Russland har tapt krigen. Men Ukraina har ikkje vunne enno.
Ukrainarane krigar så godt dei kan. Det er omverda som avgjer om dei vinn.
- Morten MyksvollKommentator i BT
I vekene og dagane før Russland invaderte Ukraina i fjor, meinte mange at krigsfaren berre var oppspinn.
Dette sa folk sjølv om – eller fordi – USA og fleire andre Nato-land sa at Russland ville invadere Ukraina.
Russisk krigføring i Ukraina var ikkje noko nytt og uventa. Dei hadde allereie okkupert deler av Ukraina i åtte år. Oppbygginga til denne invasjonen starta våren 2021.
Vladimir Putin meinte at Ukraina var ein historisk tabbe. Han hadde tidlegare omtala ukrainarar som russarar. Det er folkemordets første steg.
Putin utnytta eit grenselaust naivt Europa. Kontinentet har heldigvis vakna.
Dei første dagane var intense. På det næraste var frontlina berre to mil frå Maidanplassen sentralt i Kyiv.
Mange flykta for livet. Dei som var att, gjorde hovudstaden om til eit forsvarsverk. Gatene vart til labyrintar. Tomme ølflasker blei til brannbomber.
Dei førebudde seg på sitt siste slag.
Les hele saken med abonnement