Trakassering som laurdagshygge

Frank Løkes oppførsel i «Skal vi danse» er seksuell trakassering. TV 2 burde ha lært.

Jens Kihl
Kommentator

BORAT-DRAKT: Det var pinleg å sjå Frank Løke svinge seg i Borat-tanga. Men det er pinlegare å lese kva TV 2-sjefane har å seie i etterkant av opptrinnet, skriv Jens Kihl. Cicilie S. Andersen, VG

Laurdag kveld kunne Noreg sjå eks-handballspelar Frank Løke danse i Borat-drakt. I pornoens tidsalder trur eg ærleg talt ikkje dette er så veldig sjokkerande.

Det debatten derimot bør handle om, er kva Løke og TV 2 utsette dansepartnar Tone Jacobsen for. Som Løkes danselærar er parketten i Skal vi danse arbeidsplassen til Jacobsen. Ho har gjort seg klar til å gjere jobben sin, og plutseleg riv Løke av seg dressen. Dermed står ho der med ein nesten naken mann og skal danse på direktesendt tv.

Reaksjonen frå Jacobsen var svært tydeleg i etterkant. Dette var over streken.

Seksuell trakassering er eit samleuttrykk for ulike typar uønskt seksuell åtferd. Den kan vere verbal, ikkje-verbal eller fysisk, og trakasseringa kjem ofte nettopp i ein «fleipete» tone. Det gjer det endå vanskelegare å seie frå om, fordi du då blir stempla som den humørlause og snerpete.

Så la oss vere litt humørlause og snerpete, då, om det er dét som trengst for å få bukt med trakasseringa.

TV 2 som arbeidsgjevar har hatt fleire rundar med opprydding i kjølvatnet av metoo-kampanjen. Nyhenderedaktør Karianne Solbrække slo prisverdig nok fast at ein måtte «røske opp det siste ugresset med rota».

Les også

Eirin Eikefjord: Sommerfest i Gubbeklubben

PÅ GOLVET: Frank Løke og dansepartnar Tone Jacobsen deltek i «Skal vi danse» på TV 2. Her dansar dei under sesongopninga. Thomas Reisæter, TV 2

Dermed blir spørsmålet: Har ikkje TV 2 lært noko? For når dansar Tone Jacobsen plutseleg får ein nesten naken mann å danse med, svarer kommunikasjonsdirektør i TV 2 Jan Petter Dahl at «det er sånt som kan skje» til VG. Det har han sjølvsagt rett i, men derfor må kanalen ta tak i det i etterkant. Kan Frank Løke få halde fram slik? Kva må Jacobsen grue seg til å bli utsett for neste laurdag?

Og apropos at TV 2-sjefen meiner kanalen «er like overrasket som alle andre»: Var det verkeleg ingen i TV 2 som las saka på fredag om at Løke meinte «det hadde vært moro å fått med antrekket inn i Cha-cha-cha-dansen vår på lørdag»? Det er i så fall pussig, all den tid saka er publisert på – ja, du gjetta det: TV 2.

TV 2 må gje ein langt tydelegare reaksjon enn dette. Kvinner og menn som arbeider på innspeling av TV 2-program må kunne gjere det utan frykt for å bli utsett for ubehagelege opplevingar, og ikkje minst: Dei må vere trygge på at dei har kanalen på si side dersom noko slikt skjer.

Det var pinleg å sjå Frank Løke svinge seg i Borat-tanga. Men det er pinlegare å lese kva TV 2-sjefane har å seie i etterkant av opptrinnet.