Det viktigaste er å delta

Demokratiet er avhengig av politikarar som taklar å tape.

LEIARFAVORITT: Boris Johnson ligg best an til å bli britanes neste statsminister. Då blir han òg leiaren av eit djupt splitta parti. Matt Dunham, TT NYHETSBYRÅN

Politikk handlar om å fordele gode. Men for å kunne gjere det, må ein vinne. Tapar ein, sit nokon andre med makta. Ingen som driv med politikk liker det.

Difor vert kvart einaste val skildra som det viktigaste valet nokosinne. Mykje står på spel.

Då er det lett å overdrive forskjellar mellom partia, og slå fast at det blir katastrofalt dersom motstandaren vinn. Det blir det sjeldan.

Ingen vinn på ein politisk kultur der alt tilsynelatande kollapsar dersom ein taper. Det finst nemleg viktigare ting enn å vinne val.

Les også

Morten Myksvoll: Det blir verre etter May

Storbritannia er eit døme på kor gale det kan gå. Ei ny måling frå YouGov er dyster lesnad:

Britiske konservative kan tole at brexit fører til at Skottland melder seg ut av unionen, at økonomien kollapsar eller partiet bryt saman. Det einaste dei konservative ikkje kan tolerere, er at Labours Jeremy Corbyn blir statsminister.

Verda kan brenne, så lenge «dei andre» ikkje får styre.

Og ja, det finst mange gode grunnar til at Jeremy Corbyn ikkje bør bli britisk statsminister. Han er altfor radikal og sjølv tre år etter brexit fekk fleirtal, har han ikkje kome opp med ein konsekvent politikk for å handtere resultatet.

Det er vanskeleg å sjå for seg at ein som slit med å styre sitt eige parti og ikkje klarer å slå ned på antisemittisme skal bli statsminister.

Men kven trur at Boris Johnson er betre? For hans situasjon er akkurat den same som Corbyns, berre at dei konservative slit med islamofobi. Og brexit hadde aldri vore på dagsorden eingong, om ikkje David Cameron i si tid mista fullstendig kontroll på opprørarane internt i partiet. Ein av dei var Boris Johnson.

Der Labour er i kaos og krise, er dei konservative i krig med kvarandre.

Les også

Boris Johnson truer med å ikke betale brexitregning

Veljarane bør eigentleg sjå seg om etter andre parti, som ikkje er like dysfunksjonelle.

Noreg har heldigvis ikkje fått ein like ekstrem partikultur som det Storbritannia har. Ja, partia skremmer med korleis det blir dersom dei andre vinn, men dei gjer det stort sett innanfor grensene av kva som er greitt.

Det er heilt naturleg at Høgre seier at Ap er avhengig av Raudt, så lenge det stemmer. Og det er heilt greitt om Ap skremmer med kva Høgre og Frp vil gjere med velferda. Så lenge påstandane stemmer.

Les også

Anne Rokkan: Teknologiens tapte uskyld

Sylvi Listhaug (Frp) er nok den som har gått lengst i britisk retning. Då ho vart tvungen til å gå av som justisminister i fjor, sa ho at «alternativet med Jonas Gahr Støre (Ap) vil være en katastrofe i Norge». Ho påstod òg at Støre ikkje er eigna til å bli statsminister.

Det stemmer rett og slett ikkje, og det er neppe mange veljarar som vart imponert over bodskapen.

STØRST: – Mange er med rette uroa over korleis det vil gå dersom FNB kjem til makta i Bergen. Men det er vanskeleg for til dømes Ap og Høgre å setje seg til doms over FNB, samtidig som ein prøver å lokke sine tidlegare veljarar tilbake, skriv Morten Myksvoll. Marita Aarekol (Arkiv)

I Bergen gjer Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) det godt på meiningsmålingane. Mange er med rette uroa over korleis det vil gå dersom FNB kjem til makta i Bergen. Bybanen vert sett i spel, biltrafikken kan gå opp, og kommunen kan miste kontroll på pengebruken igjen.

Det vil jo absolutt ikkje vere bra for byen dersom det skjer. Men det er eit stort «dersom».

Det er nemleg grenser for kva FNB kan klare å få gjennomslag for, sjølv om dei vert størst. Om dei skulle bli veldig store, er det eit uttrykk for at veljarane vil ha dei.

Les også

Her er Trym Aafløy og bompengelistens planer for Bergen.

Bakgrunnstala til BT tyder nemleg på at dei aller fleste som kan tenkje seg å stemme på FNB, stemte på eit anna parti i førre val.

Det er vanskeleg for til dømes Ap og Høgre å setje seg til doms over FNB, samtidig som ein prøver å lokke sine tidlegare veljarar tilbake.

Det vil vere å undervurdere veljarane.

Ein studie frå USA tyder på at negativ valkamp fungerer, men det føreset at ein har tillit til den som kjem med bodskapen. Det er langt frå gitt at Høgre og Ap har tilstrekkeleg tillit blant veljarane som vil stemme FNB, til at dei klarer å hente dei tilbake med å bli negative.

Det einaste som bit på britiske konservative, er å skremme med Jeremy Corbyn. Det fungerer kanskje å skremme med politikken til Trym Aafløy (FNB), men neppe med namnet.

Skal dei andre partia lukkast i å snu trenden i Bergen, må dei snakke om kva dei sjølv vil – og satse på at veljarane vil ha erfaringa til dei etablerte partia.