Den farlege «Mannen»-effekten

Kva fører Norges strategi til: Likbilar i skytteltrafikk fordi me gjer for lite? Eller fullstendig unødige konkursar og raserte livsverk fordi me gjer for mykje?

Publisert Publisert

Eg skal fritt innrømma at eg var blant dei som tenkte «uff, endå ei influensagreie» då dei fyrste beskjedane byrja å koma frå Kina, skriv kommuneoverlege Ingebjørn Bleidvin. Biletet er frå intensivavdelingen på Ullevål sjukehus. Foto: Anders Bayer / OUS

  • Ingebjørn Bleidvin
    Gjestekommentator i BT
  1. Leserne mener

Diskusjonen har gått lenge: Rundt lunsjbord, i samtalegrupper på nett, på tv, i avisene. Det toppa seg etter den famøse Debatten i NRK tysdag 17. mars.

Den var eit, truleg velmeint, forsøk på å la ein kritisk lege snakka ut og forklara seg. Dessverre fekk ikkje helsemyndigheitene tilstrekkeleg taletid til å svara grundig nok, og ganske mange i befolkninga vart skremde.

Mange blei skremde av tala som blei lagt fram i Debatten med programleiar Fredrik Solvang tysdag denne veka. Foto: Stian Lysberg Solum

Korleis ser strategien til Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet ut frå ståstaden til oss kommuneoverlegar som skal setja det heile ut i praksis?

Eg kan berre snakka for meg sjølv.

Eg skal fritt innrømma at eg var blant dei som tenkte «uff, endå ei influensagreie» då dei fyrste beskjedane byrja å koma frå Kina.

Det er eit av dei mest autoritære landa i verda, og informasjonen derifrå har tidlegare vore notorisk upåliteleg, fordi ingen i kommunistsystemet torer å innrømma feil.

Men etter kvart som uavhengige forskingsrapportar byrja å siga ut, analysar av viruset sin oppførsel blei klare, og historiene frå Hubei i Kina vart stadig meir hjarteskjerande, byrja alvoret å siga inn.

Les også

Eirin Eikefjord: Ett folk, tusen kriser

Me byrja å gjera oss klare i kommunen.

Frå januar av små dytt, nokre mailar her, nokre møter der. Tel opp lageret av smittevernutstyr og bestill inn ekstra. Sjå over bemanningsplanar og tenk over kor mange som faktisk bør få ferie framover.

Men fram til ganske nyleg var det ikkje så mange innbyggarar og tilsette som merka noko særleg forskjell i kvardagen sin. Slik måtte det vera.

Eit system klarar berre å vera i alarmberedskap ei viss tid.

Kroppen vår klarar det utrulegaste i adrenalinrush, men den kollapsar dersom den blir verande for lenge på det nivået. Det same gjeld den organisasjonen som skal løfta samfunnet gjennom den komande krisa: Den komplekse blandinga av kommune, sivilsamfunn, næringsliv og folk flest.

Kommuneoverlege Ingebjørn Bleidvin samanliknar koronaepidemien med fjellet Mannen og frykta for at det skulle rasa. Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Når var det riktig å verkeleg stramma klypa, slå på stortromma, sleppa laus samfunnets adrenalin blant befolkninga? Kor lenge kan folk gå og vera på tå hev utan at dei merkar at det skjer noko konkret rundt dei som rettferdiggjer angsten?

Mange, både lekfolk og legar, har ropt etter strengare tiltak, mykje tidlegare i epidemien. Faren var at det kunne oppstått ein Mannen-effekt: Fjellet er heile tida rett ved å rasa ned, men det kjem aldri noko anna enn småstein sprettande.

Les også

Disse står klare til å ta imot koronasyke bergensere

Allereie no, mindre enn ei veke etter skulestengingane, har det byrja å koma kritiske avisartiklar om folk som ikkje får den hjelpa dei treng grunna koronatiltak. Og det sjølv om folk er innlagt på sjukehus og dør av koronavirus.

Kva om samfunnet var blitt stengt ned tidlegare og det gjekk ei veke, to veker, tre veker, utan dødsfall og med store deler av landet utan påvist smitte? Aksepten for tiltaka blant folk flest ville truleg blitt borte raskare enn gratis antibac på Rema.

For all del: Nokre gonger har eg sjølv stussa på råda me har fått og på manglande tiltak. Det skurra kraftig å la italienske turistar vandra rundt, mens nordmenn heimkomne frå ferie i same område måtte i karantene.

Likevel har eg prøvd å ikkje bli for irritert og indignert når eg har vore ueinig. Den type omfattande smittevern FHI har skulla forma ut er som å få til eit tusen bitars puslespel med polvottar på.

By og land, sør og nord, sjukehus og heimesjukepleie: FHI skal forma ut enkle, forståelege reglar, basert på høgst usikker informasjon, som skal dekka alle tenkjelege situasjonar i alle deler av samfunnet.

Det er stort sett berre Bibelen og Koranen som har forsøkt seg på noko slikt tidlegare. Som me veit er det ikkje full einigheit om effekten av dei anbefalte tiltaka i dei bøkene heller.

I all hovudsak har eg altså som kommuneoverlege stort sett følgt FHI sine råd etter beste evne.

Nokre av smitteverntiltaka har me vore hakket strengare på, ettersom eg jobbar i ein utkantregion der me dels er meir sårbare enn byane. Det finst eit ord for alarmberedskap som ikkje har ein logisk, forståeleg årsak: Angst.

Angst er ein farleg, øydeleggande tilstand.

Dei som skal styra responsen på epidemien kan ikkje la vera å ta omsyn dette, same kor fornuftig ein statistisk smittevernmodell seier det er å isolera alle i husa sine.

Eg er verken forskar, statistikar eller epidemiolog. Eg ser ikkje så veldig mykje meir av denne globale pandemien enn mi eiga tue. Men herifrå, akkurat no, ser det slik ut:

Norge traff tilsynelatande relativt bra med tidspunktet for dei mest drastiske tiltaka. Det er per i dag ingen som veit korleis dette kjem til å gå, men det er to hovedscenarier.

Enten klarar me å dempa spreiinga og halda epidemien på eit handterbart nivå over tid. Då kan me gradvis opna oppatt samfunnet og leva meir som normalt, sjølv om helsevesenet må vera i høggir.

Eller så slår sjukdommen inn med full styrke dei komande vekene. Då har me iallfall fått den tida me trong til å førebu oss.

Publisert