Siv Jensens avleiingsmanøver

Innvandrarar trugar ikkje vår økonomiske framtid. Det klarer politikarane fint sjølve.

ENKELT: Fredag la finansminister Siv Jensen (Frp) og statsminister Erna Solberg (H) fram Perspektivmeldinga, utan å nemne problema dei sjølve har skapt gjennom auka oljepengebruk, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: NTB Scanpix

Publisert:

Innvandrarar har fått ein ufortent stor plass i diskusjonen om Noregs økonomiske framtid. Fredag førre veke la regjeringa fram den såkalla Perspektivmeldinga, som ser korleis vi skal klare å finansiere velferdsstaten dei komande tiåra. Media var etterpå fulle av reknestykke om kva ein innvandrar kostar samfunnet, trass i at det på langt nær er hovudutfordringa.

Fokuset skuldast at Frp for første gong har fått eit innvandrarrekneskap inn i Perspektivmeldinga, ei melding regjeringa legg fram kvart 4. år. Framleis er det kontroversielt å rekne på folk på denne måten, og slikt blir det fort presseoppslag om. Det veit sjølvsagt Frp-leiar Siv Jensen, som la fram meldinga saman med statsminister Erna Solberg (H).

Reknestykket viser at mannlege innvandrarar gjennom livet får seks millionar kroner meir frå staten enn dei betalar inn. For innvandrarkvinner er forskjellen 11,3 millionar. Men dei aller dyraste er innfødde norske kvinner, som «kostar» 12,3 millionar. Faktisk går vi alle i minus, også innfødde norske menn, fordi oljen betaler stadig meir av velferda.

Dette viser noko av det absurde med ein slik rekneskap. I alle fall slik det ofte blir framstilt i media, som ein fasit på kva innvandrarar kostar det norske samfunnet.

Likevel kan rekneskapen vere nyttig, brukt på ein sober og fornuftig måte. Den synleggjer det som, i motsetning til innvandrar isolert sett, er hovudutfordringa i meldinga: Å sikre at flest mogeleg er i jobb, slik at vi kan betale for dei stadig fleire eldre vi har i samfunnet.

Les også

Frp krever full tilgang på trygg bensin

Både innvandrarar og kvinner jobbar mindre enn dei kunne gjort. Det same gjeld andre folk som av ein eller annan grunn har hamna utanfor arbeidsmarknaden. Meldinga har her mange interessante diskusjonar om korleis ein kan få folk til å jobbe meir.

Dels handlar det om strenge krav til å få pengar frå staten. Det viktigaste er likevel å kvalifisere folk til framtidas jobbar. Utdanning er nøkkelen. Noreg er eit høgkostland, og det vil bli stadig færre jobbar for ufaglærte i framtida.

Dette er eit problem for innvandrarar som kjem hit utan noko særleg utdanning. Dess meir opplyftande er det då å lese at 2. generasjon innvandrarar tek høgare utdanning i stort mon, faktisk meir enn nordmenn elles.

Det siste viser kor viktig det er med god, lik og gratis utdanning for alle. Det er med på å hindre at fattigdom og arbeidsløyse går i arv, og gjer innvandring til eit langt mindre problem enn i mange andre land.

Interessant nok frå ei Høgre-Frp regjering, legg ikkje Perspektivmeldinga opp til å motivere folk til å jobbe meir ved å redusere skattane. Det er her den verkelege hunden ligg gravlagt: Framtidsrekneskapen går ikkje opp. Ifølgje meldinga vil underskotet på statsbudsjettet auke med fem til ti milliardar kvart år frå 2030, viss ein ikkje gjer noko.

Det blir difor heller snakk om å skru skattane opp, og å få utgiftene ned. I sin presentasjon av meldinga fredag snakka Solberg og Jensen mest om å folk til å jobbe meir, og å effektivisere offentleg sektor. Begge deler er bra, men lettare sagt enn gjort.

Auka skattar kom ikkje på tale, sa dei. Då står å kutte, eller meir nøyaktig å stogge veksten i velferdstenestene. Men det vil regjeringa heller ikkje. Dei to peikte med andre ord ikkje på noko truverdig løysing.

Les også

Brunskvetting

Og her kjem vi til hunden: Politikarane må i tiåra framover ta nokre svært vanskelege og upopulære val: Anten auke skattane eller kutte i velferda. Truleg må dei gjere begge deler.

Det skulle ein ikkje tru av årets valkamp, som er ein konkurranse i å love endå meir og betre velferd, vegar og forsvar. Pengebruken til regjeringa dei siste åra vitnar òg om at vi har politikarar som manglar mot og evne til å ta slike upopulære val. Siv Jensen vart i 2016 den første finansministeren som brukte meir oljepengar enn staten fekk inn, og difor måtte ta pengar ut av Oljefondet.

Oljefondet gjer det vanskeleg å prioritere og er no eit problem. Mykje taler for at norske politikarar ikkje lenger klarer å stå imot freistinga til å bruke opp framtidas pengar no.

I den nye boka «Ekofisk, Eidsvoll» tek tidlegare statssekretær og økonom Morten Søberg (Sp) til orde for at politikarane må tøylast. Slik Odyssevs batt seg til masta for å unngå å bli dregen mot sirenene og deira vakre song, bør Stortinget grunnlovsfeste at regjeringa ikkje kan ta ut meir enn avkastinga av Oljefondet.

Målet til Søberg er å sikre at Oljefondet blir ein evigvarande ressurs, akkurat som vasskrafta. Det kan vere ein god idé, som òg illustrerer kor ute å køyre staten er. Heile handlingsrommet, tilsvarande avkastinga av Oljefondet, blir brukt allereie no, før eldrebølgja slår inn for alvor i form av auka pensjonar og helse- og omsorgskostnader. Ein slik hard handlingsregel vil tvinge norske politikarar til å prioritere.

Spådommar om framtida må ein alltid ta med ei klype salt. Men slik det ser ut no, kan vi få fleire negative enn positive overraskingar. Fornybar energi kan utkonkurrere oljen, digitaliseringa kan skape massearbeidsløyse og klimaendringane kan skape store flyktningstraumar, for å nemne noko.

Ein stram innvandringspolitikk er fornuftig. Det same er god integrering. Men i høve til dei problema landet står framfor, er utgiftene til innvandrarar eit sidespor.