussig at Sigurd Hverven, stipendiat i filosofi ved NTNU, nyttar sine boksider på å drøfte forholdet mellom negativ og positiv fridom, altså skilnaden mellom «fridom frå» og «fridom til». Sjølv om han har funnet eit sitat frå ei fråsegn frå partiet Venstre i 2014, er det ingen av dei etablerte partia i Noreg som fører ein politikk som berre er basert på fridom frå tvang.

Boka er i det heile blotta for argument for den grunnleggjande påstanden om at alt i Noreg er liberalisme. Ein av redaktørane er Klassekampen-leiar og sjølverklært marxist Mímir Kristjánsson, ein annan er Raudt-politikar.

Når ein står så langt til venstre som fleire av bidragsytarane gjer, er det nok vanskeleg å sjå skilnader mellom dei etablerte norske partia.

Men ein seriøs kritikk burde klare betre enn å teikne ultraliberalistiske stråmenn.

PÅSTAND: Trump er «liberalismens lausunge», ifølgje redaktørane av boka «Ingen mennesker er født fri». Carolyn Kaster / TT / NTB Scanpix

Den einaste artikkelen som tek for seg noko konkret frå norsk politikk, er skriven av Ellen Engelstad, redaktør i Manifest Tidsskrift. I hennar gode tekst om meritokrati tek ho for seg korleis haldninga til politikk har endra seg. I alle parti blir politikken framstilt som ein reiskap for gi dei flinkaste høve til å lukkast.

Observasjonen er presis, og det bør svi litt for SV når ho kritiserer slagordet «Ulike mennesker, like muligheter».

Ho samanfattar godt når ho skriv «Liberalismen vil gi alle like muligheter til å nå toppen, men har ikke svar på hva som skal skje med dem som havner lenger nede».

Diverre tek Engelstad dei same snarvegane som fleire av medforfattarane. Ho målar heile den vestlege verda med ein brei pensel, som når ho skriv at einskapsskulen er broten ned til fordel for eliteskular. Slik er det ikkje i Noreg, sjølv med borgarleg regjering.

Og også ho maktar å konkludere med at liberalarane eigentleg er motstandarar av demokrati og allmenn røysterett.

Fleire gonger er kritikarane inne på eit område der den liberale rettsstaten fortener å bli debattert, nemleg at det politiske handlingsrommet vert innsnevra når lovtolking overtek.

Slik er det jo. Lovar, grunnlovar, menneskerettar og internasjonale konvensjonar stoggar politikarar i å trampe på fridomen til folk og organisasjonar. Det er poenget.

Men i artikkelforfattaranes auge, er desse stengslene der berre for å verne dei rikaste kapitalistane og multinasjonale selskap mot folk flest.

Slik hoppar dei over korleis Grunnlova og menneskerettane sine mange innskrenkingar av folkestyrets handlingsrom, som ytringsfridomen, ikkje blei skrivne for å verne skipsreiarar. Paragrafane skulle sikre at alle, sjølv totalitære kommunistar, skulle få skrive bøker utan å bli fengsla av nokon konge.

Denne kritikken av korleis folkestyret er avgrensa, er dessutan eit godt døme på at liberalismen ikkje står så sterkt som boka legg til grunn. Det er ei rørsle for å innskrenke menneskerettane i mange parti, særleg dei konservative.

Sjølv om dei har ulike mål, har sosialistane her meir til felles med politikarar som Theresa May og Donald Trump enn dei gjerne skulle ønskje.

Det kan ikkje vere mange liberalar i alle parti som kjenner seg att i dei motiva dei blir pålagt i denne boka.

Det ser ut som forfattarane ikkje trur liberalarar har gode hensikter; at dei eigentleg berre er ute etter å styrke makta og rikdomen til dei mektigaste og rikaste. Som om folk berre lyg når dei seier dei vil gi meir fridom til folk flest.

Allereie i forordet skriv redaktørane «Etter Brexit og Donald Trumps valgseier har frykten for folkestyret på ny trådt fram i lyset. Når velgerne ikke stemmer slik liberalistene vil, må det være velgerne det er noe galt med». Kven er desse liberalistane? Kor er dei i norsk politikk?

Les også

Fischer om Ap: Nød lærer blottstilt parti å spinne

Mest håplaus er påstanden om at liberalismen ikkje er for allmenn røysterett. Særleg kjem dette fram i artikkelen til UiO-stipendiat og Raudt-politikar Ole Innset. Han har vore på svært selektiv morellplukking i utvalet av sitat frå gamle filosofar som var ikkje ønskte at alle skulle delteke i demokratiet.

Korleis dette skal vere relevant for Noreg i dag, kjem historikaren aldri til botn av.

Å konfrontere dagens liberalar med enkeltutsegn frå gamle tenkjarar, er ein uærleg debatteknikk.

Ein parallell frå høgresida ville vore å skrive «Ein kritikk av sosialdemokratiet», sagt at alle norske partier er sosialdemokratiske, og trekt røtene tilbake til væpna revolusjon og Sovjetunionens mange ugjerningar.

Det er nok gøy og interessant. Særleg nyttig er det derimot ikkje.