Koronakrisa avslørte oss som samfunn

Fordelinga av makt og taletid er altfor skeiv. Det må vi fikse når vi skal reparere samfunnet etter krisa.

  • Jens Kihl
    Jens Kihl
    Kommentator

Sjukepleiarane har vore heilt naudsynte for å ta Noreg gjennom pandemien, men det var ikkje plass til ein representant for dei i koronakommisjonen.Her er sjukepleiarane på Bergen legevakt i mars 2020. Foto: Marita Aarekol (arkiv)

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Aldri i fredstid har så omfattande avgjerder blitt fatta så raskt som det siste året.

Samfunnet har blitt stengt ned på kort varsel – i fleire omgangar. Milliardar er utbetalt for å unngå krise. Store delar av helsevesenet blei omorganisert for å møte faren som truga.

I ein slik situasjon blir det endå viktigare kven som når fram med sine synspunkt til makta og i samfunnsdebatten, og kven som blir sitjande tause att.

Eller kven som slett ikkje er tause, men som kan rope ut alt dei vil – det er berre ingen som høyrer dei.

Regjering og storting har gjort så godt dei har kunna i denne krisa. Samanlikna med andre har Noreg kome godt frå pandemien både helsefagleg og økonomisk.

Men for næringslivstoppane i Norsk Industri var det nok å sende ei tekstmelding til regjeringa for å få eit innreisereglement som passa dei, slik Aftenposten avslørte.

Les også

Podkast: – Det er ingen som tar abort i veke 22 fordi dei er lei av å vere gravid

Andre har stått i kø for få delt ut mat. Den gruppa høyrer vi mindre frå. Dei færraste tør å stille opp i avisa for å seie «hei, eg er fattig og treng hjelp». Eller «hei, det er ikkje så lett å ha heimeskule når mor har eit alkoholproblem».

I regjeringas koronakommisjon var det plass til tre legar, men ingen sjukepleiarar. Støtteordningane for næringslivet blei tillitsbaserte. Støtteordningane for arbeidsfolk blei organisert med millimeterkontroll.

Alt dette stiller nokre krav til oss som samfunn når vi skal evaluere koronakrisa og deretter finne vegen ut.

Det er mykje vi framleis ikkje har evaluert. Det er openbert at helsevesenet vårt fortener djup respekt (og for manges del: høgare løn) for innsatsen under koronakrisa, og koronakommisjonen har kome med viktig lærdom.

Les også

Jens Kihl: Endeleg har KrF funne seg ei ny, god taparsak

Men helsevesenet var ikkje åleine om å ta oss gjennom pandemien på ein god og trygg måte:

Butikktilsette var ikkje ekspertar på smittevern før pandemien, men dei kunne hygiene og logistikk.

Lærarane kunne ikkje alt om å drive heimeskule eller ha undervisning på raudt nivå, men dei kunne mykje om digitale læremiddel og tilpassa undervisning.

Sjukepleiarar flest hadde ikkje stått i ein pandemi av dette omfanget før, men dei kunne alt om å jobbe under forhold der du ikkje har peiling på korleis arbeidsdagen vil bli når du kjem inn døra på sjukehuset.

Det alle desse (og mange andre) har til felles, er evna til å tenkje sjølvstendig. Norske tilsette finn løysingar sjølv og tør å seie frå når ting ikkje er som dei bør vere.

Les også

Jens Kihl: Klem ein ekspert

Det er også ein del av samfunnsberedskapen. Når vi skal tilbake til kvardagen, må vi hugse på dette. Det bør òg vere ein del av evalueringa av den breie samfunnsinnsatsen:

Korleis sikrar vi eit arbeidsliv der vanlege tilsette tør å seie frå og blir lytta til? Svara kan vere alt frå fast stilling til god skulering av verneombod. Og kva med alle dei andre, dei som er utan sterke talspersonar?

Vi i media kan ikkje frikjenne oss sjølve her. Det siste året har norske journalistar gjort ein imponerande jobb med å dekkje krisa. Både matkøane og sms-utvekslingane er kjent fordi media skreiv om dei.

Men det finst menneske og livssituasjonar som har fått lite merksemd. Vi har ikkje lese nok om dei elevane som skulle ha heimeskule i ei leilegheit der dei vaksne ikkje kan norsk. Vi må forstå meir av kvardagen for utanlandske arbeidstakarar i Noreg.

No skal vi saman finne vegen ut av denne krisa og tilbake til eit meir normalt liv. Det handlar om å lappe i hop næringslivet og skaffe arbeidslause ein jobb. Men det er ikkje nok. Vi må også finne måtar å fordele taletida i samfunnet betre på.

Det må også bli ein lærdom av denne krisa.

Publisert
  1. 1. mai
  2. Koronaviruset
  3. Koronakommisjonen
  4. Pandemier
  5. Krise

Les mer om dette temaet

  1. Krisen i India rammer verdens største vaksineproduksjon

  2. «Vaksinane må gå der dei har størst effekt»

  3. Regjeringen skjerper krav om lederlønn i statseide selskaper

BT anbefaler

Per Ole hadde fast jobb og god inntekt – sluttet for å følge drømmen

– Det har vært tøft, men verdt det.

LES SAKEN