Flora + Vågsøy = raka fant

Valet i Kinn blir ei ny folkerøysting om Noregs raraste kommune.

Jens Kihl
Kommentator

UTVIKLE ELLER AVVIKLE: Kva skal eigentleg Kinn kommune bli til? Og korleis skal Florø og Måløy få ein sams identitet? Problema står i kø for nye Kinn. Biletet er frå Måløy sentrum. Tor Høvik

Kinn kommune er fødd i strid. Kva skal eigentleg kommunane Flora og Vågsøy med kvarandre?

Mellom kommunesentera Florø og Måløy er det godt over to timar – om ferja går og tunnelane er opne. Men avstanden er endå større om ein måler på andre måtar: Frå byborgarskapen i Florø til Elvis-festivalen i Måløy er det nesten uendeleg langt.

Og kva skal kystfolket eigentleg med ein kommune der store Bremanger ligg midt i? I haustens val er det eitt viktig spørsmål folket i dagens Flora og Vågsøy skal ta stilling til:

Skal Kinn bli utvikla – eller avvikla?

Konstruksjonen er kanskje ikkje så aparte som han kan verke ved første augnekast. Seinhausten 2006 gjekk Førde forbi Flora som den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane.

Det var eit hardt slag for det som lenge var den einaste byen i fylket.

Les også

Åpner for å skrote omstridt vindkraftplan

I dag har Førde høgskuleavdeling, sjukehus, NRK-kontor, statlege etatar og ein av filialane til nye Vestland fylkeskommune.

Flora har kvinneunderskot, folketalsnedgang og ein nedleggingstruga flyplass.

Fleire av ordførarkandidatane snakkar nettopp om dette. Sjølvsagt må ein kommune utvikle barnehagar og sjukeheimar, men grunnlaget for å bygge nye Kinn er nettopp at kysten må snakke med ei sterkare stemme.

Både Flora og Vågsøy er eigentleg pengemaskiner i Noreg. Oljebase, oppdrett, fiske og verft har sikra store inntekter. Men dette er usikre jobbar.

Og når arbeidsmarknaden er så kjønnsdelt som han er, manglar det rett og slett kvinnearbeidsplassar langs kysten.

Les også

– Stad skipstunnel er en investering i det Norge skal leve av i fremtiden

Igjen og igjen har kysten tapt kampen om offentleg arbeidsplassar mot Førde, Sogndal og Leikanger. Om ikkje heile kysten av Sogn og Fjordane skal bli ein einaste lang ungkarsfestival, treng den ein meir variert arbeidsmarknad.

Likevel er det langt frå alle som trur at Kinn er svaret på dette spørsmålet.

I juni 2018 gjekk innbyggjarane i Vågsøy til stemmeurna for å seie meininga si om å slå seg saman med Flora. Resultatet blei over seksti prosent nei til samanslåing, men politikarane valde likevel å gå vidare.

I Flora viste ei meiningsmåling klar overvekt for nye Kinn. Men Flora har dobbelt så mange innbyggjarar som Vågsøy. Dei treng ikkje vere redde for å tape når kjøtvekta rår.

Dette er noko av bakgrunnen for at Raudt og Senterpartiet blir spådd å gjere eit brakval i det første valet til nye Kinn. Dei går til val på reversering av heile samanslåinga.

Les også

Slik bygget han opp verdens største brønnbåtrederi

Det vil vere ein liten sensasjon om folk i Flora ved dette valet røystar Sp, eit parti som aldri har hatt særleg fotfeste i denne delen av Sogn og Fjordane.

Tilhengjarane peikar på at dette er ei såkalla frivillig samanslåing. Staten har ikkje overstyrt det lokale folkestyret. Det opnar for eit spørsmål eller to om kva som blir rekna som frivillig samanslåing. For lokalpolitikarane i Vågsøy har jo vitterleg gått på tvers av folkemeininga?

I dag har båe kommunar Ap-ordførar. Det var sannsynlegvis avgjerande for at det var mogeleg å konstruere nye Kinn, som altså blir den sjuande største kommunen i nye Vestland, med 18.000 innbyggjarar.

Til hausten stiller Flora-ordførar Ola Teigen på topp for Kinn Ap. Han er ein omtykt kar. I Vågsøy er derimot Ap i meir trøbbel etter både skulenedleggingar og no kommunesamanslåing mot fleirtalets vilje.

Kinn vil få ein stram økonomi, og reformpengane frå regjeringa blir berre småtteri samanlikna med kva behova i nykommunen er.

Dermed kan ikkje Kinn-politikarane blidgjere innbyggjarane med utvidingar og nyvinningar. Andre plassar i landet har eksplosiv pengebruk vore trikset for å minske samanslåingsmotstanden i folket.

Les også

BT meiner: Fjorden, baby

Både Høgre, Ap og Venstre konkurrerer om å vere partiet som er mest for samanslåinga. Det kan verke som dei ser på Senterpartiet omtrent slik dei etablerte partia i Bergen ser på bompengelista: Som ein slags inntrengjar i lokalpolitikken.

Høgres ordførarkandidat Morten Andreas Hagen er tidlegare ordførar i Vågsøy. Han er derimot ein ganske ukjent figur i Flora. Han får heller ikkje særleg draghjelp av regjeringa, som ikkje står veldig høgt i kurs i Sogn og Fjordane.

Venstre stiller med Jacob Nødseth på topp. Han er 31 år, men har allereie vore i kommunestyret i tre periodar. Når han no stiller for Venstre, er det hans tredje parti.

Det bles jo ikkje akkurat noko Venstre-vind over landet om dagen, men sjansen er god for at han gjer det vesentleg betre enn partiet hans vil gjere det nasjonalt.

Det er nok tvilsamt om Sidsel Kongsvik frå Senterpartiet får sjansen til å ikle seg ordførarkjeda. Men får ho det som ho vil, kan ho bli historisk som den første – og siste – ordføraren i Kinn.

Det ville jo på eit vis sett kysten på kartet.