Eit tiltak som kan halde fleire i arbeid

Stortinget har gjort det svært gunstig for bedriftene å permittere folk. No gjer dei det litt lettare å halde folk i arbeid.

Publisert Publisert

Koronakrisa har kasta over 100.000 ut i arbeidsløyse på få dagar. Stortinget gjer det no billigare å ha folk i arbeid. Det er bra, men ikkje nok på sikt, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Marita Aarekol

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 17 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Måndag vedtok Stortinget å gjere det langt lettare å gjere folk arbeidslause. Bedriftene treng ikkje lenger å betale løna dei første 15 dagane av permisjonsperioden, men berre dei første to.

Resultatet vart ikkje uventa massepermitteringar. Den siste veka har 154.200 meld seg arbeidslause, 142.800 av dei er permitterte. Som så mykje anna i koronakrisa har heller det aldri skjedd før.

Les også

Stortingsflertallet enige om nye koronatiltak

Torsdag følgde Stortinget opp med ein ny pakke, der det viktigaste tiltaket var å redusere arbeidsgjevaravgifta med fire prosentpoeng dei to neste månadene.

Det balanserer noko det første tiltaket, fordi det gjer det rimelegare for bedriftene å ha folk i arbeid. For landet er det langt betre at folk produserer noko, enn ingenting.

  • Hør Koronapodden i appen BT Lytt eller direkte i vinduet nedenfor:

Regjeringa bør òg følgje opp, som enkelte har teke til orde for, med støtte til kompetanseheving. Ikkje tullekurs sjølvsagt, men ting som bedriftene verkeleg har nytte av. Det vil gjere at Noreg kjem sterkare ut av krisa.

For bedrifter som har mista heile inntektsgrunnlaget over natta, som flyselskap, hotell, restaurantar og frisørar, er det ikkje særlege alternativ til permitteringar. Bortsett frå oppseiingar, som jo er eit dårleg val viss vi ventar oss at dette ein gong går over.

Dei første 20 dagane er òg dei tilsette sikra full løn, etter at Stortinget vedtok det måndag.

Men i mange andre bedrifter og bransjar er det ikkje så svart/kvitt. Nokre går framleis godt, som oppdrettsnæringa. Andre har reduserte inntekter, eller fryktar at dei kan få det. For desse blir lågare arbeidsgjevaravgift viktig.

Les også

Eirin Eikefjord: Staten har ikke alltid rett

Når arbeidskrafta blir billigare, kan ein forsvare å setje folk til forfallande arbeid og anna som ikkje skaper dei same inntektene som full produksjon, men som kan vere nyttig på sikt.

Så får det heller vere, i den kaotiske tida vi lever i, at òg ein del bedrifter som slett ikkje treng støtte, no får det. Det er vanskeleg å finne enkle, treffsikre ordningar når alt må skje så raskt.

Desse to tiltaka vil koste staten milliardar, men er neppe nok. Koronautbrotet har berre så vidt byrja, både i Noreg og dei fleste vestlege land.

Vi må belage oss på strenge restriksjonar på reising og kontakt med andre menneskje i fleire månader framover. Folkehelseinstituttet sine nye prognosar, som kom onsdag, fastset toppen på koronautbrotet til rundt august.

Internasjonalt kan fort utbrotet vare lenger. For flybransjen, hotella, restaurantane og mykje anna kan difor inntektssvikten vare lenge. Kollapsen i verdas aksjemarknader og oljeprisen gjer at vi òg vil kunne få inntektssvikt i mange andre norske bransjar òg.

Ingen veit kvar dette endar og kor lang tid det vil ta. Men ingenting tyder på at dagens redningspakke vil bli den siste.

Les også

Gerd Tjeldflaat: Så det var altså fridom

Spørsmålet vidare er kor mykje pengar Stortinget vil bruke.

Eg trur at dei vil bruke mykje.

Når over 100.000 permitterte går over på ordinære dagpengar, og dermed kraftig ned i løn om to-tre veker, vil det ikkje berre gjere liva deira langt tøffare. Det vil òg forverre situasjonen for norsk økonomi, ved at forbruket går ned.

Koronakrisa er i ferd med å endre alle spelereglar. Det gjeld òg synet på Oljefondet. Dei fleste land har gjeld, ikkje ein stor pengebinge.

Likevel auser dei no ut enorme summar for å redde økonomien. Det ville vere absurd om ikkje norske politikarar gjorde det same.

For denne krisa liknar ingenting vi har sett før. Året 1929 og måten ein svarte på den store depresjonen er i ferd med å bli referansen vi styrer etter.

Publisert