Tur/retur Løvebakken

Sakene om Stortingets reiser, telefonbruk og festing viser kanskje aller mest eit nøkternt parlament.

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

UT PÅ TUR: Helge André Njåstad (Frp) er som stortingsrepresentant avhengig av å ferdast rundt i landet. Men er det eit problem? Her er han i valkampen 2017. Foto: Tor Høvik (arkiv)

Har vi han no? Frps finanspolitiske talsperson, Helge André Njåstad frå Austevoll, har levert nokre oppsiktsvekkjande reiserekningar.

Kva seier du til å feire 60-årsdagen til mor di på Hotell Ullensvang og leggje inn eit møte med hotelldirektøren? Eller å ta eit innspelsmøte om plan- og bygningslova på fasjonable Dr. Holms hotell på Geilo – i lobbyen og i flukt med påskeferien?

Delar av rekninga for desse turane var det skattebetalarane – altså du – som fekk, kan NRK denne veka avsløre. Sjølv om reiserekningane etter alt å døme er i tråd med regelverket, er det såpass kreativt at det strir mot folks rettferdssans.

Likevel: Om ein stortingsrepresentant skal ut av Oslo, er det vel bra om hen samstundes vil ta eit møte eller to med folk ute i landet. Tid er ein mangel for politikarar, sa Njåstad på Debatten på NRK tysdag kveld.

Les også

BT mener: Trøblete reiseregninger

Vesentleg verre var Mazyar Keshvaris saker. Det var regelrett svindel. Det er openbert ikkje greitt å fakturere Stortinget hundretusenvis for turar ein ikkje har reist på.

Det er også ein trist ironi i at det er Frp, som gjerne profilerer seg på lov, orden og avbyråkratisering, som no har ei framferd som kan føre til at ordningane blir stramma inn og byråkratiet aukar.

Frp har ikkje ei heilt grei historie her. I 2006 blei det avslørt at ein liten del av stortingsgruppa til Frp hadde ein eksklusiv konto som betalte storbyturar dei andre i Frp ikkje fekk sjå rekneskapane for.

I den relativt elleville VG-saka måtte Frp-formann (ja, det var tittelen då) Siv Jensen svare «jeg aner ikke» på kor mykje pengar som var blitt overført frå stortingsgruppa til kontoen Carl I. Hagen disponerte. Sånt bidreg ikkje til tillit mellom folk og politikarar.

Men Njåstad var i førre periode leiar for kommunalkomiteen på Stortinget. Bør vi ikkje eigentleg vere glade for at han farta mykje rundt i Kommune-Noreg?

NRK fortel at Njåstad og familien skulle køyre frå Austevoll til Oslo i 2016: «De er på sommerferie. Men familien kjører ikke direkte. De kjører via Eid og Askvoll, blant annet for å møte Høyre-ordføreren Frida Melvær.»

Eit raskt overslag tilseier at det tek 15-16 timar i rein køyring. Det er dersom alle ferjer klaffar, om ungen i baksetet ikkje masar om is og om bilen aldri treng drivstoff.

Avsnittet har fått den talande tittelen «Bilferie frå Oslo – med innlagte stopp», som om det vanlege er å køyre 16 timar utan å måtte tisse. Både i Askvoll og på Eid gjer leiaren for Stortingets kommunalkomité noko så uhøyrt som å gå på møte med den lokale ordføraren. For ei skam!

Stortinget må ut med 5144 kroner for at Njåstad drassar med seg familien heile Vestlandet rundt på denne turen. Det vil seie om lag to og eit halv tusen kroner for kvar av møta med distriktsordførarar. Det er innbrotspris.

I fjor var Njåstad med på kystkulturfestivalen Fjordsteam. Det er ikkje uhøyrt at ein stortingsrepresentant frå Austevoll bryr seg om folk og historie langs kysten – det motsette hadde vore verre.

I feit skrift kan NRK fortelje lesarane at «Njåstad var ikke invitert». Han var rett nok invitert, men av ein veteranbåteigar (med verv i Frp) og ikkje av sjølve festivalen.

Det er ikkje berre i denne saka redaksjonen kanskje burde ha lagt vekk ein del av materialet.

Jamleg får vi oversikt over kva stortingsrepresentantane bruker på ting som reise, drosje og telefon. Det er klart det var ei sak i si tid at Ap-representant Saera Khan brukte pengar på å ringje spåkone. Men er det eigentleg ei sak at leiaren for Stortingets utanriks- og forsvarskomité har høge telefonrekningar fordi ho har vore mykje i utlandet?

«Vi som stortingsrepresentanter [skal] av sikkerhetsgrunner være varsomme med å koble oss til usikrede trådløse nett i utlandet», sa Anniken Huitfeldt til Nettavisen. Det høyrest ut som ei dyr, men god vurdering.

Aftenposten har avslørt korleis partia bruker langt meir pengar på fest og moro enn kva som er vanleg elles i arbeidslivet. Dei har òg vist at dei store partia ikkje vil opne opp rekneskapane sine for pressa. Dette er svært uheldig.

Men er det ei sak at 16 MDG-arar brukte 36.458 kroner på eit seminar i Rømskog i Østfold? Det er litt over to tusen kroner per snute. Kva trur eigentleg Aftenposten at eit seminar med overnatting og middag kostar?

Når ein skriv slike saker, vil lesaren som regel oppfatte at saka er skriven fordi det er ekstravagant eller gal pengebruk med i biletet. Dermed er pressa med på å rive ned tilliten mellom folk og politikarar – men også mellom lesarar og presse. Fillesakene blir ståande i vegen for all den gode journalistikken på området.

Det var vel ingen tent med.

Publisert: