Av og til må statsrådar faktisk gå av

Politikarar må ta ansvar, og ikkje berre bli sitjande.

Publisert Publisert

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

  1. Leserne mener

Det er vanskeleg å forstå kva som må til for at ein statsråd skal gå av. Store kriser kan gå over, medan småsaker kan vere nok.

Kvar gong norsk politikk står midt oppi ei skandale, vert saka samanlikna med tidlegare saker. Og no står me her, midt i Nav-skandalen. Det er den mest omfattande rettsskandalen i norsk historie.

Det er naturleg å spørje om arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) må trekke seg. BT har konkludert på leiarplass med at ho bør gjere det. Samanlikninga med andre typar skandalar, er derimot ikkje like god.

Det har faktisk ikkje så mykje å seie for Hauglies framtid som statsråd, at Åslaug Haga (Sp) gjekk av på grunn av eit stabbur, eller at Sylvi Listhaugs (Frp) Facebook-post førte til at ho måtte gå. Sakene er nemleg svært ulike.

I boka «Politiske skandalar» går Kim Arne Hammerstad gjennom kva som kjenneteiknar – ja – politiske skandalar.

Gjennom ei grundig kategorisering av skandalane, gjer Hammerstad det lettare å manøvrere i denne politiske vekstnæringa. Han registrerte sju politiske skandalar berre i 2018.

GJEKK AV: Per Sandberg og Bahareh Letnes møtte pressa etter at Sandberg gjekk av som fiskeriminister i 2018. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix (Arkiv)

Sjølv om ein går tilbake til 2013, er det berre to saker som er i same kategori som Nav-saka, såkalla maktskandalar. Den første er kostnadssprekken i stortingsgarasjen, som førte til at Olemic Thommessen (H) måtte gå av som stortingspresident.

Den andre var Per Sandbergs (Frp) mobilbruk i Iran, som PST såg på som ein tryggleiksrisiko. Sandberg trakk seg etter kort tid som fiskeriminister. Men i desse sakene var politikaren direkte involvert i saka. Slik er det ikkje alltid.

Anniken Hauglies handtering av Nav-saka er eit døme på akkurat det. Ho kan sjølvsagt bli felt på at hennar involvering var feil, eller kom for seint.

Men ho kan òg bli felt på sjølve systemfeilen som gjorde ein urett mot borgarane. Det kan verke urettferdig, men det må vere slik.

  • PODKAST: «Nokon må gå» diskuterer Frp, Nav-skandalen og Førde

Ein statsråd kan aldri vite alt om kva som skjer i alle etatane, som til dømes Nav. Ansvaret skal sikre at den politiske leiinga er interessert i å vite kva som skjer på godt og vondt i organisasjonane statsråden er politisk leiar for.

Ansvaret som ligg i at ein kan måtte gå av for noko ein ikkje har hatt noko med å gjere, bidreg til at informasjon flyt oppover i systemet.

I Nav-skandalen har både etat, departement og statsråd reagert for tregt. Hadde Riksadvokaten fått beskjed tidlegare, hadde fleire unngått å blitt dømt til fengsel på feil grunnlag.

Det er ikkje nødvendigvis feilen til Nav som bør føre til Hauglies avgang, men den seindrektige handteringa til Nav-systemet og hennar eige departement.

Les også

Eirin Eikefjord: Utkast til konklusjon på Nav-skanda... saken

Dersom Hauglie ikkje går av, signaliserer regjeringa at statsråden ikkje eigentleg kan lastast for saka. Når eit system ikkje fungerer slik det skal, må det få konsekvensar. Elles er det vanskeleg å sjå korleis det skal bli betre.

Regjeringspartia meiner at Hauglie kan ta ansvar ved å bli sitjande. Ho kan nemleg rydde opp. Men det kan nokon andre gjere òg. Slik Nav-saka har blitt, tar Hauglie ikkje ansvar ved å bli sitjande.

Tvert imot. Det er uansvarleg.

Om Hauglie går av, anten ved mistillit eller etter press, er det ingenting i vegen for at ho kan bli statsråd igjen ganske raskt. Sylvi Listhaug (Frp) ville fått eit fleirtal mot seg i Stortinget i 2018, og trakk seg same morgon.

Litt over eitt år seinare var ho tilbake i statsrådet.

Avgangen vil likevel vere viktig.

For dette handlar ikkje berre om Hauglie eller om Nav. Behovet for å plassere ansvar er viktig for at politiske leiarar skal ta ansvar i framtida. Elles blir dei berre sitjande, medan befolkninga mister tilliten til politikarane.

Publisert