Eg er ateist med heile meg. Eit religionsfritt samfunn er noko av det eg fryktar mest.

Det er god plass i mange kyrkjer i våre dagar. På biletet er det gudsteneste i Solheim kirke i Bergen.

I hundre år har vi bede kristenfolket om å bli rausare. No er det vår tur.

Publisert: Publisert:

Snart er det jul. For nokon av oss er det ferie og familietid som lokkar. For andre er det nærast absurd å snakke om jula utan å konsentrere seg om kjernen: Ei feiring av at gudesonen vart fødd.

I åra som kjem vil denne kløfta berre verte større i det norske samfunnet. Etter 1000 år med kristendom som ei fullstendig dominerande kraft, har trua byrja sleppe taket.

Nyleg skreiv Åste Dokka, prest og Vårt Land-kommentator, om denne endringa:

«I små bygder opplever prester at det kommer en, eller to sjeler til gudstjeneste. I store byer opplever prester at ingen fra en av soknets ungdomsskoler melder seg til konfirmasjon. Dåpskullene skrumper inn, barnekoret må legge ned.»

Dokka er ikkje berre oppteken av kva praktiske konsekvensar dette har, men korleis det påverkar kjenslene hennar. Ho kjenner på ei sorg fordi heile røyndomen hennar går tapt:

Les hele saken med abonnement