Bilturar og heimekos

Publisert Publisert

Asbjørn Kristoffersen. Foto: Jan M. Lillebø

Gamle sjekkeoppskrifter blir som nye i innestengde dagar. Heimekos er eit velprøvd agn i den største risikogruppa. Bilturar har heller ikkje tapt sin glans. Tette tak, sofa og to lenestolar, varmt og godt, på fast adresse så vel som på hjul, nokon som passar for meg i virusavskjerma kos. Med smittetrygg tilkomst til turar i folketomme skogar og marker. Nett som i før-tinderske, før-koroniske dagar.

I dei dagar då det fanst pensjonistar som aldri hadde skifta kjøken eller samlivspartnar, hadde statspensjonistar og statstenestemannsenker særleg stor sjanse på nokon-som-passar-for-meg-marknaden. «Statspensjonist med hus og hytte og austlandskøyrt Opel Rekord søkjer stilig dame i passande alder. Bill.mrk. Gjeldfri.»
«Statstenestemannsenke med hus og hytte og Opel Rekord med skinnsete søkjer velsituert herre i passande alder. Bill.mrk. Må ha sertifikat.»

Dagens risikogrupper har i gjennomsnitt skifta kjøkeninnreidning 4,1 gongar og samlivspartnar 2,7 gongar. Men pensjonistar blir ikkje permitterte. I private pensjonskasssr er det likevel risiko for devaluering av pensjonsutbetalingane. Det er duka for ein ny vår for statspensjonistar og gullenker.

I koronaens dagar er ikkje-pensjonistar ute etter berre ein ting. Såpass konsekvensanalytiske må vi i den største risikogruppa vera når vi er på sjekkaren. Spekulantar vakar over koronadiagramma. Å testamentera alt ein eig til Rasekattklubben i Drammen stoggar ikkje folk som var på tinder før vi var på fjesboka. I særleg utsette aldersgrupper finst nokon som passar best for oss som hugsar Opel Rekord og drøymer om eit glas raudvin framfor peisen, sjølv om vi aldri har hatt peis. Heimekos er ikkje for amatørar.

Inntil Erna gjev klarsignal, må jamvel pensjonistar som passar for kvarandre halda ein viss avstand. Etter den tid kan det også bli mindre kos med bilturar, bompengar og bilskam. Eit glas raudvin kombinert med vedfyring er ikkje lenger noko å avertera med. Men heimekos er blitt berekraftskryt. Pensjonistar er dei nye hipsterane.

Publisert