Bomringen bomma på målet

Nedgangen i biltrafikk er mykje mindre enn det opprøret dei nye bomstasjonane sette i gang.

Publisert Publisert

MILLIARD: – Det einaste bomstasjonane har oppnådd, er inntektsmålet. Prognosen for 2019 tyder på at bomringen no har passert éin milliard i inntekter, skriv Morten Myksvoll. Foto: Eirik Brekke (Arkiv)

  1. Leserne mener

Utvidinga av bomringen i Bergen snudde opp ned på valåret 2019. Det førte til massiv mobilisering, og Folkeaksjonen nei til mer bompengar (FNB) vart tredje størst i bystyret.

Det nystarta partiet fekk heile 16,7 prosent av stemmene.

Og kva oppnådde dei nye stasjonane? Biltrafikken har gått ned med seks prosent.

Det er betydeleg, men når det kjem på toppen av tidlegare tiltak, hadde ein venta meir. Prognosen var 10–20 prosent nedgang.

Det einaste bomstasjonane har oppnådd, er inntektsmålet. Prognosen for 2019 tyder på at bomringen no har passert éin milliard i inntekter.

For dei som er mest opptekne av at Bybanen og andre miljøvenlege transporttiltak skal bli realisert, kan ein seie at dei nye stasjonane er ein suksess.

Men byrådet har vore oppteke av at den nye bomringen skulle redusere biltrafikken. Dei har sett seg eit mål om å kutte i biltrafikken med 30 prosent innan utgangen av 2023, samanlikna med 2013. Dei har klart om lag éin tredjedel av det.

Samtidig har dei nye bomstasjonane sett heile bompengeordninga i spel, og skapt ein stor motreaksjon. Legitimiteten er svekka. Det er synd, sidan Bergen treng inntekter frå bomringen i mange år framover.

Bompengemotstanden har vore låg i mange år, sjølv om bomringen vart dyrare og dyrare. Takstane gjekk opp, køpris var innført og bompengane vart miljødifferensiert.

Den dårlege luftkvaliteten, saman med utbygginga av Bybanen i Bergenhus og Årstad, har nok ført til at mange såg behovet for bommane.

Og skulle ein stemme mot, hadde ein berre Framstegspartiet og Raudt å velje mellom. Dei partia står på kvar sin ytterkant i bergenspolitikken. Men saman med dei nye bomstasjonane, kom det eit nytt parti.

Då kunne ein stemme mot bompengar sjølv om ein stod langt unna Frp og Raudt. Og så råka bompengane endå fleire enn før.

Les også

Må kvitte seg med bil etter nye regler: – Tidsfristen er helt vanvittig

I 2019 var det 32 millionar fleire passeringar i bomringen enn i 2018. Mange av dei nye bombilistane har færre alternativ til bil. Og mange av dei som i dag passerer bomringen, betalte lite eller ingenting i bompengar før april 2019.

Endringa vart stor og skjedde over natta. Ingen såg føre seg kor kraftig reaksjonen ville bli. Men når det foreløpige resultatet er inne, ser det ikkje bra ut.

Statens vegvesen forklarar ikkje kvifor nedgangen ikkje er like stor som venta. Ei forenkla forklaring kan vere følgjande: Anten er taksten for låg, eller så er alternativa til bil for dårlege.

Dei som protesterte i fjor, meiner neppe at takstane er for låge. Og no skal prisane litt ned. Fjorårets bompengeforlik fører nemleg til at Bergen skal kutte bominntektene med 55 millionar kroner.

Alt blir brukt til å redusere taksten i dei nye bomstasjonane. Men kva fører det til? Jo, ein liten trafikkvekst.

Når prisane ikkje kan gå opp, må kollektivtilbodet bli betre. Det er særleg to strekningar som peikar seg ut med låg nedgang i biltrafikken: Sotravegen og Åsaneveien.

På dei andre teljepunkta har trafikken gått ned mellom 5,3 og 12,6 prosent.

Byrådet kan heller ikkje håpe på at dei prosjekta ein held på med i dag skal kutte trafikken nok.

Bybanen mot Åsane er i planleggingsfasen, men det er mange år til den står ferdig. Då vil heile kollektivsystemet mot nord bli lagt om, og det vil truleg bli langt betre å ta bussen for dei som skal langt.

Mot Sotra kan utsiktene til ny bru betre tilhøva for dei bussreisande, sidan det skal byggast nye kollektivfelt. Men biltrafikken kan òg gå opp her, sjølv om føresetnaden til prosjektet er nullvekst. Brua er uansett mange år unna, så heller ikkje her får byrådet draghjelp.

Fram til desse prosjekta er fullført, må byrådet setje sin lit til at Vestland fylke betrar kollektivtilbodet. Men det er ikkje lett, så lenge bussane stampar i den køen bilistane lagar.

Byrådets mål om trafikkreduksjon er fornuftig. Bergen har godt av mindre biltrafikk. Men for å oppnå målet, må det tydelegvis hardare lut til.

Det finst det ingen appetitt for i Bergen.

Publisert