Regjeringa må forstå at krig krev full krigsinnsats

Våpenprodusenten Nammo klarer ikkje å halde tritt med krigen i Ukraina. Her set ein robot saman to artillerigranatar.

Noreg må gjere meir for Ukraina.

Publisert: Publisert:

Denne veka vart det kjent at Noreg har sendt 10.000 nye artillerigranatar til Ukraina. Desse passar blant anna til dei M109-vognene Noreg tidlegare har donert til Ukraina.

Det er eit viktig bidrag. Fram til no har Noreg plikta seg til over fem milliardar kroner i militær bistand. Det verkar imponerande. Men Noreg har éin fot på gassen og éin fot på bremsa.

I september bad våpenprodusenten Nammo om 650 millionar kroner til å utvide kapasiteten. Den norske stat eig halve selskapet direkte, og endå meir gjennom Kongsberg Gruppen.

Det er regjeringas ansvar at Nammo ikkje er rigga for krig i Europa. Og no er det krig i Europa.

Les hele saken med abonnement