Å gå i barn­dommen

Landet er tygd ned med 700 millardar tonn snø meir enn det statistisk sett skulle vera.

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

ULRIKEN: 1. april. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Enno ein gong fekk eg vetren å sjå, for våren å røma.

Om enn Ulriken framleis er dekorativt kvitstripa.

Sol ute, sol inne. Sol i hjertet, sol i sinnet. Sol, bare sol. Åh, hvor det skinner.

På på vinterbleike snauskallar, i forundra barneauge, på skumdottane til Utepilsens Vener.

Så lang ein vinter, så kald ein vinter. Mot normalt. Landet er tygd ned med 700 millardar tonn snø meir enn det statistisk sett skulle vera. Mot klimavarsla, mot dei villare, våtare, varmare framtidsutsiktene og Foreningen til Skisportens Avskaffelse. Eit opptørka Vestland før vårflaumane, ein bortkasta vestlandsbunad medan lågtrykka frå Island går på ski over Grønland denne sesongen.

Jeg velger meg april, fordi den smiler, smelter, fordi den evner eier, fordi den krefter velter, i den blir somren til.

Fordi forsmaken er den beste smaken. Fordi uoppfylte voner har mest ettersmak. Fordi ein sommar kan’kje vara evig veit du, kan aldri vara evig.

Nyskrubba ambisjonar. Færre raspeballar, fleire salatblad. Mindre skjermknekk, meir mage-rumpe-lår. Snillare, flittigare, eit betre menneske. Meir pengar? Meir pengar.

Jeg velger meg april, i den det gamle faller, i den det ny får feste.

Trur eg. Ønskjer eg.

Sytti gongar april. Sytti vårar. Sytti år, og like enkel i hovudet.

Å nei for himmel rein og klår! Å sæle meg, no er det vår.

Publisert: