President Trumps barnefengsel

Donald Trump skuldar på demokratane, men det er han som er ansvarleg for at USA sperrar born inne i bur.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

NY PRAKSIS: Alle som vert tatt i å krysse grensa til USA skal no stillast for ein føderal domstol. I mellomtida vert immigrantane fengsla. Då skil styresmaktene borna frå foreldra. Foto: RGV-FCB, TT NYHETSBYRÅN

Ulovleg innvandring høyrest alvorleg ut, men i amerikansk lov er det berre ei misferd å krysse grensa. Det er altså definert som noko mindre enn eit brotsverk. Strafferamma er bøter eller maksimalt seks månader i fengsel. Det er likestilt med hærverk eller mindre butikktjuveri.

Vanlegvis har amerikanske styresmakter handtert ulovleg innvandring i eigne immigrasjonsdomstolar. Mange av dei som kryssar grensa, søkjer asyl. Det kan ein ikkje gjere før ein når grensa.

Men no vil president Trump setje ein stoppar for grensekryssinga, og har difor innført nulltoleranse: alle skal straffast.

Les også

Trump: USA er ingen innvandringsleir

Alle som vert tatt i å krysse grensa skal no stillast for ein føderal domstol. I mellomtida vert immigrantane fengsla. Då skil styresmaktene borna frå foreldra.

Somme vert sendt i barnevernsinstitusjonar og fosterheimar. Men kapasiteten vart fort sprengt. Difor sit tusenvis av born fengsla i lagerbygningar. I bur.

No er det fullt i lagerbygningane òg. Difor byggjer styresmaktene ein teltleir i Texas med plass til 5000 born. Der skal borna vente, i 40 grader og solsteik.

Tryggingsstatsråd Kirstjen Nielsen meiner at det ikkje er administrasjonens politikk å ta borna frå foreldra sine. Men det er nulltoleransen for grensekryssinga som er årsaka til at det skjer.

Det visste òg Trump-regjeringa då dei innførte regelen. Justisminister Jeff Sessions sa at dette ville skje, då han annonserte den nye praksisen i mai.

Den nye praksisen har utløyst ein storm av reaksjonar. Det er nok òg meininga. Trump har tidlegare truga med å deportere immigrantar som kom til USA som born, viss ikkje demokratane går med på å finansiere grensemuren hans. Den som Mexico eigentleg skulle betale for.

Trump skuldar igjen på demokratane, når han vert spurt kvifor born vert skilt frå foreldra sine. Det er «deira lov», lyg han. Det er hans administrasjon som har endra praksisen, og det er republikanarane som styrer kongressen.

Formålet er avskrekking. Me kjenner signal-retorikken frå Noreg, men i USA er den tatt ut i det ekstreme.

Interneringa er heller ikkje unik for USA. Brutaliteten er unik. I Noreg vert barn sperra inne med foreldra sine før uttransportering, når ein fryktar at familien vil forsøkje å flykte. Dette er ein praksis som er omstridd i Noreg, spesielt knytt til utlendingsinternatet på Trandum.

STENGER GRENSA: Trump ønskjer å stengje grensa, og har difor innført ein regel som fører til at born vert fråtekne foreldra sine. Foto: Pablo Martinez Monsivais, TT NYHETSBYRÅN (Arkiv)

USA er bygd på innvandring. «Gje meg dykkar slitne, dykkar fattige», står det på fridomsgudinna i New York. Heilt sidan landet vart til, har USA vore ei frihamn for forfølgde. I USA er det positivt å vere lykkejeger. «Liv, fridom og jakta på lykke» er sentrale amerikanske verdiar, nedfelt i sjølvstendeerklæringa.

Amerikanarar dyrkar ofte fleire identitetar. Dei er stolte over å vere amerikanske. Dei er stolte over å vere frå Texas, Idaho eller Arkansas. Og dei er stolte over å ha norsk, tysk eller irsk opphav.

Den amerikanske tidslina er like fullt dominert av institusjonalisert rasisme. Både slaveriet og segregeringa ligg framleis som mørke skyer over det amerikanske samfunnet.

Det gjer òg interneringa av japansk-amerikanarar under den andre verdskrigen. Interneringa av meir enn 100.000 menneske kom som ein reaksjon på Japans åtak på militærbasen Pearl Harbor i 1941.

President Roosevelt brukte nasjonal tryggleik som argument for interneringa. Ein visste nemleg ikkje kvar lojaliteten til japansk-amerikanarane låg. Men det argumentet er holt.

På Hawaii, der Pearl Harbor ligg, hadde nær ein tredjedel av innbyggjarane japansk opphav. Berre eit fåtal vart internert der Japan faktisk hadde gått til åtak.

Dette handla meir om rasisme enn nasjonens tryggleik.

Les også

Fem døde etter politijakt i Texas

Dei internerte vart ikkje stilt for ein domstol, trass i at det femte grunnlovstillegget slår fast, utan unntak, at ein har rett på ein rettferdig rettargang i USA.

Arva etter interneringsleirane under krigen er ei rekkje høgsterettsavgjerder som slår hòl i fleire av dei grunnleggjande rettigheitene som amerikanarane tar for gitt. Dei står seg framleis, trass i at lågare domstolar har komne til at fleire av sakene som utfordra interneringa i høgsterett var dårleg opplyst.

No vert det igjen bygd interneringsleirar. No kan ikkje Trump bruke ei krigshandling som grunn. Han kjempar berre mot ulovleg innvandring, som USA er heilt avhengig av.

Det finst om lag elleve millionar illegale innvandrarar i USA i dag, og dei gir amerikanske bedrifter billeg arbeidskraft. Meir enn halvparten av desse betaler føderale, statlege og lokale skattar.

Dei illegale innvandrarane betaler inn til trygdeordninga, utan å kunne få utbetalingar når dei pensjonerer seg.

Borna deira går på skulen, og dei har førarkort. Dei aller fleste tar del i det amerikanske samfunnet på vanleg måte. Dei står berre på utsida, reint juridisk.

No vert dei sperra inne. Trump gjer det for å sende eit signal, og for å få bygd muren. Det er i strid med den amerikanske draumen, men det er dessverre i tråd med amerikansk historie.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Publisert: