Svenske KrF-tilstandar

KrF må vekse for at Kjell Ingolf Ropstad skal samle partiet. Kan han bruke suksessoppskrifta frå Sverige?

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

MÅ VEKSE: Det viktigaste Ropstad kan gjere framover, for å samle partiet, er at KrF veks på målingane, skriv Morten Myksvoll. Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix

Helgas KrF-landsmøte blir uvanleg. Det førre møtet deira var kanskje det mest omtalte landsmøtet i norsk politisk historie. Då skulle dei avsetje eller styrkje Solberg-regjeringa.

Det enda med det siste.

Kvar einaste delegat stod fram med sitt syn. KrF vart delt i raude, blå og gule delegatar. Utfordringa for den nye leiinga er å samle det som er igjen av KrF.

Denne helga arrangerer KrF eit samlingsmøte.

Ingelin Noresjø frå Nordland er innstilt som ny nestleiar i partiet. Ho var tydeleg på raud side i haust, og sa så seint som i januar at ho ikkje ville ha Ropstad som partileiar. Det kan vere ein styrke for partiet, at ho ser ut til å gå inn i KrF-leiinga.

Noresjø var ei av dei «raude» som stemte for Granavollplattforma i januar. Hadde ho stemt mot, ville Ropstads regjeringsdraum blitt lagt i grus. Plattforma vart nemleg vedteke med éi stemmes overvekt.

Les også

KrF-innstilling: Ropstad får med seg Bollestad og Noresjø i partiledelsen

Det viktigaste Ropstad kan gjere framover, for å samle partiet, er at KrF veks på målingane. Det gir organisasjonen optimisme inn i eit vanskeleg lokalval.

I mars hadde partiet 3,4 prosent oppslutning på pollofpolls.no sitt snitt av alle nasjonale målingar. Det er krisedårlege tal for KrF.

Ropstad ser heilt openbert til Sverige. Der har Kristdemokraterna (KD) reist seg. Partiet såg ut til å måtte kjempe mot sperregrensa på fire prosent, akkurat som KrF ligg an til her i Noreg.

Berre éin månad før valet, fekk KD under tre prosent oppslutning på fleire målingar. Så snudde det. Dei enda på 6,5 prosent.

Ebba Busch Thor har tatt svensk politikk med storm. Ho trefte godt på valkampen, og førte KD sitt beste val sidan 2006.

Den svenske partileiaren er ung, blid og karismatisk. Thor slo hardt frå seg i debattane, og vart ei tydeleg stemme blant dei mange svenske partileiarane. Ho stod fram som langt meir offensiv enn Moderaternas leiar, UIf Kristersson, og viste seg å vere sterk på helsepolitikk. Det vart viktig i valinnspurten.

Thor har òg vore tydeleg i si støtte til den svenske høgresida, og ho opna døra for samarbeid med Sverigedemokraterna. Dei andre sentrumspartia lukka døra.

SUKSESS: – Ebba Busch Thor har tatt svensk politikk med storm. Ho trefte godt på valkampen, og førte KD sitt beste val sidan 2006, skriv Morten Myksvoll. Jessica Gow, TT NYHETSBYRÅN

Når Ropstad ser til Sverige, bør han vere bevisst på at det ikkje er alt Thor har gjort som kan takast heim. Noreg og Sverige er trass alt ganske ulike.

Noko av det KD har profilert seg på, er den såkalla genuspolitikken – det at ein viskar ut forskjellar mellom kjønn.

Like før valet i fjor, vart framlegget til nye læreplanar i den svenske grunnskulen presentert. Der står det at skulen skal motverke kjønnsmønster og dei tilsette skal inspirere til andre enn kjønnsstereotypiske val.

Thor kalla dette for «genusflum», ein slags kjønnsblanding. – La gutar og jenter leike som dei sjølv vil, sa Thor då.

Sverige var tidlegare ute enn Noreg i å bruke kjønnsnøytrale uttrykk. «Hen» kjem frå svensk, og finst foreløpig ikkje i den norske ordboka.

Mange arbeider for å redusere kjønnsforskjellar og motarbeide kjønnsroller i Noreg òg. Men inntrykket mitt er at Sverige har gått lenger enn Noreg på dette feltet.

Noreg er kanskje ikkje liberal nok til at KrF kan vekse på ein slik konservativ motkultur.

Les også

– En representant fra regjeringen bør vise større respekt

Svenskane har òg ei regjering som er langt meir radikal enn den norske. KD er i opposisjon, KrF har makt. Elles er nok den største forskjellen at Sverigedemokraterna (SD) er eit meir ekstremt parti enn det Framstegspartiet er, og at svensk politikk har vore i krise i fleire år.

Det meste har handla om å halde SD unna makta. Då er det ikkje så rart at ein partileiar som er litt annleis i sine val, har ein viss appell.

Ein skal likevel ikkje underslå kor forskjellige Ebba Busch Thor og Kjell Ingolf Ropstad er òg. Det som fungerer for henne, fungerer ikkje nødvendigvis for han.

Denne veka viste Ropstad teikn til at han vil prøve å herme etter Thor. Før landsmøtet varslar han eit tydelegare KrF. Det kan bety meir snakk om kristne verdiar, som Ropstad meiner er betre enn andre verdiar.

Han trekkjer fram «ærlighet, tilgivelse, likeverd og likestilling».

KrFs haldning til likestilling kan bli den første endringa for å tydeleggjere frontane mot venstresida. Landsmøtet skal nemleg ta stilling til pappapermen. Dei skal anten fjerne, innskrenke eller behalde fedrekvoten som i dag.

Framlegget på KrF-landsmøtet er nok ein reaksjon på den siste utvidinga til Solberg-regjeringa, der far og mor får like mange veker foreldrepermisjon. Det er fornuftig politikk, som sikrar at far får like rettar som mor.

Dersom heile fedrekvoten vert fjerna – slik at familien sjølv disponerer permisjonsvekene fritt – blir konfliktlina mot venstresida tydelegast. Det ville nok Ebba Busch Thor gjort. Då får det nok vere med likestillinga.