Mikrokreditt som frigjerande kraft

Det er ei tildeling i Ole Danbolt Mjøs' ånd, for han har eit vidt syn på fredsarbeid. Leiaren i Nobelkomiteen har oppdaga at også kyniske økonomiar har fått trua på mikrofinansiering.

  • Olav Kobbeltveit

Det var nok somme som rista undrande på hovudet då Ole Danbolt Mjøs — det gode mennesket frå Stord og Osterøy - i går offentleggjorde vinnaren av årets fredspris. Muhammed Yunus har hittil vore ein mann for spesielt interesserte, og banken hans - Grameen Bank - har ikkje vore dagleg tema ved norske lunsjbord. No har Nobelkomiteen løfta fram både mannen og banken hans, og det kan det - viser det seg - vera gode grunnar til. For kamp mot fattigdom er kamp for både frigjering og fred.

Ideen om mikrofinansiering er blitt suksess. Først i Bangladesh, seinare i mange andre fattige land. Dei fattigaste blant dei fattige, som ingen ordinære bankar ville gje lån, har med mikrofinansieringa fått litt pengar mellom hendene. Det har vore ei god investering, på fleire vis. Dei fattige er blitt litt mindre fattige, og banken får att pengane sine. Tilbakebetalingsprosenten er oppe i 99.

Men Nobelkomiteen er i godt selskap. For Kofi Annan, generalsekretær i FN, lanserte den 18. november 2004 bodskapen som fortalde at 2005 skulle vera Det internasjonale året for mikrokreditt. Det var ein bodskap som nok gjekk hus forbi både her og der. Men høgt oppe i FN-systemet hadde dei lagt merke til Muhammed Yunus og banken hans, og dei såg at det var blitt grøderikt der han for fram.

Muhammed Yunus er professor i økonomi. Han gjorde ei oppdaging som ikkje var ny: Fattige folk fekk ikkje lån, oftast fordi dei ikkje kunne stilla tryggleik eller garantiar for pengane. Dermed hamna fattigfolket i klørne på profesjonelle pengeutlånarar, og det er karar som veit å ta seg betalt. Skyhøge renter er regelen, og som oftast fører det låntakaren ut i endå større elendigheit.

Satsa på kvinnene

Muhammed Yunus gjorde ei oppdaging til: Han kom til at det var betre å satsa på kvinner enn på menn. Det gav større utbyte. Grameen Bank skipa han i 1983, og banken hadde i 1997 over to millionar låntakarar berre i Bangladesh. Drygt 82 prosent av låntakarane er kvinner.

Bankideen har slått rot i andre deler av verda. Rundt tusenårsskiftet fanst det tilsvarande bankar i 57 land. Også i Noreg er det skipa såkalla kvinnebankar, dei fleste i Nord-Noreg. Første kvinnebanken var eit prosjekt i Lofoten-kommunane Flakstad og Moskenes. Tre grupper med fem kvinner i kvar fekk alle ein startkapital på 200.000 kroner og 30.000 kroner til kurs og administrasjon.

Det som på norsk neppe blir meir enn eit marginalt fenomen er i andre land blitt store greier. Den kanadiske journalisten Irshad Manji - muslim og islamreformator med fast tilhald i Aserbajdsjan - hevdar at mikrokreditt er den beste hjelpa verdssamfunnet kan gje til kvinner i muslimske land. Dersom fattige kvinner kan gjerast om til forretningskvinner, er det ein god ting i seg sjølv. Men i tillegg, trur Manji, vil det føra til at islam lettare kan reformerast i meir moderne lei. Det er, slik han ser det, nesten like viktig.

I Aserbajdsjan får Manji støtte i reformarbeidet frå Norwegian Humanitarian Enterprise (HTE). Dei har drive med mikrofinansiering i to år, og prøver å gje kundane ei løn til å leva av gjennom at dei anten skipar eiga verksemd, eller utvidar den dei alt er i gang med. Det tryggaste er å satsa på folk som alt er i gang med eit prosjekt, for då kan ein nesten rekna med at det er folk med tak i, sa Ruth Ingrid Ulstein Bøe i HTE til Bergens Tidende i februar i år.

Noko for oljefondet?

Mikrofinansiering er blitt ei verdsomspennande rørsle, og mange mikrobankar kan visa til glimrande resultat. Glimrande resultat for banken, og - endå meir oppløftande - glimrande resultat for dei låntakarane som har fått sjansen til å arbeida seg ut av fattigdommen. Folk flest er i desse tilfella både dårleg utdanna og svært fattige. Men dei viser seg altså å vera svært pålitelege i pengesaker. Den svenske Styrelsen för internationellt samarbete fortel om suksessrike mikrofinansieringsprosjekt i Bolivia, Sør-Afrika, Tanzania, Nicaragua og Afghanistan. Andre held fram Indonesia som eit føredøme innan mikrofinansiering.

Sånn sett er det ikkje så rart at Frederic Hauge i Bellona har utfordra Jens Stoltenbergs raud-grøne regjering til å bruka oljefondet på ein ny og konstruktiv måte. Hauge vil ha på plass mikrofinansiering av berekraftig energiutbygging i utviklingsland. Mange utviklingsland har stor tilgang på solskin, men manglar finansiering til å utnytta solenergien. Her kunne litt hjelp frå det norske oljefondet vore til stor nytte.

Når suksessen er så overtydande, og det norske oljefondet så forskrekkeleg stort, burde kanskje trekløveret Jonas Gahr Støre, Erik Solheim og Helen Bjørnøy finna fram til eit felles opplegg som kunne få gjennomslag i regjeringa?

FN slår fast at mikrofinansiering er ein svært god metode for eit land som vil gje hjelp til fattige i utviklingsland. Tradisjonell norsk u-hjelp er ikkje berre solskinshistorier. Nobelkomiteens pristildeling til Muhammed Yunus har gitt ekstra tyngd til Frederic Hauges utfordring.