Det er Solberg, ikkje Thunberg, som er problemet

Vi må ikkje la oss lure til å prate om retorikken i klimadebatten. Vi må prate om klimaet.

Jens Kihl
Kommentator

REINE ORD: «Om de vel å svikte oss, vil vi aldri tilgje dykk», sa svenske Greta Thunberg i FN denne veka. Carlo Allegri, Reuters/NTB Scanpix

Greta Thunberg har halde tale i FN om konsekvensane av klimakrisa. Men der den unge svensken held seg til å snakke om saka, spora det norske ordskiftet av i fyrste sving.

«Om de vel å svikte oss, vil vi aldri tilgje dykk», sa svenske Greta Thunberg i FN denne veka. Sånt seier ein ikkje utan å få ein endelaus runde om «tonen i debatten» tilbake.

Eg er eigentleg glad Thunberg truleg ikkje les norske aviser. For her heime har vi fått ein pinleg debatt om retorikk heller enn om innhaldet. Det går ikkje.

Ei anna kvinne frå Norden heldt faktisk òg ein tale same veke og i same bygg. Det er heller denne talen vi bør diskutere.

For vår statsminister Erna Solberg hadde ikkje ein einaste ny lovnad å kome med på klimatoppmøtet i FN. Sjølv om ho sit med all kunnskapen om kva som må til for å bremse dei farlege klimaendringane.

Ho får ramsalt kritikk frå ei samla miljørørsle her heime, fortel NRK. Er ikkje dét ganske mykje meir pinleg enn at ein sekstenåring blir forbanna av å tenkje på klodens framtid? Vi må snakke meir om orda til Solberg og mindre om orda til Thunberg.

Les også

Trump om opprørt Thunberg: – Hun virker lykkelig

I Noreg haglar det med utrop som at Thunberg må bli beskytta mot seg sjølv og at ho er ute av balanse. Ikkje i grumsete kommentarfelt, men frå redaktørar, kommentatorar og Oslo-laget av regjeringspartiet Frp. «Thunberg og miljøbevegelsen kan hindre at klimasaken blir løst», skriv leiar av næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), hos NRK Ytring.

Dei er på nivå med USAs president Donald Trump, som skreiv sarkastisk på Twitter at Greta Thunberg «seems like a very happy happy young girl looking forward to a bright and wonderful future».

Den slags hersketeknikkar, om dei kjem frå Stortinget, Akersgata eller Det kvite hus, kan fungere for å stilne motdebattantar, særleg yngre kvinner. Hersketeknikkar fungerer derimot ikkje mot klimaendringar. Der fungerer berre handling.

VGs kommentator Astrid Meland hadde oppløftande nyhende til oss denne veka. Under tittelen «Kloden blir ikke ubeboelig» skreiv ho om dramatikken vi står overfor. «Men noen lyspunkter finnes», forklarte Meland:

«Analysene fra aktører som Statkraft, McKinsey, BloombergNEF og DNV GL, sier at utslippene vil toppe seg, for så å falle, slik at vi har kurs mot to – tre graders oppvarming og ikke fire – fem.»

Les også

FN-sjefen får ikke nye klimamål fra Norge

Astrid Meland har rett i éin ting: kloden blir ikkje ubebueleg – for henne. Men ved tre gradar blir det verre heitebølgjer, mykje meir nedbør, fleire meter høgare havnivå og krise for korallrev og skogar. Det blir flyktningstraumar, masseutrydding av artar og politisk uro.

Om det ikkje går an å ta orda til ein sekstenåring på alvor: Desse scenaria er det Cicero og Miljødirektoratet som har kome med. Så jo, kloden kan rett og slett bli ubebueleg mange plassar.

Å snakke om tre gradar global oppvarming som eit lyspunkt, er som å meine at det er bra å høyre at det berre er delar av huset ditt som står i brann.

Men ok, det finst faktisk lyspunkt. Greta Thunberg er eitt av dei. Det viktige er likevel at ho ikkje er åleine. Når statsleiarane – vår eigen inkludert – ikkje tek dei naudsynte grepa, har Thunberg følgje av ein heil ungdomsgenerasjon.

På sjølvaste julaftan skreiv BT på leiarplass at «sjansen er stor for at det sit ein femtenåring ved bordet i eitt av årets juleselskap. Lytt og lær. Noreg er fullt av Greta Thunbergar».

Det har heldigvis berre blitt meir sant på dei ni månadene som har gått.

Og Greta Thunberg sjølv? Ho har skifta omtalen av seg sjølv på Twitter.

No er ho «a very happy young girl looking forward to a bright and wonderful future».