Det eg snakkar om når eg snakkar om å vere miljøvennleg

Skam er ikkje ei kjensle å byggje eit samfunn på, og det er ein dårleg motivator for å betre klimaet.

FINSTEMT SAMSPEL: Vert det mindre is rundt Svalbard, vert det vanskelegare for ringsel å formeire seg. Ringsel er isbjørnens viktigaste føde, og det vert mindre mat til isbjørnen, skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: Bangjord, Georg / DIGITALBILDE 53,6 MB TIF 14.02.08 10:16

  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær WWF Verdens naturfond
Publisert:

Som to av tre nordmenn vil eg gjere noko for å redusere miljøproblema. Men kva? Ta mindre fly og ikkje kaste plast? Arbeide for å endre politikk og næringsliv? Mitt svar er at den største effekten kjem gjennom innsats som skapar kollektiv handling, ikkje ved at vi slit med skuld og skam kvar for oss.

Det var neppe ho som sa det først, men sitatet vil for alltid hefte ved tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland: «Alt hengjer saman med alt». Eg tenkte på det som ei kompliserande bortforklåring då eg var yngre. No ser eg det motsett. Dess meir eg har arbeidd med natur og miljø, dess meir sant og treffande er det.

For naturen er uendeleg finstemd. Kvar naturtype, kvar art og kvart individ lever i samvirke og samspel. Vert det mindre is rundt Svalbard, vert det vanskelegare for ringsel å formeire seg. Ringsel er isbjørnens viktigaste føde, og det vert mindre mat til isbjørnen. Eit varmare klima gjer at raudrev kan leve lenger til fjells. Her kan den konkurrere ut den svakare fjellreven, som er kritisk truga i Noreg. Alt vi gjer, påverkar omgjevnadene våre. Og dei påverkar oss.

Les også

Millionbeløp til 14 nasjonale turmål

Menneskeskapte endringar grip no inn i alle deler av dette finstemte nettverket. Våre utslepp har allereie gjort klimaet på kloden om lag ein grad varmare. Hogst, landbruk, industrialisering og overfiske har redusert leveområda for dyr og plantar. Meir enn halvparten av dei ville dyrebestandane er borte berre i mi levetid.

Den britiske filosofen Timothy Morton har skildra kva dette betyr for sjølvforståinga vår: Vi skapar klimaendringar og økologisk øydelegging, og vi er i grunn klar over det. Det er ein objektiv samanheng mellom tenningsnøkkelen i vår eigen bil og øydelegginga av Great Barrier Reef – korallrevet utanfor Australia som er noko av det vakraste som finst, men som vert skada og døyr når vatnet vert varmare på grunn av klimaendringane. Det er summen av alle tenningsnøklane som skapar desse skadane. Inkludert min eigen.

Det er ein objektiv samanheng mellom tenningsnøkkelen i vår eigen bil og øydelegginga av Great Barrier Reef – korallrevet utanfor Australia som er noko av det vakraste som finst, men som vert skada og døyr når vatnet vert varmare på grunn av klimaendringane, skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: HO / X00561

Dette skil seg frå mange andre politiske spørsmål. I desse dagar er mange uroa for ein ny kald krig, men dei færraste av oss bidrar til problemet. Vi er mest tilskodarar. I motsett ende av skalaen har vi dei lokale og nasjonale sakene, som kva type behandling helsetenesta skal tilby eller kor mange lærarar vi skal ha i skulen. I stor grad kan ein kommune eller eit land avgjere det sjølv, utan å vere avhengig av andre.

Men ikkje når det gjeld miljø. Her heng alt saman med alt. Våre handlingar påverkar det globale problemet. Handlingar over heile verda påverkar oss.

Les også

BTs leder: Å øke avgiftene på fossilbiler er klok miljøpolitikk. Høyres landsmøte bør applaudere ideen.

Eg kjenner dette dilemmaet frå mange års diskusjonar. No har eg vore generalsekretær i Verdens naturfond (WWF) i ein dryg månad, og det kjem opp att. Organisasjonen vår er til for å gå laus på dei aller største utfordringane vi har. Ingen fleire artar skal døy ut.

Difor går eg på jobb og ber om nye tiltak mot eingongsplast, og frontar krav om at Noreg må ta dei naudsynte stega ut av oljealderen og inn i fornybarsamfunnet. Heime tek eg bilen til kjøpesenteret for å kjøpe plastpakka grønsaker, akkurat som andre folk.

Eg vil, som mange andre, vere miljøvenleg. Men kor mykje ansvar har eg privat, og kor mykje er samfunnet sitt ansvar? Er det kvar og ein av oss som må leggje om livsstilen vår, eller er det moralisme og peikefingermentalitet å krevje noko slikt?

Eit godt utgangspunkt er at vi alle må bidra. Den tyske filosofen Immanuel Kant formulerte det klassiske svaret, ofte kalla det kategoriske imperativ: Du skal handle sånn at dine handlingar kan vere ein regel for andre sine handlingar.

Men Kants moralfilosofi vart formulert med utgangspunkt i personlege vegval, moralske dilemma der dine handlingar fekk direkte effekt på utfallet. Det spesielle med miljøproblema er at vi er avhengig av veldig, veldig mange for at det skal få effekt. Enkeltpersonar kan gjere veldig mykje rett utan at det får tilstrekkeleg effekt, om vi ikkje får mange nok med oss.

Les også

Vinden blåser ut av landet

Det er difor kollektiv handling – handling som skaper felles løysingar – er så viktig. Handling som påverkar og utløyser samfunnsmessig endring, som igjen kan få mange til å følgje etter: Å gjere det enklare og billegare med elbil, å forby oljefyr eller å byggje gode alternativ til bil og fly. Det er ikkje summen av fem millionar enkeltval som har gjort at det vert kasta særs få flasker og drikkeboksar i Noreg, det er innføringa av pant som har gjort det. Ordninga gav eit incitament for å levere dei inn og eit system for å handtere flasker og boksar.

Det er i det heile veldig få store, viktige samfunnsspørsmål som blir handtert ved å overlate ansvaret til den enkelte. Det er fint om vaksne kan hjelpe barna med lekser, men det er først og fremst skulen sitt ansvar å lære opp borna. Det er bra om vi er greie mot folk som er sjuke eller uføre, men det er velferdsstaten som skal sørgja for at alle får hjelp. Og dei som kjempa fram velferdsstaten, dei gjorde det gjennom kollektiv handling.

Eg vil også åtvare mot å leggje skuld og ansvar på den enkeltes livsførsel og vanar. Når familien Hansen får skulda, er det andre som slepp for lett unna. Flyselskapa og samferdsleministeren har langt meir ansvar for flytrafikken enn du. Butikkjeder og miljøministeren har langt større ansvar for plast i havet enn du.

Alle må bidra, men dei mektigaste må gjere mest. Slik må det vere på klimaområdet også. Som enkeltmenneske er det fint og viktig at du tar ansvar. Alt bidrar. Men eg vil hevde at dei handlingane som påverkar andre, og skapar endring som angår mange, er viktigast.

TNS Gallup sitt klimabarometer syner at to av tre nordmenn allereie er opptekne av kva dei kan gjere for å redusere sin eigen påverknad på klimaet. Vi treng gode løysingar for å sette dette engasjementet ut i livet. Ansvaret for å få desse løysingane på plass, skal vi dele på. Men ikkje skam deg over alt som er ugjort. Skam er ikkje ei kjensle å byggje eit samfunn på, og det er ein dårleg motivator.