Monica og eg

No ligg landets framtid i hendene på ei brysk dame med Fila-sandalar.

Publisert Publisert

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland teiknar og forklarer om korleis vi skal oppføre oss. Det kan ho godt halde fram med, synst eg. Foto: Skjermdump frå regjeringa

  1. Leserne mener

Korleis skal vi kome oss gjennom dette? Når NRK formidlar dommedagsprofetiar i beste sendetid og Sp-ordføraren i Gloppen vil stengje polet?

Mitt triks er dei daglege pressekonferansane med Høgres justis- og beredskapsminister Monica Mæland. Der er det klar tale.

Bli inne. Følg reglane. Reis heim frå hytta. Gje labb. Rull rundt. Innfør djuptgripande kriselov.

Eg er villig til å gjere kva som helst så lenge Monica Mæland seier det.

Ho har ti år bak seg som byrådsleiar i Bergen. Det er ein jobb som eigentleg inneber permanent krisehandtering.

Dei siste dagane har Mæland vore i karantene og hatt sendingane heimanfrå. Der har eg plukka opp eit par interiørtips:

Ha alltid eit par rullebanner med «Norge» og «Norway» (og gjerne «Noreg») liggjande. Og skaff deg gjerne eit kjekt ståbord.

Eg trur vi kan sjå fleire heimeskule-foreldre «ta ein Mæland» dei neste dagane. Ståbord og rullebanner gjev meir autoritet enn å sitje ved kjøkenbordet og vræle «no får det pokker meg vere nok» så både naboar og webmøte-kollegaer høyrer det.

Onsdag var Mæland som vanleg plassert ved ståbordet sitt for å gje landet kvilepuls. Det er noko med dragninga mot det autoritære i tøffe tider, trur eg.

Monica Mæland sa ho var imponert over oss. At vi var flinke. Det gav meg litt den same kjensla som dei gongane rektor kom innom klassen og fortalde at no gjekk det snakk om den fine veggavisa vi hadde laga, så ho ville sjå det med eigne auge.

På fottøyet skal storfolk kjennast. Foto: Skjermdump frå Instagram-kontoen til Høgre

I ettertid har det kome ut eit oversiktsbilete frå den digitale pressekonferansen. Og der, under ståbordet, hadde Mæland iført seg eit par Fila-sandalar. Sånne som passar i fellesdusjen, Syden eller andre djupt sosialdemokratiske plassar.

Då tenkte eg: Monica: du er kanskje betre enn oss. Men du er likevel ein av oss.

Og blei endå litt tryggare.

Publisert