32 skuledagar er tapt til ingen nytte. Det var ein kamp lærarane ikkje kunne vinne.

Lærarane mista til slutt mykje av støtta i folket, på grunn av den langvarige konflikten. Men det er grunn til å fordele skulda, skriv kommentator Gerd Tjeldflåt.

Lærarane hadde alt og alle mot seg i denne streiken.

Publisert: Publisert:

Den lengste lærarstreiken i historia enda i tvungen lønsnemnd. Etter 111 dagar, 32 av dei skuledagar, sit lærarane igjen, truleg utan nokon gevinst.

Det er eit sørgjeleg utfall, for både elevar og lærarar. Det største skippertaket i verda kan ikkje ta igjen den undervisninga som er tapt. Kostnaden er enorm.

Lærarane sit forsmådde igjen, og med mykje av skulda i den offentlege diskusjonen.

Men skulda skal fordelast på mange etter denne konflikten. Også dei som har laga eit system der lærarane aldri kan vinne. Det jobbar mot dei.

Les hele saken med abonnement