Ap har knust endå eit glasgolv på sin veg nedover

Ordet krisemåling blir nesten for mildt. På dagens BT-måling får byrådsleiar Roger Valhammer og Ap tidenes dårlegaste resultat.

Det må vere flautt.

Publisert: Publisert:

Det går ei stund mellom kvar gong ei måling får det til å gå kaldt nedover ryggen hos oss journalistar, samstundes som me får sommarfuglar i magen.

Denne målinga er ei sånn.

Så er den også blant dei dårlegaste målingane for Arbeidarpartiet i Bergen nokon gong.

14,9 prosent er nær eit historisk lågmål. Det må vere flautt for partiet.

I fire år har Ap i Bergen strevd. Dei kom seg aldri ovanpå igjen etter at bompengepartiet stal veljarane deira.

Men med 14,9 prosent har Ap knust endå eit glasgolv på sin veg nedover.

Les hele saken med abonnement