Den arabiske våren lever

Åtte år etter at revolusjonen starta, fell framleis diktatorar i den arabiske verda. Det gir håp til millionar.

REVOLUSJON: Alaa Salah er blitt ansiktet til revolusjonen i Sudan, etter at eit bilete av hennar tale til demonstrantane i Sudan spreidde seg over heile verda. AFP

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Den arabiske våren spreidde seg som eld i tørt gras i 2011. Fleire brutale diktatorar vart avsette av folket, etter tiår med tyranni.

Men så sa det stopp. Vår vart til haust, og overgrepa mot folket heldt fram i regionen. Fleire land som hadde opplevd framgang, møtte no veggen.

Årets vår gir difor eit håp om at den arabiske våren lever. Folket i Algerie og Sudan har kasta sine diktatorar. Men først om der det gjekk galt:

Hosni Mubarak styrte Egypt i 29 år. Han vart erstatta av ein demokratisk vald president, som vart styrta i eit militærkupp. No er Egypt eit minst like brutalt diktatur som det var under Mubarak.

Muammar Gaddafi styrte Libya i 42 år. Han vart drepen av Nato-støtta opprørarar, og landet er framleis i borgarkrig. Nato bomba regjeringsstyrkane, og så trakk alliansen seg tilbake. Folket står igjen, midt i krigen.

Ali Abdullah Saleh styrte Nord-Jemen og Jemen i tilsaman 34 år. Han vart avsett, og krigen om Jemens framtid pågår framleis. Her står regionale stormakter på kvar si side, og dei som starta revolusjonen er blitt gløymde.

FENGSLA: Den valde presidenten i Egypt, Mohamed Morsi, vart avsett i eit militærkupp i 2013. Tarek el-Gabbas, TT NYHETSBYRÅN (Arkiv)

I Syria kom folket aldri så langt at dei fekk avsett Bashar al-Assad. Fleire hundre tusen sivile er drepne i borgarkrigen, og millionar er sende på flukt. I kjølvatnet av krigen tok terrorgruppa IS nesten all merksemda, slik at Assad fekk knuse opprøret i fred. Assad har gjenvunne kontrollen, blant anna ved å bruke kjemiske våpen.

Landet hans er øydelagt, men han styrer. Det er nok det einaste som betyr noko for sånne som Assad.

Det er lett å bli dystopisk når ein ser på korleis den arabiske våren har utspelt seg. Men det finst lyspunkt. Våren starta i Tunisia, der Ben Ali var den første diktatoren som trakk seg.

Landet er framleis langt frå eit liberalt demokrati, men her har våren bore frukter. I år skal Tunisia arrangere sitt tredje parlamentsval og sitt andre presidentval sidan Ben Ali vart kasta.

I 2014 tapte det moderate islamistpartiet Ennahda makta. Eit av dei fremste teikna på demokrati, er at makthavarar gir frå seg makta når dei taper val. Det skjedde i Tunisia.

ALGERIE: – Avgangen til Bouteflika er mest symbolsk. Men symbolsigrar gir håp, skriv Morten Myksvoll. Toufik Doudou, TT NYHETSBYRÅN

Og no er det vår igjen. Sjølv åtte år etter opprøret starta, fell diktatorar. I Algerie førte langvarige protestar til at Abdelaziz Bouteflika trakk seg etter å ha styrt Algerie i 20 år.

Maktskiftet i Algerie er talande for kor stor makt militæret har. Utan deira støtte, hadde ikkje Bouteflika noko anna val enn å trekkje seg.

Men det var ikkje generalane som leia an. «Dei såg eit militære som likna for mykje på folket som gjorde opprør», skriv Sharan Grewal i Washington Post. Han samanliknar retorikken i Algerie med den som dominerte i Egypt. Demonstrantane hylla militæret, og omtala dei som brødre.

Det er lite generalane kan gjere, dersom soldatane ikkje er villig til å skyte.

Avgangen til Bouteflika er mest symbolsk. Helsa hans var så skral at han knapt klarte å signere avgangsbrevet sitt. Det er militæret og etterretninga som har styrt mykje av Algerie dei siste åra. Det regimet har framleis makt.

Det utløysande for Bouteflikas avgang, var at forsvarssjefen sa at han støtta folket i Algerie. Ein ting er å seie det, men å gjere det til ein realitet er noko heilt anna.

Men symbolsigrar gir håp. Håpet har òg kome til Sudan.

Les også

Håp og uvisshet preger Algerie

Omar al-Bashir styrte Sudan i 30 år. Nyleg tok militæret over styringa, og det er usikkert korleis overgangen til eit slags folkestyre skal gå. Om det i det heile tatt skjer.

Folket har med rette låg tillit til at militæret skal gi frå seg makta igjen.

Framleis er det ingen teikn til endring. I sin første utanrikspolitiske avgjersle, har det nye militærstyret bestemt seg for framleis å krige på Saudi-Arabias side i Jemen.

Al-Bashirs regime er ansvarleg for ei lang rekkje kriminelle handlingar, og militæret er medskuldig. Folkemordet i Darfur og konflikta som førte til sjølvstende for Sør-Sudan er dei mest kjende.

Ingen veit korleis overgangen frå al-Bashir til eit folkestyre går. Men det er verdt å glede seg over at mannen bak dette no er ute av maktposisjonen sin.

AVSETT: Abdelaziz Bouteflika og Omar al-Bashir på eit møte i Sudan i 2006. No er begge avsett frå maktposisjonane sine. AHMED JADALLAH / X90013

Den arabiske verda fortener fred, og dei fortener betre enn brutale diktatorar. Diverre møter dei altfor ofte ei nedlatande haldning frå vesten. Anten er ikkje Midtausten «klar for demokrati», eller så er ein redd for ustabilitet.

Når stabilitet er undertrykkjing, massakrar og folkemord, så er det berre bra med ustabilitet. Det er den einaste måten å kvitte seg med den kreftsvulsten som desse mektige mannfolka har vore for sine land.

Europa har vore gjennom liknande revolusjonar, og utan dei ville ikkje kontinentet vårt vore så fritt som det er i dag. Det er lett å gløyme kor blodige desse kampane var, når dei har kome på avstand.

Det er diktaturet som fører til slike blodige revolusjonar. Den arabiske våren hadde aldri skjedd om det ikkje var for dei «stabile regima», som har undertrykt befolkninga i tiår etter tiår.

Ein kan ikkje ignorere folks ønskje om fridom.