Generasjon null pensjon

Ungdommen må betale i framtida for at regjeringa ikkje klarer å halde att pengebruken.

Publisert Publisert

KOS: Finansminister Jan Tore Sanner (H) og statsminister Erna Solberg (H) er uroa for statsfinansane i tiåret framover, men dei vil neppe bruke det siste statsbudsjettet før valet i 2021 til å gjere noko særleg med det, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Heiko Junge

  1. Leserne mener

Finansminister Jan Tore Sanner (H) byrja foredraget med eit bilete av seg sjølv. I salen sat regjeringa, på veggen såg dei Sanner som Unge Høgre-leiar i 1990. Han såg omtrent like uskuldsrein ut som han gjer i dag. Det var ikkje lett å sjå at han bekymra seg for generasjonsrekneskapen den gongen. Men det gjorde han, kunne Sanner sjølv fortelje.

I mai kjem regjeringas perspektivmelding. Tysdag denne veka samla Erna Solberg (H) heile regjeringa til ein konferanse om meldinga, med etterfølgjande gruppearbeid.

– Eg trur eg viste fram denne i 1990 også, sa Sanner, og klikka opp ein graf som viste forholdstalet mellom pensjonistar og yrkesaktive. Den gjekk rett i taket.

– Forskjellen frå 1990 er at vi no er på det punktet at det blir færre i yrkesaktiv alder i forhold til pensjonistar, held han fram.

Strengt tatt byrja dette fallet allereie i 2010. I heile Solberg-regjeringas tid har det altså blitt stadig færre yrkesaktive som skal betale for kvar pensjonist. Utan at det har lagt noko dempar på regjeringas pengebruk.

Tvert om har underskotet på statsbudsjettet, den delen som blir finansiert av pengar frå oljefondet, auka frå 126 til 244 milliardar kroner sidan Erna Solberg (H) tok over styringa i 2013.

Regjeringa har altså fyrt godt, og no «brenn det på dass», for å sitere Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark. Han mana til ansvar, slik dei borgarlege ungdomspartia har gjort i fleire år.

– Viss vi ikkje klarer å prioritere meir, kan vi bli generasjon null pensjon, sa han, med tyngda på ordet «vi».

Les også

Sanner om kortere arbeidstid: – Glem det!

Perspektivmeldinga som kjem i mai vil vise at det må harde prioriteringar til. Men det fine med slike meldingar, akkurat som med klimamål, er at tidshorisonten er lang. Ti år, ifølgje statsministeren. Då kan ubehageleg ting utsetjast.

Difor er ikkje Perspektivmeldinga det viktigaste framtidsdokumentet regjeringa legg fram i år. Det er statsbudsjettet. Det er der, kanskje med eit frampeik i revidert nasjonalbudsjett i mai, at regjeringa må vise at det heile ikkje berre er tomt prat.

Eg er ikkje optimistisk. Solberg talte varmt om å sørgje for at ingen står utanfor, og at «alle får vere med». Det er klokt og hjartevarmt, men når budsjetta skal strammast inn, kan det bli vanskeleg å gjere alle til lags.

Også det at regjeringa igjen har blitt ei mindretalsregjering, og at 2021 er eit valår, talar for nok eit romsleg statsbudsjett. Frp vil krevje sitt for å støtte regjeringa, og regjeringspartia sjølve treng nokre godbitar om dei skal ha von om å løfte seg frå elendige meiningsmålingar.

Kor bekymra skal ein så vere for framtida? Noreg står betre rusta til å takle eldrebølgja enn dei fleste land i verda, og langt betre enn Sanner kunne drøyme om i 1990. Det skuldast at oljeinntektene har blitt langt høgare, og oljefondet dermed langt større enn nokon forstilte seg.

Men samstundes har vi lagt oss til ein langt høgare offentleg pengebruk. Dermed er det ikkje så mykje å gå på når oljeinntektene flatar ut og etter kvart går ned i løpet av 2020-talet.

Dette skjer samstundes som talet på pensjonistar kvart år vil auke med 25.000–30.000, i fleire tiår framover. Allereie neste år vil Noreg få over ein million pensjonistar.

Utgiftene til pensjonar vil auke med ni milliardar kroner i året dei komande åra, i følgje Sanner. I tillegg kjem vekst i utgifter til helse og omsorg.

Då må ein bruke mindre pengar på andre ting, og/eller auke skattane. Oljefondet vil ikkje vere nok, viss nokon trudde det.

Les også

Hans K. Mjelva: Feige politikarar og eit oljedopa folk

Kor vanskeleg det blir er avhengig av korleis ein lykkast på to andre område: å effektivisere offentleg sektor, og å skape nye arbeidsplassar.

Det siste først: Investeringane i oljesektoren vil byrje å falle allereie neste år. Det vil merkast. Uansett kva ein meiner om klimasaka, må difor norsk industri omstillast utover på 2020-talet.

For staten betyr det utgifter til utdanning (frå barnehage til universitet), forsking og støtte til nyskaping. Berre den statlege delen av eit nytt karbonfangstanlegg er venta å koste 11–12 milliardar kroner.

Så til offentleg sektor: Solberg-regjeringa har sett i gang fleire effektiviseringsreformer, der kommunereforma er den største. For å smørje desse reformene, som har skapt mykje sinne i distrikta og glede hjå Senterparti-strategar, har regjeringa pøst på med pengar.

Skal utgiftene ned, kan ikkje regjeringa halde fram med å seie at effektivisering skal takast ut i nye tenester. Då må det kutt til. Målretta, gjennomtenkte framtidsretta kutt, ikkje blinde, uprioriterte kutt som regjeringas Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform.

Sjansen for at noko slikt skjer i statsbudsjettet til hausten, er liten. For oss godt vaksne held nok dei gode tidene fram.

Så lykke til, generasjon null pensjon!

Publisert