Støre slapp med skrekken

Livet vart litt lettare for Jonas Gahr Støre onsdag føremiddag. Fellesforbundet vil ikkje seie opp EØS-avtalen.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

JUBEL: Leiar Jørn Eggum og nestleiar Steinar Krogstad pusta letta ut, då det onsdag vart klart at deira forslag til EØS-kompromiss vann med stor margin på landsmøtet i Fellesforbundet. Vidar Ruud

Ap-leiinga har eitt problem mindre. Fellesforbundet, det største og mest symboltunge forbundet i privat sektor, vil ikkje krevje at EØS-avtalen blir sagt opp. Eit fleirtal for oppseiing, ville truleg ført til fleirtal for det same på LO-kongressen i 2021. Det ville gitt Ap eit problem i valkampen.

Men slik gjekk det ikkje. Eit overraskande stort fleirtal, 300 mot 218 delegatar, sa onsdag nei til eit forslag om at Noreg skal melde seg ut av EØS. Då forbundet stemte over saka for fire år sidan, tapte nei-sida med berre tre stemmer.

Å tolke dette som at EØS-motstanden har blitt redusert, er litt for enkelt. I fleirtalet i redaksjonskomiteen var det både nei- og ja-folk.

For nei-sida var det viktig at forbundet no krev ei utgreiing av alternativa til ein EØS-avtale, som ein frihandelsavtale. Dessutan fekk dei sterkt EØS-kritiske transportarbeidarane inn ei rekke krav til tiltak som skal betre deira kår.

Kravet om utgreiing av alternativa til EØS vil truleg òg bli eit krav frå heile LO, når kongressen møtes våren 2021. I så fall må Ap-leiar Jonas Gahr Støre truleg bite i seg orda han kom med på landsmøtet tysdag. Han avviste der nok ein gong ei slik utgreiing.

Men viss eit samla LO står bak kravet, i tillegg til Aps raudgrøne regjeringspartnarar SV og Senterpartiet, blir det vanskeleg for Støre å stå i mot.

Grunnen til motstanden frå Støre, er at han og andre meiner ei utgreiing kan skape uvisse for investorar og næringsliv om rammevilkåra framover. Inntrykket blir forsterka av at dei to nei-til-EØS-partia SV og Senterpartiet har fremja forslaget to gonger på Stortinget.

Ei utgreiing vil difor krevje alt Støre kan mobilisere av diplomatisk kløkt, for å overtyde næringslivet om at ei slik utgreiing er uskuldig. Det burde vere mogeleg.

Langt hyggelegare for Støre er Fellesforbundets krav om at meir må gjerast innanfor EØS-avtalen for å bøte på problema arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa skaper. Det går rett inn i Støres retorikk om at «det er Erna som er problemet, ikkje EØS».

For Ap ligg det her store mogelegheiter til å skape eigen politikk, og markere avstand til Solberg-regjeringa.

Men det vil neppe skje utan kamp. Høgre ønskjer å ha ein brei sosial profil, og har gjort fleire ting for å kome LO i møte dei siste åra, som å skrote innstrammingar i sjukelønsordninga.

Ein ting som skal bli interessant å sjå er om regjeringa no vil stramme inn bruken av bemanningsbransjen. Fellesforbundet krev at bemanningsbyrå blir forbodne, i alle høve i enkelte bransjar og regionar. Jonas Gahr Støre opna for å støtte det, då han talte til landsmøtet tysdag. Høgre vil neppe gå så langt.

Den første bransjen som kan få eit slikt bemanningsforbod vil truleg vere bygg og anlegg, kanskje avgrensa til dei store byane. Tyskland har allereie eit slikt forbod.

Norske bygningsarbeidarar må truleg vente til etter valet i 2021 med å få det same, med mindre Erna overraskar og viser at heller ikkje ho er noko «problem».