Aldrismen

Shutterstock / Scanpix (illustrasjonsfoto)

  • Asbjørn Kristoffersen

Greit nok at ungdomar får sommarjobb. Unge folk som aldri har gjort eit handtak, treng realitetsorientering. Men aldrismen på sommarjobbmarknaden er aldeles ikkje greit. Diskriminering av gamlingar er faktisk ulovleg. Og skadeleg for produktivitet og profitt og eit fargerikt fellesskap. Grånande skrukketroll gjev livet kulør.

Vi ere en Nation vi med, vi gamle pensjonister.

En ekstraslant vi frydes ved, og vi, vi ere mange.

Men det er ikkje til å koma forbi at vi er ein minoritet på arbeidsmarknaden. Og at vi er utsette for diskriminering. Det hjelper ikkje om vi er eggeskalkvite med sjokkrosa islett om sommaren. Det hjelper ikkje om vi går i fretexbunad og har ei skive med brunost og ei med servelatpølse og mellomlagspapir i mat­pakken. Og kokekaffi på termos i veska som vi fekk til konfirmasjonen. Nett som den gongen vi var ein majoritet, den gongen det var vi som sto for diskrimineringa.

No blomstrar aldrismen. Medan diskrimineringsombodet og integrerings- og mangfaldsdirektoratet gjev blaffen i skrukke­trolla. Statens neglisjering av lovløysa gjer utanforskapen desto verre. Pensjonistar som søkjer sommarjobb, er aller verst farne. Det er kanskje ikkje så mange med sikker plassering i navsystemet som siklar etter tariffløn og ordna arbeidstilhøve medan sola jobbar overtid, men det er ei prinsippsak at leverflekkar og celluittar og hengje­puppar og dingeldangel ikkje skal bli forbigått av nypudra barnerumper.

Alle som vil ha sommarjobb, skal ha like rett til sommarjobb. Visst er det bra at ungdomen får læra seg å slita for skjermslitasjen. At dei får ei innføring i kor mykje skattepengar dei må ut med når eldrebølgja toppar seg. Hardt arbeid er det vi har ungdom til. Vi gamlingar skal gjera det som hugar oss best, og hausta fagnad og åtgaum om vi sankar nokre ekstraskillingar attåt trygda. Og for at vi lærer ungdomen å setja pris på slit og forsaking og ei lita flaske brus på deling til alle ungane på laurdagskvelden. Det er det vi har gamlingar til.