Høgre lèt som dei er dumme

Høgre vil berre kutte formuesskatten for «arbeidande kapital». Det er like problematisk no som Erna Solberg sa det var i 2013.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

SNUOPERASJON: At dei rikaste skal sleppe formuesskatt har blitt så vanskeleg for Høgre, at dei no lèt som dei kan kome unna med berre å frita såkalla arbeidande kapital, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

For temmeleg nøyaktig fire åra sidan fekk Knut Arild Hareide (KrF) ei kald skulder frå Høgre-leiar Erna Solberg. Det skjedde på Noregs handelshøgskule i Bergen, i ein partileiardebatt.

KrF ville fjerne skatten for den delen av formuane som er såkalla arbeidande kapital, det vil seie maskiner, anlegg og bygningar som utgjer bedrifter og som skaper verdiar. Det meinte Solberg var ein dårleg ide: «Vi mener det betyr mer byråkrati og ikke spesielt klare grenser», sa ho.

No går Høgre likevel til val på å fjerne formuesskatten for arbeidande kapital (aksjar og driftsmidlar), sjølv om ideen er like dårleg som han var i 2013.

Det vil seie: Hadde det late seg gjere å berre fjerne skatten for maskiner og anlegg i bedrifter, ville ideen vore god. Men alle skatteekspertar, og enkel logikk, seier at det er svært vanskeleg.

Ein ting er at nesten all kapital i prinsippet «arbeidar» i ein kapitalistisk økonomi. Sjølv bankinnskot kan gje grunnlag for lån til bedrifter, og dermed verdiskaping.

Grensene mellom ulike typar formue er heller ikkje, som Solberg sa i 2013, spesielt klåre. Dermed opnar Høgres løysing for omfattande skatteplanlegging, og meir arbeid for skatteetaten (det Solberg sikkert sikta til med «mer byråkrati»).

Til dømes kan pengar som er sylta ned i bankinnskot eller verdipapir som måtte falle utanfor definisjonen, overførast til eit aksjeselskap. Gjort på rette måten vil det bli definert som arbeidande kapital, og dermed sleppe skatt.

Les også

To argumenter for og mot formuesskatt

Ifølgje Høgre vil eit fritak for arbeidande kapital koste staten 7,5 milliardar i tapte inntekter. Men skattetilpassing kan gjere tapet for staten større. Kanskje ikkje fullt 14,1 milliardar, som er det Finansdepartementet reknar med å hente inn i formuesskatt i år.

Ved å fjerne skatten på arbeidande kapital kan alle med verkeleg store formuar sleppe unna formuesskatt, fordi dei har mesteparten av verdiane i aksjar.

Dei som ikkje vil sleppe så lett unna er pensjonistar og andre med låg gjeld og verdifulle hus og hytter. Folk med mykje ressursar kan planleggje seg vekk frå skatt på dette òg, til dømes ved å flytte verdiane over i eigne selskap og så leige dei tilbake til marknadspris.

Høgre er ikkje åleine om å late som det går greitt å avgrense kutt i formuesskatten til arbeidande kapital. Senterpartiet og KrF meiner det same.

Sjølv Arbeidarpartiet har i skatteforliket med Høgre støtta innføringa av ein såkalla verdsetjingsrabatt i formuesskatten for arbeidande kapital. I år betyr det at formuesskatten berre skal gjelde for 90 prosent av verdien for slik kapital. Neste år skal satsen setjast ned til 80 prosent.

Les også

Debatt: 7 grunner til å kutte formueskatten

Målet for Høgre på sikt er å fjerne formuesskatten, men dei har vald denne lite truverdige varianten for å sleppe unna kritikk for at dei vil gje landets rikaste skattefritak. Såleis er avgrensingsproblema berre eit PR-problem for Høgre, ikkje eit hinder for å nå det endelege målet.

For mellompartia og Ap, som meiner formuesskatten er viktig for å sikre at dei rikaste i samfunnet bidreg med sitt i skatt, bør avgrensingsproblema vere viktigare.

I debatten på NHH for fire år sidan avviste dåverande Ap-leiar Jens Stoltenberg kategorisk å skilje ut arbeidande kapital.

Ap-representant Truls Wickholm raljerte i førre veke med regjeringa i Stortinget, om akkurat desse avgrensingsproblema: «Er det mulig å organisere seg slik at for eksempel en privat jet, en luksusyacht, et hyttepalass, et slott, en gullbelagt Ferrari eller en sibirsk tiger kan komme inn under definisjonen av såkalt arbeidende kapital, altså aksjer og driftsmidler, og i så fall hvordan? Spør for en venn», sa Wickholm.

Ap argumenterer for verdsetjingsrabatten med at det gjev same sats for aksjar og driftsmidlar, som for næringseigedom og driftsmidlar, noko som er fornuftig. Men viss Ap kjem i regjering med Sp og KrF til hausten kan ein auke av rabatten for arbeidande kapital fort bli eit tema. Då kan Wickholm bli nøydd til å ete i seg orda.