Ei ny barnevernsskandale rammar Bergen. Men byrådsleiaren er på seilas.

Her klatrar byrådsleiar Roger Valhammer i masta på Statsraad Lehmkuhl, utanfor kysten av Japan. Valet om å reise dit no, vitnar om dårleg dømmekraft.

Eit velmeint råd: Roger Valhammer, kom deg heim.

Publisert: Publisert:

Politiet fann han i august, bunden til senga si. Den sju år gamle guten hadde skader over heile kroppen.

No viser det seg at faren som er sikta for mishandling, prøvde å få hjelp av barnevernet over ein månad før.

Barnevernet kalla han inn til oppfølgingssamtale. Ei stund etter det planla dei å dra på besøk, men fann ikkje rett leilegheit. Så då venta dei.

Ni dagar seinare blei politiet varsla og fann guten. Synet som møtte dei var så alvorleg at betjentane får oppfølging i etterkant.

Saka har no laga politisk krise i Bergen.

Les hele saken med abonnement