Amors app-ar

Publisert Publisert
  • Asbjørn Kristoffersen

VALFRIDOM: På appar som Tinder kan du velja og vraka potensielle partnarar. Foto: NTB SCANPIX

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det er vel omtrent som å gå på husjakt. Nyoppussa, fint brukt, renoveringsobjekt. Bodkrig, treg omsetning, hyllevarmar. Men utan tekniske takst. Utan garanti for skjulte manglar. Uregjerlege, uregulerte marknadskrefter. Kontraktar som er til for å brytast. Berre Amors app-ar kan halda styr på Amors piler. Nokon som passar for meg krev finsikting.

Likar å gå på tur? Frå kafé til kafé? Frå byfjell til byfjell? På ski over Grønland?
Elskar heimekos? Minimalistisk? Maksimalistisk? Netflix? HBO? Tacos? Sushi? Vaflar med kviteseidsmør og fløytemysost?

Elskar heimekos og bilturar? Volvo? Tesla? Skoda? Lothepus?

Må ha gummistøvlar? Raude, med eller utan brett? Må ha gummistøvlar og regnfrakk? Men ikkje sydvest? Må ha vaskebrettmage? Må ha fyldige former og fagbrev?

Det er ein jungel der ute.

Før nettet, før app-ane, fanst det berre grovsortering og lotto. Ukalibrert. Heimekos utan raude gummistøvlar. Lothepus utan mage, rumpe, lår. Fyldige former og fagbrev som hyllevarer. Jungelen var for stor og for fårleg til å utforskast. Like barn leika best, og rike barn var likare enn andre barn. Marknadskrefter på lågkarbo-diett.

App-ar er den nye macheten. Jungelens stiar er opna, jungelens skattar er openberra, marknaden er fri og uregulert og globalisert.

Utvalet er uendeleg for dei som søkjer nokon som passar for seg. Men omtrent som med husjakt er det lett for å strekkja seg lenger enn rørospleddet i rein ull frå utegangarsauer rekk. Fri marknad er ikkje for utrente småkårsfolk med hengjevom og nistemat i slipset. Dei må nøya seg med sjå, ikkje røra, med danske interiørmagasin og digitale annonsar.

App-ar er det nye dopet. Sjølv om du har fast fisk, finst det alltid større varp. Sjølv om du nett har flytta i nytt hus, er det ikkje dumt å skaffa seg oversikt over marknadsutviklinga. Det er då du bør vurdera å bli før-appistisk i hovudet:

Hvorfor skal man dra, til store byer da, når lykken bor hjemme i Lillesand?

Publisert