Tvangsfôring, trubadur og skjult stripping. Alt for å få drikke ei øl.

Bergens uteliv er prisgitt Bergens skjenkepolitikk. Ingen reglar og næringar blir utsett for fleire politiske krumspring.

Bli med på ei reise i Bergens skjenkepolitikk.

Publisert: Publisert:

Enkelte hevdar det blei servert med majones og reker. Andre seier det var toppa med kaviar.

Det alle er einige om, er at eit halvt egg var kjenneteiknet til Café Opera på 80-talet. Utan å først kjøpe det, fekk du ikkje kjøpe øl. Det var nemleg eteplikt på mange av Bergens skjenkestader.

På andre barar skal same skive brød ha blitt selt om igjen fleire gonger i løpet av kvelden. Dei fleste visste det berre var eit alibi for å få kjøpt det ein eigentleg kom for. Berre nokre få stakkarar var svoltne og hadde faktisk lyst på den velbrukte toasten dei kjøpte.

Café Opera opna i 1985, og fekk skjenkeløyve med eteplikt. Det førte til eit kreativt utval smårettar.

Ingen lover blir endra oftare enn skjenkereglane. Inga næring blir utsett for fleire politiske krumspring. Og det er truleg ingen plass i Noreg at skjenkepolitikk får meir merksemd enn i Bergen.

Les hele saken med abonnement