Usynleg sjuk

Latterleggjering av sjukmelde politikarar kan vere farleg – mellom anna for meg.

TABU: – Dei stadige åtaka på sjukmeldingar byggjer opp tabua, noko som kan auke terskelen for heilt vanlege folk til å be om hjelp, skriv Morten Myksvoll. Foto: Marvin Halleraker (illustrasjon)

Publisert:

2018 var eit skandaleår i norsk politikk. Trond Giske (Ap), Kristian Tonning Riise (H), Per Sandberg (Frp) og Mazyar Keshvari (Frp) for å nemne nokon.

Fleire av politikarane vart sjukmelde, og då har sjølve sjukmeldinga blitt problematisert. Dei vart skulda for å bruke sjukmeldinga til å snike seg unna offentlegheita og kjipe spørsmål.

I Finansavisen skreiv Trygve Hegnar at dei nylege sakene gir «grunn til å spørre om politikerne er svært raske med sykemeldinger» og at «de bør tåle mer i et ordskifte enn andre.»

Dette er ei fjerndiagnostisering som må ta slutt. Den er kunnskapslaus, den undergrev kor alvorleg psykisk sjukdom kan vere, og råkar langt fleire enn politikaren sjølv.

Den råkar mellom anna meg.

Les også

Medmenneskevettsreglene

Dei stadige åtaka på sjukmeldingar byggjer opp tabua, noko som kan auke terskelen for heilt vanlege folk til å be om hjelp.

Psykisk sjukdom er nemleg skremmande vanleg, og eg er ein av dei mange tusen som har slite med angst og depresjon.

Eg hadde det jo eigentleg bra, med gode vener og ein god jobb. Men då livet falt saman var ikkje dei tinga ein fallskjerm. Dei vonde kjenslene vart ikkje lettare. Livet mitt var såpass bra og eg var såpass vellukka at eg ikkje burde vere deprimert. Skuldkjensla vart endå ei byrde, som gjorde det vanskelegare å be om hjelp.

Les også

Bjarte Johansen spilte seg ut av depresjonen

Slit ein psykisk, kan sjølv dei mest daglegdagse ting vere problematisk. Det å plukke opp telefonen for å snakke med eit anna menneske kan vere umogeleg når angsten eller depresjonen har stengt deg heilt inne. Då er det eit problem at psykiatrien krev mykje meir eigeninnsats enn andre delar av helsevesenet.

Knekk du foten får du hjelp til alt av vidare behandling. Knekk du saman må du gjere jobben sjølv.

Når ein summerer opp veka med at den einaste ein faktisk utveksla nokre ord med jobba i kassa på matbutikken, så har ein ikkje dei beste føresetnadane for å ringe rundt for å finne den psykologen som passar best.

Så lenge politikarane ikkje tar tak i dette, sit me igjen med éi løysing: redusere terskelen for å be om hjelp. Det er eit arbeid i motbakke.

Les også

Bedragerisiktede Keshvari: - Jeg vil be om unnskyldning

I fjor haust avslørte Aftenposten at Mazyar Keshvari (Frp) hadde kravd godtgjersle frå Stortinget for reiser han ikkje gjennomførte. Han er no sikta for grovt bedrageri.

Keshvari vart sjukmeld, men folk har berre gått ut frå at det skjedde som eit resultat av avsløringa. Det stemmer ikkje.

Historia hans starta nemleg lenge før avsløringane til Aftenposten, og sjukmeldinga er beviseleg reell. BT har sett delar av materialet som ligg til grunn for sjukmeldinga til Keshvari.

Offentlegheita har ikkje noko med Keshvaris sjukmelding å gjere. Det kan ikkje bli slik at stortingsrepresentantar må utlevere svært personleg informasjon, for at folk ikkje skal tru at dei berre snik seg unna eit heftig medietrykk.

Mistenkjeleggjeringa av sjukmeldinga til Keshvari (og andre) har gått føre seg i artiklar, i eit utal av kommentarfelt, og på endelause Facebook- og Twitter-trådar. Hegnar var éin av dei. Men det finst fleire døme.

SJUKMELD: – Keshvari vart sjukmeld, men folk har berre gått ut frå at det skjedde som eit resultat av avsløringa. Det stemmer ikkje, skriv Morten Myksvoll. Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix

Tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) skreiv følgjande på Facebook: «Det har blitt for lett å få sykemelding dersom verbal korreks fra sjefen kvalifiserer som ’diagnose’.»

«Hvem er disse legene som sykemelder friske samfunnstopper i Oslo», spurte leiaren i Rjukan Arbeiderblad, utan å vite om samfunnstoppane faktisk var friske. Leiarskribenten berre antar.

Fellesnemnaren er at desse folka ikkje anar kva dei snakkar om. Dei har sterke meiningar, men svak kunnskap. Men til og med psykologar kan bomme grovt, som Jan Atle Andersen.

I eit innlegg hjå NRK skreiv han om folk som var «så såret at man sykemelder seg». Innlegget kom rett etter at Abid Rajas (V) sjukmelding vart kjent i desember. Det er ei uansvarleg fjerndiagnostisering frå ein som burde visst betre.

Les også

Kan lommeboken gjøre deg lykkelig?

Sjukmeldingar vert gitt av legar, og sjukmeldingar vert dokumentert. Problemet med dei høgprofilerte sakene, er at kritikarane sår tvil om situasjonen er ekte.

DN-kommentator Eva Grinde går ikkje så langt, då ho skreiv om politiske sjukmeldingar i førre veke. Men Grinde skriv likevel at det har «nærmest gått inflasjon i høyprofilerte sykemeldinger på grunn av dramatiske, offentlige hendelser.»

Kim Arne Hammerstad har skrive masteroppgåve om politiske skandalar, og gått gjennom 66.000 artiklar i arbeidet sitt. Av sju politiske skandalar i 2018, førte to av dei til sjukmelding.

Les også

Når mørket siger på

Ingen latterleggjorde mine smerter i offentlegheita. Det er eit sjukdomsteikn at stortingsrepresentantar vert utsetet for dette, og eg tør ikkje tenkje på korleis mine problem ville blitt av ein mediestorm.

Skuldingane er nærast umogeleg å kontre. Sjølv om sjukdomen er usynleg, kan sjukmeldingane vere så godt dokumenterte dei berre vil. Offentlegheita får ikkje – og skal ikkje få – innsyn i sånt.

Men sidan skandalane ofte råkar nokon som har gjort noko gale, meiner folk tydelegvis at det er fritt fram å mistenkjeleggjere heile meldinga.

Det må folk slutte med, for falske reiserekningar gjer ikkje nokon immun mot sjukdom.