Overraskande god straumløysing
Straumstøtteordninga bør få breitt fleirtal i Stortinget.
- Hans K. MjelvaKommentator i BT
Det har tatt tid, men no har regjeringa kome opp med ei overraskande god løysing på straumkrisa for norske bedrifter.
Den viktigaste sikringa mot konkurs ligg i låneordninga. Staten vil, ifølgje regjeringas forslag, garantere for 90 prosent av nye banklån til bedrifter.
Men det smartaste grepet er å kople ei generell støtteordning til energisparande tiltak. Staten vil ta 25 prosent av rekninga for straum over 70 øre. Alt bedriftene treng å gjere er å gjennomføre ei energikartlegging.
No spørst det kor mykje enøk-tiltak som kjem ut av denne kartlegginga. Ifølgje NHO-sjef Ole Erik Almlid held det å bruke eit kvarter på å fylle ut eit skjema.
Meir enøk for pengane blir det viss bedriftene søkjer på trinn 2 i regjeringas plan. For bedriftene kan få opp til 45 prosent, viss dei i tillegg søkjer om tilskot og gjennomfører energitiltak, som å isolere eller kjøpe solceller.
Gjer dei det vil staten, via Enova, i tillegg ta halvparten av rekninga for sjølve energitiltaka.
Les hele saken med abonnement