Vi treng ein skikkeleg politikk for PR-byråa

Det er nok surr no. Skal PR-byrå, offentleg sektor og politikken leve saman, må vi få nokre spelereglar som alle kan halde seg til.

Publisert Publisert

PÅ ALLE SIDER AV MATBORDET: Då Sylvi Listhaug (Frp) blei landbruks- og matminister i 2013, hadde ho nyleg hatt oppdrag for matvaregiganten Rema 1000. Her frå ein bondedemonstrasjon i 2014. Foto: Håvard Bjelland (arkiv)

  1. Leserne mener

Utskjelt, myteomspunnen og ettertrakta: PR-bransjen sluttar ikkje å skape strid.

Til saman brukte staten i fjor nesten sju hundre millionar kroner på konsulentar som skulle drive med «organisasjonsutvikling, kommunikasjonsrådgivning mv», ifølgje Stavanger Aftenblad.

Det er berre éin ting å seie om det: Det er for mykje. Sjølv om ikkje alle desse pengane har gått til PR-bransjen, er det eit faktum at offentleg sektor bruker store summar her kvart einaste år.

Slik eg ser det, er det minst tre problem med PR-byråa som vi bør ta tak i: Pengebruk, openheit og svingdørspørsmålet.

Ved å streke opp nokre skikkelege grenser, blir heile feltet meir ryddig: Eg har aldri elska denne bransjen og kjem sikkert aldri til å gjere det. Men også vi som er kritiske, må nok slå oss til ro med at byråa er komne for å bli.

På same måte bør PR-bransjen sjølv sjå at dei vil ha mykje å tene på eit betre omdøme og ryddigare forhold. Med nokre fleire reguleringar ville dei sleppe å stå i stadig nye debattar om kva rolle dei eigentleg speler.

Les også

Podkast: – Trym Aafløy blir misforstått av kritikarane sine

For det fyrste: pengebruken.

Det er heilt greitt at stat og kommune leiger inn ekstern hjelp for å løyse ekstraordinære oppgåver. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil at staten skal bruke nøyaktig null kroner hos PR-byrå. Det synst til og med eg at blir i strengaste laget.

Men heilt vanleg kommunikasjonsarbeid treng ein ikkje leige nokon inn for å utføre. Og ikkje minst: Det finst grelle døme på at offentleg sektor leiger inn PR-byrå for å påverke seg sjølv. Det må vi få ein slutt på.

Kvifor marknadsførte Forsvarsbygg seg overfor Forsvaret med hjelp av PR-byrå i 2014? Og kva i alle dagar var grunnen til at NSB brukte PR-hjelp før Samferdsledepartementet la fram Nasjonal Transportplan i 2013?

Dette er saker Stavanger Aftenblad og Aftenposten har vist, men det finst etter kvart haugevis av døme på dette. For å ta ei dagsaktuell sak:

Målselv kommune har brukt PR-byrå for at regjeringa skulle snu i saka om kor redningshelikopterbasen skal liggje.

«Vi har brukt First House for å rådføre oss i forhold til hva som er en lur måte å innhente informasjon på, hvordan vi skal jobbe og hvem det kan være lurt å kontakte», sa Sp-ordførar Bengt Magne Luneng til Nordlys.

Det er tydelegvis litt strekk i laget i Senterpartiet.

Les også

BT meiner: Partia må stoppe triksing med etterløn

For det andre: openheit.

I dag veit vi lite om kva statssekretærar og andre med fartstid i PR-bransjen eigentleg har gjort. Det går ikkje.

I politikken er det bra å ha erfaring frå eit felt. Du blir ikkje automatisk inhabil av den grunn. Ein bonde kan bli landbruksminister og ein skodespelar kan bli kulturminister.

Poenget er at det må vere gjennomsiktig. Det er det ikkje i dag.

Før ho blei statsråd, arbeidde Sylvi Listhaug i First House. Og tenk, så kjekt det er når du kan hyre inn eit sentralstyremedlem i Frp til å lage lobbystrategiar – om Frp.

Dagbladet har vist at Listhaug i si tid i First House leverte faktura for å forklare Idrettsforbundet korleis dei kunne få Frp til å bli tilhengjar av Oslo-OL.

Ho melde seg inhabil i relevante saker i Frp. Dette er likevel ei håplaus suppe som PR-bransjen og politikken ikkje kan bade i saman.

Kva med ein enkel regel som sa at offentleg sektor berre kan kjøpe kommunikasjonstenester frå selskap med opne kundelister?

Og ein like enkel regel som sa at politikarar med bakgrunn frå PR-bransjen skal offentleggjere ei total kundeliste? Då hadde vi kome ganske langt.

Les også

Klimaforsker og byluftforkjemper blir ny skolebyråd

For det tredje: Svingdøra.

Erlend Fuglum var leiar av Senterungdomen frå 2004 til 2007, før han blei leiar i Senterpartiets studieforbund. Frå 2010 til 2012 jobba han i First House, før han blei rådgjevar og statssekretær for Sp-leiar Liv Signe Navarsete frå 2012 til 2013. Så var det tilbake til First House.

Ein offentleg granskingsrapport viste i 2014 at Erlend Fuglum i 2012 gav Troms Kraft råd om å «få saken til å handle om Sp» då kraftselskapet var i hardt vêr, skreiv Klassekampen. Dei hadde nemleg gjeve fordekt valkampstøtte til Sp.

Det er greitt å byte jobb, men veljarane må vere trygge på at den tilliten dei gjev politikarane blir forvalta på best mogleg måte. Ei lang rekkje statssekretærar og enkelte statsrådar har blitt rekrutterte frå PR-bransjen, for så å gå tilbake dit.

Endå fleire går til PR-bransjen etter enda fartstid i politikken. Her trur eg kanskje ikkje det er så lett å lage reglar. Men partia sjølve bør i alle fall seie tydeleg frå om at dei liker dårleg at PR-folk profilerer seg med «tidlegare statsråd».

Dei bør òg seie at konsulentar med lukka kundelister ikkje er velkomne til å ta verv i partiet samstundes, sjølv ikkje når dei melder seg inhabile i saker der dei har ei dobbeltrolle.

Det er nok å sitje på éi side av bordet om gangen.

Publisert