For dei grå blant oss

KOMMENTAR: Kravet om at vi skal ta eit kollektivt oppgjer etter 22. juli er ein totalitær politisk tankegang med religiøse undertonar.

MÅ TA OPPGJER?: Hadde vi lært av Utøya, hadde vi alle stemt til venstre. Slik tykkjest logikken frå ein del av venstresida å vere. Her er valets vinnarar, Siv Jensen (Frp), Erna Solberg (H), Knut Arild Hareide (KrF) og Trine Skei Grande (V). Aas, Erlend

Dagen etter valet kom Alf Gunvald Nilsen, førsteamanuensis i sosiologi ved UiB, med følgjande analyse: Frps valsuksess skuldast at Noreg ikkje har tatt eit oppgjer med neofascisten Anders Behring Breivik. For, hevda Nilsen, ved å sjukeleggjere massemordaren slapp hendingane å tynge nasjonens kollektive medvit. Det norske samfunnet kunne gå vidare, trygt plassert i eiga komfortsone.

Tittelen var «Noregs foruroligande dragning mot høgre».

Dette synspunktet fekk han svi for. I går vart tre institutt i Christies gate stengt grunna trugsmål mot sosiologen. Førelesinga han skulle hatt i dag er avlyst. Dører har fått nye låsar.

Trugsmål skal ikkje tolererast — uansett om det er muhammedkarikaturteiknarar eller venstreradikale dei blir framsette mot.

I denne situasjonen vil dei føre til at Nilsens meiningsfeller får vatn på mølla: At kronikkforfattaren er truga kan tolkast som prov på påstanden hans: Innvandringsmotstand para med nyliberalistisk konservatisme er i ferd med å øydeleggje det egalitære Noreg vi kjenner.

Hadde vi lært av Utøya, er logikken, hadde vi alle stemt til venstre, i det minste hadde vi røysta Ap.

Det er difor ikkje nasjonen som skal ta eit oppgjer. I første rekkje er det framstegspartiveljarane, sidan partiet har hatt Behring Breivik som medlem.

I tillegg kjem alle som stemmer parti som ikkje avviser Frp som regjeringspartnar: Venstre-veljarane, Kristeleg Folkepartis veljarar, og sjølvsagt alle som stemte Høgre, med ønskje om regjeringsskifte.

I Alf Gunvald Nilsens bilete er Frps program berre ein mildare variant av den ideologien Anders Behring Breivik forfekta i manifestet. Valresultatet blir eit prov på medskuld.

«Valgresultatet viser at vi har valgt å gjøre 22. juli til en gal manns verk, i stedet for å ta en skikkelig diskusjon om hva det innebærer å bli et mer mangfoldig samfunn», sa sosiologen til Bergens Tidende på onsdag.

I politikken er det særs få av oss som kan seiast å vere reine og ranke, svarte eller kvite. Dei fleste av oss er grå. Heldigvis

Koplinga mellom massakre og politisk val er makaber. Slik blir det store fleirtalet på borgarleg side ståande fast midt i ein «med oss» eller «mot oss»-retorikk, som ikkje kan få andre konsekvensar enn at frontane hardnar. Det store fleirtalet av moderate hamnar som gislar mellom venstresida, som forfektar å ha moralen på si side - og dei som set fram trugsmål på den andre.

Skremselsretorikken har også ein annan funksjon. Den tilslører nyansane. Sosiolog Alf Gunvald Nilsen gløymer - eller ikkje vil opplyse? - britiske avislesarar om at Framstegspartiet gjekk over seks prosentpoeng attende frå førre stortingsval.

Han tek ikkje med at Ap framleis er landets største parti, eller at det innvandringsvenlege SV gjekk tilbake, medan det like innvandringsvenlege Venstre gjekk fram. Heller reflekterer han ikkje over at innvandring aldri kom opp som eit stort tema under valkampen.

Det er freistande å spørje første­amanuensen om kva han stør analysen på - anna enn at han er skuffa over at landet går i det han meiner er feil politisk retning.

Nilsen er ikkje åleine om å syne fram politisk mismot i ly av ein universitetstittel.

23. juli i år skreiv Atle Møen, også han førsteamanuensis i sosiologi ved UiB, ein kronikk i BT om arbeidarrørslas stilling etter 22. juli.

«I tida etter 22. juli vart det danna ein massiv moralsk og emosjonell fellesskap mot høgreradikalisme og kultur­konservativt tankegods, etter at AUF og arbeidarrørsla vart utsette for ein valdeleg politisk aksjon. Dette kunne ha skapt ein fornya solidaritet i samfunnet og ei mobilisering av verdiane i arbeidarrørsla, men denne utvegen vart stengd», skriv han, og siktar til oppgjeret med politiet,

For Møen står «den breie moralske og emosjonelle fellesskapen mot høgreradikalismen» i motsetnad til spørsmål om beredskap, politi og tryggleik. At ein både kan kjenne seg som ein del av eit moralsk fellesskap - og samstundes vere kritisk til politiets handtering av 22. juli - er ikkje eit alternativ. Slik låser sosiologen frontane fast i umoglege posisjonar.

Kravet om at ein skal ta eit oppgjer med Breiviks ugjerningar på vegner av eit stort «vi» er ikkje nytt. Det har vore der heilt sidan det vart kjent at ein kvit nordmann - ein av «oss» - stod bak. Men kven er så «vi» i denne samanhengen? Kva slags kollektiv er det som kan bere skuld? Er det austlendingane? (ABB vaks opp i Oslo) Er det Noreg? Norden? Europa eller Vesten? Er det alle kristne - eller dei som speler World of Warcraft?

I dei to åra etter ugjerningane er det mange som har tatt på seg rolla som politisk religiøse refsarar. Reinsingskrav, framstilt som politikk, røper ein totalitær tankemåte som ekskluderer meir enn den inkluderer. Især universitetstilsette burde vere på vakt mot slike tendensar.

I politikken er det særs få av oss som kan seiast å vere reine og ranke, svarte eller kvite. Dei fleste av oss er grå. Heldigvis.

Hilde Sandvik deltek i debatten under saka. Sei gjerne di meining!