Du kan godt spørje meg kor eg er frå. Men ikkje spør meg når eg skal heim.
Det er på tide at Bergen bryr seg litt mindre om Oslo.
- Jens KihlKulturredaktør
– Kor lenge har du budd i Bergen no?
– Snart fem år.
– Og kor lenge blir du her før du flyttar heim til Oslo?
– (...)
Samtalar som denne har eg hatt igjen og igjen sidan eg flytta til Bergen i 2018. Slik eg oppfattar det, ligg det ofte ei velmeinande overrasking til grunn for spørsmåla. Kvifor skulle ein fyr frå Oslo med ålreit jobb i mediebransjen flytte til Bergen, liksom?
Eg forstår at det er positivt meint. Likevel kan eg ikkje heilt fri meg frå tanken på at det ligg noko meir og lurer her: Ein tanke om at Oslo framleis er «heime» og at eg ein dag skal ende opp der. At valet mellom Oslo og Bergen er ein strid der Bergen er dømt til å tape.
Les hele saken med abonnement