Det er ikkje overtrampet som tar deg, men dekkoperasjonen

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil heller svare TV 2 enn Stortinget om sin Tiktok-bruk.

Endå ein justisminister har rota det skikkeleg til for seg sjølv.

Publisert: Publisert:

Emilie Enger Mehl (Sp) har brukt Tiktok på tenestetelefonen sin. Dagbladet stadfesta det for to veker sidan, men onsdag innrømma ho det sjølv i eit intervju med TV 2.

Timinga er påfallande. Tysdag stilte nemleg Høgre Tiktok-spørsmål til sjefen hennar, Jonas Gahr Støre (Ap).

Då NRK spurte Statsministerens kontor om saka, ville ikkje Støres folk svare.

– Stortinget vil, på vanleg måte, få svar på dette før me svarer media, sa statssekretær Kristoffer Thoner til statskanalen.

Det memoet fekk ikkje Mehl. Dagen etter at Høgre sladra til sjefen hennar, snakka ho ut hjå TV 2. Det var ikkje så viktig for henne å snakke med Stortinget først.

Les hele saken med abonnement