Vaksinemisunning

  • Asbjørn Kristoffersen
    Asbjørn Kristoffersen

Mick Jagger, Dolly Parton (biletet), dronning Elisabeth, Olav Thon, mora til naboen, dei rører på seg alle i hop, skriv Asbjørn Kristoffersen. Foto: Jordan Strauss / Invision

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Koronavom mot muffinmage. Grevinneheng rundt kalkunhals. Maskelaus munn, frittståande nase, utilslørte høyreapparat. Null millimeter avstand. Sjå, der valsar bestefar, sjå, der rokkar oldemor, sjå for ein stil dei har.

Fullvaksinert seniordans på løyvelaust lokale. Slepp gamlingane fri, det er vår. Men ikkje eit ord til dei halvvaksinerte og dei uvaksinerte. Det dei ikkje veit, kan dei ikkje hisse seg opp over.

Stol aldri på nokon under sytti.

Visst skal vi ha vaksinesertifikat, sjølv om synet av oss burde vera legitimasjon god nok. Skremmer, leverflekkar, hårdottar i nase og øyrer, grå skalp eller tomt topplokk skulle ha opna alle landegrenser og kommunegrenser. Welcome to Syden!

Men sytti kan vera dei nye seksti, i ekstremtilfelle visstnok dei nye femti. Det finst Botox og kamuflasjemåling og kjøpetenner. Det finst nittiåringar som trener til halvmaraton i Berlin. Mick Jagger finst, Dolly Parton, dronning Elisabeth, Olav Thon, mora til naboen, dei rører på seg alle i hop. Det har funnest ein mann i Hardanger som strekte kjølen til ein ny oselvar då han var hundre. Han meinte det ville ta ti år før båten kunne sjøsetjast.

Låt deg aldri lura av eit grevinneheng.

Vi må ha vaksinesertifikat med statsautorisert fødselsnummer for å koma oss til Syden, med eller utan Botox. Syden er ein menneskerett for pensjonistar. Norske gamlingar har vore dei flinkaste i koronaklassen til Erna. Vi har stått fremst i vaksinekøen fordi vi har gjort oss fortente til det. No er det tid for paraplydrinkar. No er det Syden som treng oss. Utan norske pensjonistar stansar Syden.

Det er synd på folk under sytti. Vi har omtanke for alle halvvaksinerte og uvaksinerte. Men Old Lives Matter. Det finst folk som er gjorde arvelause. Eller er blitt røysta ut or regjeringskontora. Eg trur ikkje eg treng seia meir. Dei uvaksinerte får gle seg til dei sjølve kjem i trygda. Då kan dei takka og prisa Dolly Parton og meg.

Det er vår vår i vår.

Publisert
  1. Eldrebølgja
BT anbefaler

– Vi kan ikke gå fra kamp til kamp og si at vi leverte en hederlig innsats

Det butter voldsomt imot for Brann om dagen. 1–10 i målforskjell og null poeng er fasit etter sesongens tre første…

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Her rydder de Nygårdsparken etter 17. mai

  2. – Kommunen er på ville veier i Eidsvåg

  3. Koronamedisin fra Bergen effektiv mot alvorlig sykdom

  4. Flere ulykker med sparkesykkel

  5. «De unge er ikke Branns problem. Det er de erfarne som svikter.»

  6. Her blir festdagen avsluttet