Medan verda står i kø for å kutte klimautslepp, står norske oljeselskap i kø for å bygge ut oljefelt

Norske skattebetalarar kan bli sitjande att med rekninga.

  • Hans K. Mjelva
    Hans K. Mjelva
    Kommentator i BT

Prisen på olje og gass vil gå kraftig ned viss klimapolitikken blir effektiv, viser fleire analysar. Det lovar ikkje bra for norsk økonomi, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Marit Hommedal / NTB

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I førre veka åtvara sjefen i oljeselskapet Aker BP om at det kan bli kø og ny prisvekst i leverandørindustrien dei komande åra.

Dette er ei gladnyheit for ein bransje som for eit år sidan frykta sin eigen undergang.

Likevel er det urovekkande når oljeselskapa står i kø for å bygge ut på norsk sokkel, medan EU, USA og ei rekke andre land vil kutte klimautsleppa kraftig innan 2030.

For investeringane i oljenæringa internasjonalt går kraftig ned.

Les også

Advarer om overoppheting i oljebransjen: – Kan skje fort

Den særnorske oljeboomen skuldast den svært gunstige skattepakken Stortinget vedtok i juni i fjor.

Pakken har ein tidsfrist for når investeringane må byrje, og difor renn bestillingane inn.

Då pakken vart vedteken i fjor, åtvara eg mot at han vil låse norsk industri til ein døyande bransje, altså oljebransjen. Den frykta har ikkje blitt mindre.

For samstundes som oljenæringa fyller ordrebøkene til norsk industri, har investeringane i fornybar skote i vêret og klimaambisjonane auka kraftig.

Stadig fleire oljeanalytikarar har difor rekna på kva dette kan føre til for prisen på olje og gass.

Tyske Potsdam Institute kom til dømes i førre veke med ein analyse av kva som vil skje med forbruket av gass i Europa, viss EU gjer alvor av sine klimaløfte. Dei meiner marknaden då blir redusert med 40 prosent innan 2030.

Det lovar ikkje bra for Noreg, fordi det vil presse prisen kraftig ned. Det aller meste av norsk gass går i røyr til EU og Storbritannia.

Sistnemnde auka nyleg òg ambisjonane for utsleppskutt til heile 78 prosent innan 2035. Det blir bortimot umogeleg utan å kutte i bruken av gass.

Enkelte spår at auka bruk av gass i Asia – som erstatning for kol – kan vege opp for dette.

Det kan vere, men prisane vil truleg vere langt lågare enn i Europa, der røyrleidningar har verna Noreg og Russland mot konkurranse.

Ei anna løysing er å gjere gassen om til hydrogen, lagre CO2en frå prosessen under jordskorpa. Det er noko av forretningsidèen til lagringsanlegget Norwegian Lights på Kollsnes, som er eigd av oljeselskapa Equinor, Shell og Total.

Slike utvegar finst ikkje for olje. Det er eit større problem, fordi oljen gjev dobbelt så høge eksportinntekter som gassen. Nye felt gjer at produksjonen av olje vil vekse igjen dei komande fem åra.

For eit par veker sidan rekna eit anna analyseselskap, velrenommerte Wood Mackenzie, på kva som vil skje med oljeprisen viss verda styrer mot å nå 2-gradersmålet.

Svaret var at prisen vil falle frå dagens nær 70 dollar fatet til 40 dollar i 2030, og vidare ned mot 10 dollar fatet i 2050.

Og dette er altså viss politikken blir rigga for å nå to gradars oppvarming.

Men mykje tyder på at målet på klimatoppmøtet i Glasgow i november vil bli ned mot 1,5 grader. Då trengst det endå strengare politikk, som vil gje endå lågare fossilbruk og oljepris.

Skattepakken til oljenæringa handlar om å flytte risiko for tap frå oljeselskapa til staten. Staten tek 90 prosent av rekninga for investeringane, mot å få att 78 prosent att i skatt når felta kjem i drift.

Men viss prisen på olje og gass blir så låg at overskotet blir lite eller ingenting, vil prosjektet gå i tap for skattebetalarane.

Dess billigare felta er og dess raskare dei kjem i produksjon, dess mindre er risikoen for tap. Difor er det ein stor fordel at mange av prosjekta som no stiller seg i kø, er nær eller i eksisterande felt.

Å stå ved oljenæringa har dei siste åra vore ei slags paradegrein for dei fire største partia på Stortinget. Det skuldast både at næringa er mektig, og at det har vore populært i store delar av folket.

Oljenæringa har gjeve Noreg ein fantastisk rikdom. Næringa tener framleis enorme summar, men det vil ikkje vare.

For sjølv om Noreg skulle gje blaffen i å nå klimamåla, blir det stadig mindre truleg at verda omkring oss vil gjere det same.

Publisert
  1. Klima
  2. Olje
  3. Gass
  4. Leverandørindustri
  5. Klimapolitikk

Les mer om dette temaet

  1. – Flere må utdanne seg innen olje og gass

  2. Vil flytte eier­skapet i Equinor

  3. – Har forlenga Noregs avhengigheit av oljen

  4. «Norsk oljepolitikk gamblar på at klimamåla mislykkast»

BT anbefaler

Her limer Åsane-spilleren ballen i krysset

Åsane vant generalprøven.

LES SAKEN